Bør Tottenham selje Harry Kane?

 

Bilde: Twitter, @hkane

«Should I Stay or Should I Go» song The Clash i 1982. Det spørsmålet tenkjer nok Harry Kane på i desse dagar. Han leverte, som vanleg varene denne sesongen, men lagets sesong stod nok ein gong ikkje i stil med stjernespissens prestasjonar.

For to år sidan forsøkte han å tvinge gjennom ein overgang til Manchester City. Med tre år igjen av kontrakten sat han med dårlege kort på handa, og det vart aldri ein overgang til Premier Leagues beste lag. No har han eitt år igjen av kontrakten og maktdynamikken mellom Kane og klubben er dermed drastisk endra.


Bør Tottenham selje han i sommar og få ein pen sum på konto, eller er det meir verdi i å behalde han i eitt år til, men la han gå gratis neste sommar? Eller kan han faktisk signere under på ei ny kontrakt?


Uerstatteleg


Harry Kane scorar mål. Det veit alle. Han enda opp med 30 ligamål for eit svært varierande og nokså dysfunksjonelt lag førre sesong. I løpet av sesongen vart han også både Tottenhams og Englands mestscorande spelar. Det seier sitt.


Måla blir ikkje lette, strengt tatt umoglege, å erstatte. Men Kane bidreg med så mykje meir enn berre måla også. Han er eit strålande oppspelspunkt, som held på ballen, binder opp motspelarar og opnar opp rom for medspelarar. Alle motstandarar veit at dei må passe nøye på Harry Kane, noko som gjer at arbeidsforholda blir gunstigare for medspelarane hans. Samtidig som han bøttar inn mål, bidreg han også sterkt i andre fasar av spelet.


Dei siste åra har Kane blitt mykje meir enn ein spiss som berre scora mål. Det ser ein igjen i oppsvingen i målgivande pasningar mellom 2020 og 2022, der han i løpet av to sesongar enda opp med totalt 23 assists i Premier League. Førre sesong vart det berre tre målgivande pasningar, men han hadde like gode underliggande tal som i sesongen han leverte 14 assists (7.58 vs 7.55) forventa assists, ifølgje Understat sine tal.


Så: dersom Kane forsvinn, blir jobben med å erstatte han mildt sagt utfordrande. Sannsynlegvis må målpoenga og påverknaden hans fordelast til fleire spelarar. Tottenham blir heilt avhengige av at dei andre angriparane steppar opp og scorar fleire mål.


Nokon blir også nøydde å ta ansvar kreativt. Ein offensiv midtbanespelar med overblikk, pasningsfot og målgivande pasningar i seg, kan vere ei potensiell løysing.

Men for å seie det kort og greitt: Harry Kane er uerstatteleg.


Det urealistiske

 

Draumescenarioet for Tottenhams del, er at Harry Kane endar opp med å signere ei ny kontrakt og bli i klubben ut karrieren. Det vil sementere hans posisjon som Tottenhams beste spelar gjennom tidene. Han vil ikkje berre bli ei klubblegende – han vil bli den største av dei alle.


Men det ser ut som eit svært urealistisk scenario akkurat no. Forutan eit ellevilt Champions League-sluttspel og korte oppsvingar, har Spurs vore på ei nedgåande kurve sidan starten av 2019. Kane veit at vegen opp og fram for å hamne i ein posisjon der laget utfordrar om trofé er lang.


Sjansane for at han signerer ei ny kontrakt, verkar å vere små akkurat no. Ting kan endre seg fort i fotballen, men om laget ikkje utviklar seg mykje i løpet av den neste sesongen, tvilar eg på at Kane blir verande.


Det risikable

 

Akkurat no er ikkje det usannsynleg at Kane endar opp med å sjå ut kontrakten sin, som varer til sommaren 2024, og forlèt klubben gratis om eitt års tid. Det vil i så fall bety at Tottenham får Kane og hans prestasjonar i ein sesong til, men at ein ikkje sit igjen med ein overgangssum, som ein kunne brukt på ein eventuell erstattar eller å forbetre laget i andre posisjonar.


Å hamne blant plassane som gir Champions League-spel, betyr mykje for klubben – spesielt økonomisk. Det er ikkje spesielt kontroversielt å seie at sjansane for at Tottenham spelar i Champions League i 2024/25 er større med Harry Kane på laget neste sesong enn utan han. Så kan ein spørje seg om dette Tottenham-laget kjem til å vere konkurransedyktig nok, sjølv med Harry Kane i laget, til å kjempe om ein plass i Champions League…


Dersom Kane blir verande i éin sesong til, blir det interessant å sjå kva potensielle interessentar vel å gjere i sommar. Kjem for eksempel Manchester United til å hente ein anna stjernespiss og ikkje lenger ønskje Kane om eitt år? Vil Real Madrid ha hovudfokus på å få Kylian Mbappé, som også har eitt år igjen av kontrakten sin, inn dørene? Daniel Levy kan prøve seg på eit høgt spel og håpe at ingen av storkanonene som ønskjer Kane i år, ikkje lenger vil ha han om eitt års tid – sjølv om han då står utan kontrakt – og at Kane dermed endar opp med å signere ei ny kontrakt.


Det er risikabelt og verkar usannsynleg, men det er ikkje eit fullstendig umogleg scenario heller. For plutseleg sit ein igjen om eitt år utan Champions League-spel og utan Harry Kane – og det utan å ha fått igjen pengar for å miste sin beste spelar. 


Så, om ein vel å ikkje selje han denne sommaren, gamblar ein enten på at ein når Champions League eller at Kane ombestemmer seg og han signerer på ei ny kontrakt. Samtidig er utfallet også i Kanes hender, som kan bestemme seg for å vente til neste år med ein eventuell overgang.


Det smarte?

 

Rykta har blussa opp den siste tida. Manchester United og Real Madrid verkar å ha vore interesserte i Kane lenge, men, i skrivande stund, er det rapportar om at Bayern München ønskjer å hente Tottenhams talisman.


Harry Kane fortener å få ein sjanse til å skinne på den største scena. Han fortener å få ein reell sjanse til å vinne Champions League og ein ligatittel. Han fortener å få den påfølgande legendestatusen eit opphald i for eksempel Bayern München kan gi han. Mange Tottenham-fans, inkludert meg sjølv, vil nok seie at Kanes prestasjonar ofte går litt under radaren. Ein unner han sjansen til å vere ei av dei største stjernene i eit av verdas beste fotballag, og det vil garantert vere lettare å svelge ein overgang til Bayern München enn at han går gratis til ein rival i Premier League neste sommar.


Og så går det jo an å drive med litt ønsketenking. Harry Kane har eit ferdigheitsregister som tilseier at han skal kunne prestere på eit svært høgt nivå i mange år framover, gitt at skadeproblema ikkje blussar opp att. Det er ingen hemmelegheit at Kane ønskjer seg Alan Shearers scoringsrekord i Premier League. Kan ein tenkje seg til eit scenario der Kane signerer for Real Madrid, vinn det som vinnast kan i løpet av tre år, for så å returnere til Tottenham for å bli Premier Leagues mestscorande spelar? Urealistisk? Kanskje, men det finst mange eksempel på spissar som har klart å levere bra på det aller øvste nivået langt inn i 30-åra. Om Kane klarer å halde seg unna dei verste skadane, seg eg ingen grunn til at han ikkje kan ta eit opphald i Real Madrid for så å kome tilbake til England og score dei 48 måla han treng for å passere Shearer.


Sidan eg var inne på musikksporet i innleiinga av teksta, tenkjer eg at U2s «With or Without You» passar godt inn her. For det er det som er det store spørsmålet for klubben no når ein skal gå gjennom ei heilt ny fase med ein ny hovudtrenar. Stallen må byggast på nytt. Ei skikkeleg opprydding må til for at ein skal kunne ta nye steg som lag og klubb. Bør det vere med Harry Kane eller kan det ha noko for seg å selje han?


Det er eit vanskeleg spørsmål å svare på. Om Kane blir, vil ein ha ein føreseieleg målscorar og ein vil kunne fokusere på å styrke andre område i laget. Ein vil definitivt prestere betre neste sesong med Kane enn utan. Men samtidig kan det å selje Kane og få inn nærare £100 millionar føre med seg positive sider, og gjere at Tottenham blir eit betre lag sett i eit lengre perspektiv. Ein kan fordele pengane utover forskjellige nysigneringar og potensielt forbetre balansen i laget. I tillegg er ikkje Kane den som bidreg mest i presset. Det kan ha noko for seg å erstatte han med ein intens, energisk og hardtarbeidande spiss, dersom Ange Postecoglou ønskjer at absolutt alle skal bidra mykje defensivt.


Uansett kva utfallet blir, er det i Tottenhams beste interesse å løyse situasjonen så kjapt som mogleg – enten det betyr at han blir verande eller forlèt klubben. Ein saga som dreg ut og endar med eit sal på deadline day, vil gi klubben svært dårlege føresetnader for å klare seg utan engelskmannen.


Så, bør Tottenham selje Harry Kane? Det kjem heilt an på. Dersom det finst eit håp om at han kanskje kan overtalast til å signere under på ei ny kontrakt ein eller annan gong i løpet av dei neste tolv månadane, kan det vere den rette avgjersla å ikkje selje han i sommar.


Men om han er fast bestemt på å forlate klubben enten i sommar eller neste år, meiner eg ein bør selje han i sommar. Eg ser på sjansane for at Spurs klarer å vinne eit trofé neste sesong som små – uansett om Harry Kane spelar i liljekvitt eller ikkje. 


Då bør ein heller ta imot ein pen overgangssum, kjøpe ungt, bygge for framtida og sjå på komande sesong som pur utvikling.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?