Tottenhamspelarane i VM: Gruppespelet
Tottenhamspelarane i VM: Gruppespelet Hugo Lloris Den franske landslagskapteinen leverte eit bra gruppespel, der Frankrike, som forventa, vann gruppa. I den første kampen slapp han inn ei straffe, men spelte ein svært god kamp. Hadde det ikkje vore for Lloris, så hadde Corentin Tolisso scora sjølvmål mot Australia. Hugo var heilt nede i hjørnet på kattemjukt vis, og viste kvifor han er ein habil keeper. Elles var han bra ute som sweeper-keeper og avklarerte diverse frispark og innlegg. Mot Australia var han av dei få som leverte for "Les Bleus". Han spelte heile den andre kampen mot Peru også, og der heldt han "nullen". Peru er eit bra lag og var svært uheldige som ikkje fekk meir ut av kampane sine, men Frankrike gjorde også sitt for at dei ikkje skulle score. Peru hadde eit skot i tverrliggaren, men utanom det hadde Lloris god kontroll på det som kom av forsøk. I den siste kampen mot Danmark, der ingen prøvde å vinne, vart han kvilt og Steve Man...