Kva lærte vi av Sheffield United 3-1 Tottenham?

Torsdag kveld møttest var det duka for kamp mellom Sheffield United og Tottenham, og begge lag måtte vinne for å i det heile tatt ha eit lite håp om Champions League-spel neste sesong. "The Blades" imponerte og slo eit tafatt Spurs 3-1, og det var nok av ting å ta tak i etter kampen. 

Tottenham loses 3-1 at Sheffield United in Premier League | Sports ...
Bilde: St. Louis Post-Dispatch

Handsregelen - den største farsen i nyare fotballtid?

Eg brukar vanlegvis ikkje å kommentere på dommaravgjersler, hands og VAR, ettersom eg helst vil at fokuset skal vere på det taktiske aspektet ved fotballkampar, korleis kampen utvikla seg og kvifor den enda som den gjorde - men i gårsdagens oppgjer mellom Sheffield United og Tottenham nådde kombinasjonen av den udugelege handsregelen og VAR eit nytt botnpunkt i det som allereie har vore ein introduksjonssesong av det verste slaget.

Tottenham trudde at dei hadde skapt balanse i rekneskapen like etter Sander Berge si 1-0-scoring då Harry Kane sette ballen i mål med venstrefoten, men VAR ville det annleis. Lucas Moura, som førte ballen framover i høg fart vart felt og i det han landa på bakken vart ballen skoten inn i overarma hans frå svært kort hald. Ballen gjekk så vidare til Kane som finta vekk ein Sheffield United-spelar og sette ballen i mål - men målet vart annullert ettersom ballen vart dundra inn i Moura si overarm frå ufatteleg kort hald, som vi ser på bildet nedanfor.


VAR gjorde rett utifrå dagens regelverk, men regelverket omkring handsregelen er kanskje den største farsen i Premier League i nyare tid. Moura blir altså straffa for å bli felt og få ballen skoten i arma utan å ha noko som helst moglegheit til å unngå at det skjer. Regelverket er til for å tene spelet, men kombinasjonen av handsregelen og VAR gjer det eksakt motsette. Kvar har omgrepet "sunn fornuft" blitt av? Det som også er veldig spesielt, er at regelen ikkje er den same i defensiv og offensiv fase. Som vi såg i går, blir mål annullert dersom ballen i det heile tatt er borti arma, medan dersom den same type "berøringa" av ballen hadde skjedd inne i eigen 16-meter, hadde det ikkje blitt dømt straffespark. Heng det på greip? I tillegg forstår eg ingenting av at Tottenham ikkje fekk tildelt frispark etter at VAR annullerte målet. Dommar Chris Kavanagh meinte at Moura vart felt og dømte faktisk fordel, men etter annulleringa var det ikkje noko frispark å sjå. Latterleg.

Frå og med neste sesong vil ikkje det bli dømt dersom ballen treff overarma, men lukke til med å finne kvar skiljet på arma går... Regelen må "rivast og byggast opp på nytt" – ikkje berre få ei lita oppussing. Eg har tidlegare vore pro VAR, og sjølv om Premier League har vore eksepsjonelt dårlege i å bruke verktøyet på rett måte, klarer eg ikkje å sjå at det kjem til å betre seg spesielt mykje dei neste sesongane. Kan vi gå tilbake til slik vi hadde det før, ver så snill?

Tottenham-kollaps

Sjølv om Tottenham hadde uflaks med dommaravgjerslene i dette oppgjeret, både med den nemnde VAR-annulleringa og Oliver Norwood sin olboge i hovudet på Son, som hadde gult kort frå før av og definitivt skulle vore utvist, kan ikkje José Mourinho og spelarane berre skulde på det for 3-1-tapet mot Sheffield United torsdag kveld.

Forsvarsspelet på Sheffield United sine tre scoringar var forferdeleg. På 1-0-scoringa til Sander Berge hamna forsvaret altfor djupt og den sentrale midtbana, hovudsakleg Giovani Lo Celso (som kanskje hadde sin dårlegaste kamp i Tottenham-trøya) kom seg ikkje opp i press på Berge som fekk bra med tid og rom til å setje ballen i mål. På 2-0-målet til "The Blades" fekk vi sjå noko av det verste forsvarsspelet på lang tid i Premier League. Serge Aurier viste nok ein gong at han er ei stor byrde for Tottenham defensivt, og småjogga tilbake sjølv om han var nøydd til å følgje løpet til Enda Stevens, som assisterte scoringa. Moussa Sissoko verka heller ikkje interessert i å hjelpe til, og stod og glana på at Stevens fekk ta imot ballen og slå eit innlegg heilt fritt. Inne i 16-meteren vart Eric Dier "ball watching" og Mousset utnytta det store rommet mellom Dier og Davies. 3-0-målet var ikkje fullt så gale som den føregåande scoringa, men Sander Berge fekk kome til innlegg altfor lett og Spurs-midtstopparane vart nok ein gong "ball watching", noko som gjorde at McBurnie kom seg fri og sette ballen i mål.

Spelarane må sjølvsagt ta ein stor del av skulda, og mentaliteten dei viste i gårsdagens oppgjer var ikkje noko anna enn patetisk, men José Mourinho er heller ikkje skuldfri for at laget hans tapte 3-1. Det er tydeleg at portugisaren har valt ut nokre favorittar i spelargruppa, medan han har ein agenda mot andre (les: Ndombele). Lucas Moura er ein av kjæledeggane til Mourinho, men, etter mi meining, er han ein av Premier Leagues mest overvurderte spelarar. Han var den spelaren som mista ballen flest gongar (24), og Lo Celso, som også hadde ein dårleg kamp, var den einaste i nærleiken av å miste ballen like mange gongar (21). Det er viktig å påpeike at Lo Celso hadde over dobbelt så mange pasningar enn brasilianaren (96 vs 46), noko som viser kor slurvete Moura er med ballen i forhold til kor mykje han er involvert. Han er ekstremt vanskeleg å spele saman med og han øydelegger lovande angrep gang etter gang. Det skal ikkje stå på innsatsen, og han bidreg med å skape ubalanse hos motstandar sitt forsvar, men dei negative sidene hans er, etter mi meining, langt større enn dei positive.

Ein anna Mourinho-favoritt er Moussa Sissoko. I likskap med Moura, er Sissoko også med på å hemme Tottenham når dei har ballen. Han har dei siste to kampane spelt saman med Lo Celso djupt på midtbana, men når Spurs prøver å spele seg ut bakfrå er det nærmast som om han gøymer seg og ikkje vil ha ballen. I denne kampen hadde han berre 38 pasningar, noko som er svært lite for ein sentral midtbanespelar spesielt når laget hans har 67,5 % ballinnehav! For å samanlikne hadde Lo Celso 93 pasningar i dette oppgjeret, og sjølv om Sissoko har ei heilt anna rolle og krav å oppfylle frå Mourinho enn argentinaren, set det likevel mykje i perspektiv. Og, som nemnd, var han sterkt delaktig i det elendige forsvarsspelet på 2-0-scoringa.

Både Lucas Moura og Moussa Sissoko er svært gode spelarar å ha på benken og til å setje inn for å endre eit kampbilde, men dei er rett og slett ikkje gode nok til å starte for ein klubb med ambisjonar om å hamne blant dei fire beste laga i Premier League. Og det er Mourinho sin feil at han held fram med å spele med dei. I går kunne både Erik Lamela og Dele Alli starta i staden for Lucas Moura, og Oliver Skipp hadde sannsynlegvis gjort ein betre jobb på midtbana enn Sissoko. Mourinho treng gode spelarar for å prestere, Tottenham har ikkje råd til å kjøpe gode spelarar denne sommaren, og dei har heller ikkje råd til å gi Mourinho sparken. Det er ein lei situasjon.

Banens beste: Ein nordmann

Mange, inkludert meg sjølv, hylla Sheffield United si signering av Sander Berge i januar, og sjølv om ein naturlegvis ikkje skal setje karakter på overgangen enno, kan ein ikkje seie noko anna enn at tida hans i Sør-Yorkshire har vore underveldande. Like etter overgangen, brukte han ein god del tid på å tilpasse seg tempoet i Premier League, og i tillegg finne seg til rette i det svært spesifikke og krevjande 3-5-2-systemet til Chris Wilder. Men i oppgjeret mot Tottenham viste han kvifor han er raudstripene sin dyraste spelar gjennom tidene.

Han var svært aktiv offensivt og leverte både eitt mål og ein assist frå indreløparposisjonen sin. Han slo fleire farlege innlegg, derav den eine målgivande pasninga, og var også svært sikker med ballen i beina. Han lukkast med tre driblingar, og trefte på 81 % av pasningane sine, nest-høgst av utespelarane på Sheffield United, noko som er imponerande tal ettersom laget hans berre hadde ballen i 32,5 % av tida. Som vanleg bidrog han defensivt med å vinne tilbake ballen og vann heile seks av dei sju duellane han var involvert i, samtidig som han lukkast med tre taklingar. Nordmannen var utan tvil banens beste spelar, og ein skal ikkje sjå vekk ifrå at denne prestasjonen har "kickstarta" Sheffield United-karrieren hans. Kanskje han blir den avgjerande faktoren som leiar laget til spel i Europa neste sesong?

Spissane leverte varene

Sheffield Uniteds nest-beste spelar i denne kampen var ganske tydeleg, etter mi meining. Spydspiss Oliver McBurnie var eit konstant uromoment for Tottenham-forsvaret og bidrog sterkt til at det vart siger for Sheffield United. Han vann klart mest duellar i lufta i kampen (12) og gjorde, i lag med spissmakker David McGoldrick, at heimelaget lukkast med å halde på ballen inne på Tottenham sin banehalvdel etter å ha slått ein lang ball opp. Skotten scora Uniteds tredje mål etter ein god bevegelse inne i 16-meteren for å kome seg laus frå midtstoppar Davinson Sanchez. Han skapte også ein sjanse og dribla to gongar, i tillegg til å bidra defensivt med to taklingar. Ein svært god kamp av 24-åringen!

Ein av dei få Tottenham-spelarane som får godkjend i dette oppgjeret, er spiss Harry Kane. England-kapteinen sleit stort mot Manchester United og den første halvtimen mot West Ham. Men i dei siste 60 minutta mot West Ham såg vi takter som kunne minne om Kane på sitt beste, og mot Sheffield United leverte han også ganske bra. 26-åringen hadde faktisk ballen i mål heile tre gongar før han på det fjerde forsøket fekk scoringa godkjend. Sjølv om han vart brukt som eit oppspelspunkt nokre gongar i dette oppgjeret, kom han ikkje like djupt i bana som før, men han konsentrerte seg heller om å finne gode posisjonar inne i 16-meteren - og det er ei utvikling eg trur vil vere bra for Kane. Når ting ikkje har gått vegen eller han slit med å kome inn i kampen, likar han å kome djupare i bana og gjere alt sjølv, og det har som regel ikkje tent laget eller han sjølv. Det er få som er så dødelege som Kane når han først får sjansen til å skyte, men dei siste sesongane har han skapt mindre sjansar for seg sjølv. Klarer han å fokusere på å kome seg til gode sjansar, kan vi fort sjå ein Kane som dundrar inn mål. Det blir spennande å sjå om dei to siste kampane berre er tilfeldige eller om det er ein trend...

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?