Review: Frankrike - Kroatia
Review: Frankrike - Kroatia I ei omstridt finale gjekk franskmennene sigrande ut mot Kroatia. Kroatia var fullt på høgde med Frankrike i banespelet, men "Les Bleus" var effektive og betre i avgjerande augneblinkar. Mykje av kampen vart diverre overskygga av VAR og dommar Nestor Pitana. Samandrag Det første kvarteret av kampen var sjansefattig og med Kroatia leiande i banespelet. I det 18. minutt derimot, fekk Antoine Griezmann eit feildømt frispark dømt for seg. Den moglegheita nytta han godt. Han slo frisparket godt inn i farleg område, og der stod Mario Mandzukic og stussa ballen vidare i mål. 1-0 til Frankrike etter ein potensiell dommarfeil og eitt sjølvmål. I historiebøkene kjem dette faktisk til å bli skrive ned som tidenes første sjølvmål i ei VM-finale. Stakkars Mandzukic... I det 29. minutt skulle kroatane slå tilbake! Etter klabb og babb i feltet fekk Ivan Perisic kontroll på ballen og hamra den inn med venstrefoten. Svært kontant og effektivt av Inter-spe