Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2022

Analyse: Kva tilfører Yves Bissouma Contes Tottenham?

Bilde
Yves Bissouma vart nyleg Tottenhams tredje signering i det som ser ut til å bli ein innhaldsrik sommar. Spurs har betalt £25 millionar for å hente han frå Brighton, og det er høge forventningar til kva 25-åringen frå Mali kan bidra med i den liljekvite trøya. Kva slags type spelar er Bissouma? Korleis passar han inn i Antonio Contes Tottenham? Blir han ein suksess i Nord-London? Bilde: Tottenham Hotspur Dynamisk beist på midtbana Då Yves Bissouma vart henta av Brighton frå Lille i 2018, var han ein nokså offensiv boks-til-boks-midtbanespelar – og ein heilt anna type enn den spelaren som går til Tottenham fire år etter at han kom til England. Graham Potter har flytta Bissouma djupare og djupare i bana for kvar sesong som har gått, og førre sesong spelte han omtrent utelukkande som defensiv midtbanespelar for Brighton. Det første som verkeleg skil seg ut når ein ser på Bissouma sine tal og når ein ser han spele, er det defensive bidraget. 25-åringen frå Mali er ein av Premier Leagues all