Preview: Borussia Dortmund - Bayern München
Tysdag kveld er det klart for ein kamp som fort kan verte heilt avgjerande for korleis 2019/20-sesongen i Bundesliga endar. Dersom Borussia Dortmund går sigrande ut på Signal Iduna Park, tettar dei luka opp til 1. plassen til eitt poeng. Klarer Bayern München å ta sigeren, skaffar dei seg ei luke på sju poeng ned til 2. plassen og sikrar på lang veg nok ein ligatittel. Kva og kven må du halde eit auge med under dette oppgjeret? Og kven går sigrande ut? Bilde: 90 min Korleis blir lagoppstillingane? Då laga møttest i november, vann Bayern München soleklart i ein 4-0-siger på Allianz Arena, og i den kampen stilte Lucien Favre laget sitt opp i ein 4-2-3-1-formasjon. Etter at "Die Schwarzgelben" la om til ein 3-4-3-formasjon, har dei blitt meir solide defensivt samtidig som dei får meir ut av spelarane sine offensivt, eksemplifisert av vingbackane Achraf Hakimi og Raphael Guerreiro. Mats Hummels måtte ut med ei skade i pausen mot Wolfsburg laurdag ettermiddag, og...