Kva kjem Cristian Romero til å tilføre Tottenham?

Cristian "Cuti" Romero vart kåra som den beste forsvarsspelaren i Serie A, ligaen som er spesielt kjend for sine langvarige tradisjonar med gode forsvarar og bra forsvarsspel, i 2020/21-sesongen. Dette gjorde at Tottenham valte å gjere midtstopparen til sin nest-dyraste spelar nokon gong i sommar. Korleis kjem argentinaren til å passe inn i laget? Blir han ein suksess i den liljekvite trøya? Det skal eg prøve å svare på, men først; litt om kva slags spelartype Romero er. 

Bilde: Tottenham Hotspur

Cristian Romero – aggressivitet personifisert

Spurs-fansen hugsar det godt frå førre sesong; tapte poeng etter ei dårleg involvering frå ein av midtstopparane, eller, i nokre tilfelle, mangel på involvering frå midtstopparane då motstandaren scora.

Sistnemnde kjem ikkje til å skje med Cristian Romero i midtforsvaret. 

Argentinaren er nemleg potensielt den mest aggressive midtstopparen ein kan finne i den europeiske toppfotballen. Han ventar ikkje på at motspelar skal foreta seg ei handling. Romero går til med alt han har med ein gong han ser ei moglegheit til å vinne att ballen eller forstyrre motspelar. 23-åringen er som ein innpåsliten klegg ein aldri blir kvitt dersom han først har bestemt seg for at han skal vinne tilbake ballen, og det er få spelarar som er like eksplosive i taklingane som "Cuti". 

Det siste kalenderåret står han med heile 2.92 taklingar og 2.75 avskjeringar per 90. minutt, i tillegg til å ha pressa ein motspelar 17.11 gongar per 90 spelte minutt – meir enn 99 % av alle midtstopparar i europeisk toppfotball. 23-åringen er med andre ord ekstremt intens, aggressiv og involvert når motstandar har ballen. I Champions League førre sesong, stod han att med 4.3 avskjeringar per kamp - mest av alle i heile turneringa. 

Cristian Romero sine statistikkar dei siste 365 dagane samanlikna med andre midtstopparar i europeisk toppfotball. Kjelde: Fbref via StatsBomb

Midtstopparens aggressive spelestil fungerer ofte, men er også med på å gjere at han plukkar opp ganske mange kort i løpet av ein sesong. I løpet av 102 kampar og tre sesongar i Serie A, står han med heile 39 gule og tre raude kort. Ein god del av frisparka han lagar, er i gode posisjonar like utanfor lagets 16-meter, noko som ikkje er spesielt fordelaktig for argentinarens lag. 

Men Romeros intense tilnærming til spelet gjer at han er i stand til å avverje fare før den dukkar opp. Og midtstopparen er ikkje berre energisk og aggressiv - han er svært god til å lese spelet og vite når han skal slå til for å vinne ballen frå motstandaren. Han er i stand til å lese ei pasning ganske lenge før den blir slått, noko som gjer at han kjem angriparen i forkjøpet og klarer å vinne att ballen framfor nasa på motspelaren som står klar for å ta imot pasninga. 

Sjølv om 23-åringen ofte lukkast med å stoppe angrep før dei i det heile tatt får spele seg ut, er han også kapabel til å rydde opp dersom motstandar for eksempel har klart å spele seg til ein sjanse. Romero er ganske rask, og kan ofte dukke opp som lagets redningsmann med ei lang tå eller ei sklitakling i siste liten. Mot Inter førre sesong, lukkast Romero med å ta igjen Romelu Lukaku og hindre det som såg ut som ei sikker scoring. Det er det ikkje mange midtstopparar som klarer. 

Farta gjer også at han er komfortabel med å bli dratt ut av posisjon, gjerne ut på sidene, noko for eksempel Eric Dier og Toby Alderweireld heilt tydeleg var ukomfortable med å gjere i Spurs-drakta førre sesong. 

Midtstopparar som er aggressive, les spelet bra og er raske har gjerne ein ting til felles: mangel på ein robust fysikk og duellstyrke. Sjølv om Romero har desse ferdigheitene, er han ein svært fysisk og sterk spelar som bruker det til sin fordel. Om ein motspelar hamnar i nærkontakt med 23-åringen, brukar han gjerne si kompakte kroppsbygning til å skubbe vekk motspelaren med skuldra si. Då Romero var 20 år gamal og spelte for Genoa, brukte han den robuste fysikken sin til å skubbe vekk Mario Mandzukic, ein svært fysisk angrepsspelar, i ein nærduell. Han er rett og slett eit monster å møte 1-mot-1. 

Og sjølv om Romero "berre" står med 185 centimeter på strømpelesten, er han overraskande god i lufta. Midtstopparen brukar fysikk, spenst og timing for å slå motspelarar i lufta, og lukkast litt over 2/3 av tida med 68 % av sine duellar i lufta vunne i Serie A førre sesong. For å samanlikne, vann både Davinson Sanchez (60 %) og Eric Dier (59 %) ein betydeleg mindre andel av sine duellar i lufta i Premier League førre sesong. Det skal seiast at Romero har forbetringspotensial når det kjem til å forsvare gode innlegg og dødballar, men totalt sett er han ei oppgradering også i luftromet samanlikna med resten av Spurs-midtstopparane. I opningskampen mot Manchester City i noverande sesong, kom han inn på overtid og rakk å vinne to duellar i lufta på svært kort tid. 

Evnene hans i lufta gjer også at han er farleg på offensive dødballar. 23-åringen kjem høgt og ruvar i lufta, og lukkast godt med å kome seg vekk frå markøren sin. Førre sesong scora han to mål i Serie A og eitt i Champions League. Han leverte også to målgivande pasningar, og hamna tidvis høgt oppe i bana med ballen i beina, mykje på grunn av måten Atalanta spelar på. 

Romero er også kapabel med ballen i beina og i pasningsspelet. Han likar å halde pasningane korte, gjerne til næraste back eller midtbanespelar, men argentinaren kan også diske opp med ei god langpasning i blant. Det som er merkbart når ein ser Romero med ballen i beina, er at han svært sjeldan blir stressa og slår ballen vekk i frykt for at motspelar skal stele den frå han. Dette kan gjere at han tidvis mistar ballen i farlege posisjonar, men som regel gjer dette at han for eksempel kan setje i gang kontringar eller overgangar etter å ha vunne ballen frå ein motspelar. 

Cristian Romero liknar på mange måtar på tidlegare Spurs-midtstoppar Vlad Chiriches med ein aggressiv og risikofylt spelestil – men argentinaren er rett og slett ein mykje betre og meir raffinert fotballspelar enn rumenaren. 

Korleis passar argentinaren inn i laget?

I Atalanta spelte Cristian Romero stort sett i midten av midtforsvaret i Gian Piero Gasperini sitt 3-4-2-1-system:


Nuno Espirito Santo spelte omtrent utelukkande med ei trebackslinje i 2017/18, 2018/19 og 2019/20 i Wolverhampton før han i førre sesong eksperimenterte med ei firebackslinje, som han stort sett brukte før han kom til Wolverhampton sommaren 2017. Dersom Espirito Santo bestemmer seg for å spele med ei trebackslinje med Spurs, kjem det til å passe Romero svært godt.


Men i sine første Premier League-kampar som Tottenham-manager, har Espirito Santo satt opp i ein hybrid av 4-3-3 og 4-2-3-1, altså eit system med ei firebackslinje. Slik Spurs har starta sesongen, ser det usannsynleg ut at den portugisiske trenaren skal endre til ei trebackslinje i aller næraste framtid. 

Ser ein på Romero sitt varmekart, kan det sjå ut som om argentinaren trivst litt betre med å opphalde seg og utføre handlingar på høgresida av bana, samanlikna med venstresida. 


Det gjer at Espirito Santo potensielt vel å plassere Romero til høgre i midtforsvaret når han skal byrje å starte kampar i ligaen. 



Samtidig har Romero eit ferdigheitsregister som tilseier at han skal kunne prestere på omtrent like høgt nivå på venstresida av midtforsvaret samanlikna med høgresida. Det kan fort vere prestasjonane til Eric Dier, som har spelt til venstre i midtforsvaret, og Davinson Sanchez, som har spelt som høgre-midtstoppar, som bestemmer kva plass Romero skal ta og kva side han skal spele på. 

Blir Romero ein suksess i Spurs-trøya?

Midtstopparposisjonen blei av mange peika på som den største akilleshælen i Spurs-laget etter 2020/21-sesongen og inn i sommarvindauget. Eric Dier og Davinson Sanchez presterte dårleg førre sesong, Toby Alderweireld byrja å merke alderen, Japhet Tanganga sleit med skader, og trass i at Joe Rodon tidvis presterte bra og viste potensial, klarte han ikkje å verkeleg etablere seg i laget. 

Sjølv om Davinson Sanchez og Eric Dier har prestert bra i starten av 2021/22-sesongen med tre reine i dei første tre serierundane, er det berre eit tidsspørsmål før Romero etablerer seg i midtforsvaret og spelar fast i Tottenham sin førsteellevar. 

Romero kjem frå ein svært god sesong der han var ei svært viktig brikke i eit Atalanta-lag som til slutt hamna på 3. plass i Serie A. 23-åringen imponerte også stort for Argentina i Copa America, og var vital i Argentinas første turneringssiger på svært lenge. 

Det er mykje som tilseier at Cristian Romero skal bli ein stor suksess i Tottenham-trøya. Han er i verdstoppen på visse område og har heilt tydelege spisskompetanser i spelet sitt. Han har vist at den aggressive spelestilen fungerer bra mot angriparar av høg klasse i Serie A, deriblant Cristiano Ronaldo og Romelu Lukaku. Det meste tyder på at han skal passe Premier League som hand i hanske. 

Men så skal det presiserast at Gasperini sin filosofi, spelestil og system i Atalanta, passa Romero heilt perfekt. Der har han fått ta store risikoar, vere så aggressiv som mogleg og spele på dei store styrkene sine. Kva skjer når han no skal spele i eit anna system under ein trenar med ei anna tilnærming til fotball enn Gasperini? Kan nokre av Romero sine manglar ha blitt maskerte av det gode systemet Gasperini skapte i Atalanta? Det treng ikkje nødvendigvis å stemme, men sjansane er til stade for at Atalanta sin "høgoktan-fotball" kan ha gjort at ein har oversett manglar i Romero sitt spel. 

I Nuno Espirito Santo sine lag er forsvararane meir konservative og reserverte enn i Gasperini sitt Atalanta. Korleis vil det slå ut for Romero? Vil det gjere han frustrert, og gjere at han ikkje får utløp for aggressiviteten sin? Potensielt. Samtidig er Espirito Santo sine lag og system ganske gode til å beskytte midtstopparane, noko ein har sett med Sanchez og Dier i sesongopninga, så Romero kjem ikkje nødvendigvis til å sjå dårlegare ut. Men det er ikkje sikkert det er med på å framheve styrkane hans heller. 

Det blir ekstremt interessant å sjå korleis Romero gjer det i Spurs når han først får etablert seg i laget. Personleg trur eg han kjem til å bli ein suksess og favoritt blant Spurs-fansen allereie etter komande sesong. Han kjem til å trenge tid til å tilpasse seg laget, ligaen og livet i eit anna land, men Romero verkar å vere ein såpass god fotballspelar at eg ikkje ser for meg korleis han skal feile. Ja, det kjem til å kome nokre feil, unødvendige frispark imot og kort - men dei positive aspekta av spelet hans veg mykje tyngre enn dei potensielt negative. 

Spurs trengte ein kompromisslaus og nådelaus midtstoppar, som samtidig kan bidra i det oppbyggande spelet. Det har dei fått i Cristian Romero. Eg trur han blir ein klippe i Tottenham-forsvaret dei komande åra, og ein stor favoritt blant lagets fans. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?