Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2019

Tottenham utklassa Dortmund på Wembley

Bilde
Tottenham utklassa Dortmund på Wembley Eit skadeskote Tottenham mot eit ligaleiande Borussia Dortmund under flomlysa på Wembley. Det var ramma før kampen, og Dortmund vart av folk flest heldt som favorittar til å gå sigrande ut av åttedelsfinalen sin første kamp. Etter 1. omgang kunne det fort sjå ut som om folk flest hadde rett, og at Dortmund kom til å vinne, i alle fall samanlagt, men ein spektakulær 2. omgang frå heimelaget gjorde at dei har ein og ein halv fot i kvartfinalen før kamp nummer to skal spelast. Kvifor endra kampbildet seg så mykje etter pausen? Pochettino viser taktisk forståing på nytt nivå Mauricio Pochettino har tidlegare fått kritikk for å ikkje vere god nok til å gjere endringar og byte undervegs i kampen, men mot Dortmund kan ikkje dette seiast å vere tilfelle. Ved pause flytta han Christian Eriksen djupare i bana, formasjonen vart noko ala 3-5-2 og vingbackane fekk flytte seg høgare i bana og spele meir aggressivt. Denne aggressiviteten resulterte i må