Preview: Real Madrid - Liverpool

Preview: Real Madrid - Liverpool

Laurdag kveld er det duka for ein heidundrande fotballkamp mellom Real Madrid og Liverpool. Kan Real Madrid ta sin tredje Champions League-tittel på rad eller kjem Liverpool til å gjenskape finala mot Real Madrid i 1981?

Lagnyheiter - Real Madrid

Det kongelege laget har utruleg nok ingen spelarar ute med skade. Bakover på bana har Real Madrid veldig klare førsteval når alle er friske, men framover på bana kan vi sjå fleire variasjonar når det er så få skader. 

Forventa lagoppstilling (4-3-1-2):
Keylor Navas
Dani Carvajal - Raphael Varane - Sergio Ramos (K) - Marcelo
Luka Modric - Casemiro - Toni Kroos
Isco
Cristiano Ronaldo - Karim Benzema

Som sagt er dei fleste spelarane ganske "spikra" i førsteellevaren. Keylor Navas er det klare førstevalet i "buret", ovanfor Kiko Casilla, og kjem garantert til å starte kampen. Den eigentlege vingen, Lucas Vazquez, spelte back mot Bayern München på Santiago Bernabeu, og gjorde ein grei kamp, men med Dani Carvajal tilbake, så kjem han definitivt til å starte. Nacho Fernandez får heller ikkje plass i startoppstillinga, ettersom Raphael Varane har vore betre enn han denne sesongen, og fordi Sergio Ramos er sjølvskriven i laget. Marcelo har vore fantastisk offensivt i sluttspelet hittil med heile 3 mål og 1 assist frå (ein svært offensiv) backplass. Den sentrale midtbana er også ganske "bankers". Casemiro starta ikkje mot Bayern München på Santiago Bernabeu, og ein såg tydeleg at hovudstadslaget savna han. Mateo Kovacic starta den kampen, men får mest sannsynleg ikkje tillit frå start i finala.

Dersom ein skal sjå endringar frå den forventa lagoppstillinga, så kjem det til å vere i dei offensive posisjonane. Dersom dei spelar i ein 4-3-1-2-formasjon, så er Isco og Karim Benzema forventa å starte, medan dersom Zinedine Zidane veljer å spele 4-3-3, så kan fort Gareth Bale og/eller Marco Asensio kome inn i laget. Karim Benzema spelte svært bra mot Bayern München i førre kamp, og har gjort nok til å fortene ein startplass. Gareth Bale har også vore i svært god form i det siste, med mål blant anna på Camp Nou (Barcelona) og El Madrigal (Villarreal), og har eigentleg kanskje gjort seg fortent til å starte kampen. Marco Asensio hevar ofte nivået sitt når han spelar viktige kampar i Champions League, men kjem mest sannsynleg til å vere Zidane sin "joker" og "super sub" frå benken. Cristiano Ronaldo er naturlegvis sjølvskriven i laget. 

Lagnyheiter - Liverpool

Liverpool, derimot, har fleire skader enn Real Madrid. Joel Matip, Joe Gomez, og, ikkje minst, Alex Oxlade Chamberlain er garantert ute med skade. Emre Can er svært tvilsam, medan James Milner er forventa å vere tilbake etter ei lita skadeplage. 

Forventa lagoppstilling (4-3-3):
Loris Karius
Trent Alexander-Arnold - Dejan Lovren - Virgil van Dijk - Andy Robertson
Georginio Wijnaldum - Jordan Henderson (K) - James Milner
Mohamed Salah - Roberto Firmino - Sadio Mané

Målvaktsdebatten har vore lang og slitsam for Merseyside-laget, og er eigentleg ikkje over, men Loris Karius har levert ganske bra i andre halvdel av sesongen. Belgiske Simon Mignolet har difor ikkje fått kome inn i laget og prøvd seg igjen. Nathaniel Clyne har vore langtidsskada i 2/3 av sesongen, og har aldri kome heilt i gang igjen. Dette har gitt Trent Alexander-Arnold sjansen til å spele seg inn i laget, noko han har gjort på bra vis. Sjølv om han har nokre feilskjær her og der, så har han også levert praktkampar, som t.d. då han holdt Leroy Sané musestille i kvartfinala på Anfield. Med Joel Matip og Joe Gomez ute, så har Dejan Lovren kun Ragnar Klavan som konkurrent, og har i tillegg spelt ganske bra den siste tida. Han er, saman med Virgil van Dijk, sjølvskriven i midtforsvaret. Ein annan forsvarar som er garantert ein startplass er den skotske venstrebacken Andy Robertson. Etter å ikkje ha spelt frykteleg mykje dei første månadane av sesongen, så har han verkeleg kome i gang, og levert ein fantastisk vårsesong. Alberto Moreno er ingen konkurrent, p.g.a. nivåforskjellen på dei to spelarane, sjølv om dei spelar i same posisjon.

På midtbana har Liverpool litt skadeproblem. Alex Oxlade Chamberlain, som mest sannsynleg hadde starta kampen, er ute med langtidsskade. Som sagt tidlegare, kjem Emre Can mest sannsynleg ikkje til å vere med heller. Adam Lallana har vore tilbake etter ei langtidsskade ei god stund, men har ikkje fått spele seg inn i form. Sjølv om James Milner kanskje ikkje er 100 %, så vil han nok starte kampen uansett. Han er jo trass alt assistkongen i denne sesongens Champions League, og har faktisk slått rekord for flest målgivande pasningar i ein sesong. Ein kan fort sjå Lallana kome inn etter kvart. Dei tre fremste kjem heilt sikkert til å starte denne kampen. Spelarar som Dominic Solanke og Danny Ings er ikkje i nærheita av å utfordre dei på nokon som helst måtar. 

Tidlegare møter

Desse to klubbane er, som alle veit, frå to forskjellige land, og spelar dermed ikkje i same liga, men dei har møtt kvarandre ein god del gangar i denne turneringa. I 2014 var dei i same gruppe i Champions League, og Real Madrid gjekk sigrande ut av begge oppgjera. I 2009 derimot, møttest dei i sluttspelet. Då slo Liverpool dei 1-0 på bortebane, og heile 4-0 på Anfield. I tillegg har dei faktisk spelt mot kvarandre i ei Champions League-finale før. Bob Paisley leda då dei "raude" til ein 1-0-siger på Parc des Princes i Paris, og Alan Kennedy var matchvinnaren. Skal ein sjå på tidlegare oppgjer mellom laga, så kan det verke som om Real Madrid bør ha overtaket, ettersom dei har vunne dei to siste kampane mellom laga, men Liverpool har god historikk i sluttspel og finaler mot det spanske laget. 

Spelarduell: Cristiano Ronaldo vs Mohamed Salah

Utifrå min ståstad, er dette den klare spelarduellen i denne kampen, og kjem fort til å vere matchavgjerande. I ligaen har Mohamed Salah levert ein heilt sinnsjuk sesong med sine 32 mål og 10 målgivande pasningar. Cristiano Ronaldo kjem litt dårlegare ut av ligastatistikken med 26 mål og 5 målgivande pasningar. I Champions League derimot, har portugisaren kanskje levert tidenes turnering. Sjølv om han ikkje scora i semifinalane, så scora han i alle kampane før det (!), og står med 15 mål og 3 assistar hittil. Mohamed Salah har heller ikkje levert dårleg i den gjeve turneringa. 10 mål og 4 målgivande pasningar er meir enn godkjend. Desse to spelarane er "talismanane" og målgjerarane til laga, og må difor "vere på topp" for å hente heim troféet. 

Tips

Desse to laga er prega av å vere rimeleg topptunge. Liverpool har skjerpa seg defensivt etter at van Dijk vart innkjøpt, men dei rundt han kan fortsatt finne på mykje rart, noko Real Madrid kjem til å utnytte. Real Madrid har også defensive problem, og er altfor avhengige av Sergio Ramos. Dersom han har ein dårleg kamp, så kjem Liverpool til å arrangere fest på Real Madrid sin banehalvdel. Dersom Real Madrid er smarte, så bør dei starte med å ligge litt djupare, absorbere presset til Liverpool, og kontre dei i senk, men dette er ikkje noko eg trur dei kjem til å gjere. Real kjem til å prøve å spele på vanleg måte og stå høgt med backane, spesielt Marcelo. Marcelo er fantastisk god offensivt og er eit angrepsvåpen i seg sjølv, men han etterlatar seg "uhorveleg" mykje rom, noko Salah kjem til å utnytte. Eg trur og håper at begge lag går ut i hundre, og at det blir massevis av sjansar og mål. Begge lag sine angrep er betre enn forsvara deira, så det skal vere lov å tru på ein svært underhaldande fotballkamp. Denne kampen er svært vanskeleg å tippe, og den kan heilt klart gå alle vegar, men eg trur at det blir ein jamn kamp der Real Madrid utnytter erfaringa og rutina si til å vippe kampen i sin favør. Mitt resultattips: 3-2. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?