Preview: Stoke - Tottenham

Preview: Stoke - Tottenham

Laurdag ettermiddag tek Stoke i mot Tottenham til eit oppgjer der heimelaget sårt treng poeng. Klarer dei å slå dei liljekvite frå Nord-London eller blir det ein oppskriftsmessig bortesiger?

Lagnyheiter - Stoke

For Stoke er Lee Grant, Eric Maxim Choupo-Moting og Kostas Stafylidis ute med skade. Charlie Adam er suspendert etter å ha fått raudt kort mot Everton. Kevin Wimmer, Kurt Zouma og Mame Biram Diouf er tvilsame og skal gjennomgå testar for å sjå om dei kan vere med.

Lagoppstillinga blir mest sannsynleg:
Jack Butland
Glen Johnson - Ryan Shawcross - Bruno Martins Indi - Erik Pieters
Darren Fletcher - Badou Ndiaye
Xherdan Shaqiri - Joe Allen - Ramadan Sobhi
Peter Crouch

Den bakre firaren blir nok lik som mot Arsenal i forrige kamp, medan Darren Fletcher fort kjem inn på midtbana for Moritz Bauer. I tillegg trur eg at 37 år-gamle Peter Crouch kjem inn dersom Mame Biram Diouf ikkje er klar til å spele. Stoke kan også stille i ein 4-4-2-formasjon som funka bra mot Arsenal i lange perioder, men eg trur fort at de stiller i ein 4-2-3-1 for å få plass til litt fleire spelarar sentralt på midtbana.

Lagnyheiter - Tottenham

For Tottenham er det kun dei engelske unggutane Harry Winks og Kyle Walker-Peters som er ute. I tillegg får nok ikkje Toby Alderweireld spele p.g.a. den stadig vanskelegare situasjonen angåande ei ny kontrakt, men talisman Harry Kane er mest sannsynleg tilbake frå start.

Lagoppstillinga blir mest sannsynleg:
Hugo Lloris
Serge Aurier - Davinson Sanchez - Jan Vertonghen - Ben Davies
Eric Dier - Mousa Dembele
Heung-Min Son - Christian Eriksen - Dele Alli
Harry Kane


Høgreback-plassen er som vanleg alltid oppe i lufta. Kieran Trippier spelte bra mot Chelsea sist, men det kan tenkast at ivorianaren Serge Aurier får spele for å halde seg i kampform. Ben Davies er litt sikrare, sidan Danny Rose ikkje har vore spesielt god etter å ha kome tilbake frå langtidsskada si. Victor Wanyama kan kome inn for Eric Dier, men engelskmannen, med ein svært god kamp sist, får nok fornya tillit. Erik Lamela kan også kome inn for Heung-Min Son. 

Tidlegare møter

Dei siste 16 kampane mellom laga har enda i 3 sigrar til Stoke, 4 uavgjorte kampar og 9 sigrar til Tottenham. På dei siste 4 kampane har Tottenham vunne alle saman med ein differanse på 4 mål. Dette viser at Tottenham har hatt eit godt tak på Stoke i det siste, og med mange mål i "+"-protokollen. Det ser m.a.o. ikkje bra ut for Stoke dersom ein skal gå ut frå historikken mellom laga. 

Spelarprofil: Dele Alli

Den utskjelte engelskmannen har vore svært god i det siste, og, litt under radaren, hatt ein god sesong. På dei 3 siste kampane har han 3 mål og 2 assistar, i tillegg til å vere bortimot banens beste mot Chelsea forrige helg. Gjennom heile sesongen hittil så har han scora 12 mål og servert heile 14 assistar. Han er blitt skulda av mange for å ha ein sesong under pari, men tala viser heilt klart noko anna, og i forhold til dei 2 førre sesongane hans i Tottenham, så har han tilegna seg meir kreativitet. I tillegg til det så har han eit klokt fotballhovud der smarte og godt "tima" løp er spesialiteten hans. Sjå opp for Dele Alli!

Tips

Tottenham er i svært god form med 5 sigrar på rad i ligaen, og dei har faktisk ikkje tapt i ligaen sidan 16. desember på Etihad Stadium. Stoke derimot har ikkje vunne på dei siste 8 kampane, der det har vore 4 uavgjorte kampar og 4 tap. Stoke har i tillegg til dårleg form ein god del skader, medan Tottenham har nesten skadefri tropp. Stjernespiss Harry Kane er, som sagt, mest sannsynleg tilbake frå start, og Kane har 8 mål på dei siste 4 oppgjera mot Stoke. Det er m.a.o. det meste som talar for Tottenham-siger, gjerne med fleire mål. Stoke treng alle poenga dei kan få i nedrykksstriden og kjem nok til å vere "up for it". Eg trur at 4-måls-rekkja blir broten denne gongen, sidan Stoke har meir å spele for enn Tottenham, men Nord-London-laget kjem til å vise seg for sterke. Mitt resultattips: 0-2.

Kommentarer

  1. Jeg tror Kane er innbytter i morgen også, med tanke på hans skade. Tror Son scorer i morgen igjen.....tipper 1-3-

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er godt mogleg! Trur vi får sjå Kane frå start m.t.p. at han vil ta igjen Salah ;)

      Slett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?

Kva lærte vi av Sheffield United 3-1 Tottenham?