Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2018

Preview: Sevilla - Atletico Madrid

Preview: Sevilla - Atletico Madrid Søndag-kveld 25. februar er det duka for storoppgjer mellom 5. plass-plasserte Sevilla og Atletico Madrid på ein sterk 2. plass. Etter at begge laga har spelt europeisk fotball i midtveka, så blir det spennande å sjå kva lag dei stiller og korleis kampen kjem til å utspele seg.  Lagnyheiter - Sevilla For Sevilla er den franske høgre-backen Sebastien Corchia ute. Den danske midtstopparen Simon Kjær er kanskje tilbake etter å ha vore ute med skade ei stund. Sevilla er kjende for å rotere mykje på spelarane dei brukar, noko som gjer lagoppstillinga utfordrande å tippe, men eg trur dei kjem til å stille ganske likt som det dei gjorde i Champions League mot Manchester United på onsdag. Lagoppstillinga blir mest sannsynleg: Sergio Rico Jesus Navas - Clement Lenglet - Gabriel Mercado - Sergio Escudero Steven N´Zonzi - Ever Banega Pablo Sarabia - Franco Vazquez - Joaquin Correa Luis Muriel Jesus Navas på høgre-back er eit artig omsku

Preview: Ligacup-finale

Preview: Arsenal - Manchester City Søndag 25. februar kl. 17.30 er det duka for den første av to cupfinaler denne sesongen. Arsenal møter Manchester City på sjølvaste Wembley, også kalla "Home of Football".  Lagnyheiter - Arsenal For Arsenal er Alexandre Lacazette og Santi Cazorla garantert ute søndag, medan Mesut Özil og Aaron Ramsey er "50-50". Dersom det viser seg at Özil og Ramsey er utilgjengelege, så er det definitivt med på å hindre Arsenal si kreative kraft.  Lagoppstillinga blir mest sannsynleg: Petr Cech Hector Bellerin - Shkodran Mustafi - Laurent Koscielny - Nacho Monreal Granit Xhaka - Jack Wilshere Mesut Özil - Aaron Ramsey - Henrikh Mkhitaryan Pierre-Emerick Aubameyang Slik vil nok Arsenal starte med Özil og Ramsey "fit for fight", men dersom dei ikkje startar kan ein forvente at Alex Iwobi kjem inn på ein av plassane, og kanskje til og med Mohammed Elneny for å få litt meir defensiv og stabiliserande kraft. 

Preview: Crystal Palace - Tottenham

Preview: Crystal Palace - Tottenham Min første preview på denne bloggen blir London-derbyet Crystal Palace - Tottenham. Kampen spelast på søndag 25. februar kl. 13.00 på Selhurst Park, ein dag tidlegare enn først planlagt, sidan Tottenham kun klarte uavgjort mot League 1-laget Rochdale i FA Cupen og må ut i omkamp onsdag 28. februar. Lagnyheiter - Crystal Palace Crystal Palace har ein god del skader før oppgjeret på søndag formiddag. Bakary Sako, Scott Dann, Jason Puncheon, Julian Speroni og Jeffrey Schlupp er alle ute mot Tottenham, i tillegg til laget si store stjerne Wilfried Zaha. Ruben Loftus Cheek og Connor Wickham er usikre, medan Mamadou Sakho og Martin Kelly kan bli klare.  Sjølv om Christian Benteke er speleklar, så kan alle skadene gjere at nordmannen Alexander Sørloth får sin heimedebut foran det ekstra engasjerte publikummet på Selhurst Park.  Lagoppstillinga blir mest sannsynleg: Wayne Hennessey Joel Ward - Timothy Fosu-Mensah - James Tomkins - Patric