Innlegg

Viser innlegg fra september, 2021

Kva kjem Cristian Romero til å tilføre Tottenham?

Bilde
Cristian "Cuti" Romero vart kåra som den beste forsvarsspelaren i Serie A, ligaen som er spesielt kjend for sine langvarige tradisjonar med gode forsvarar og bra forsvarsspel, i 2020/21-sesongen. Dette gjorde at Tottenham valte å gjere midtstopparen til sin nest-dyraste spelar nokon gong i sommar. Korleis kjem argentinaren til å passe inn i laget? Blir han ein suksess i den liljekvite trøya? Det skal eg prøve å svare på, men først; litt om kva slags spelartype Romero er.  Bilde: Tottenham Hotspur Cristian Romero – aggressivitet personifisert Spurs-fansen hugsar det godt frå førre sesong; tapte poeng etter ei dårleg involvering frå ein av midtstopparane, eller, i nokre tilfelle, mangel på involvering frå midtstopparane då motstandaren scora. Sistnemnde kjem ikkje til å skje med Cristian Romero i midtforsvaret.  Argentinaren er nemleg potensielt den mest aggressive midtstopparen ein kan finne i den europeiske toppfotballen. Han ventar ikkje på at motspelar skal foreta seg ei h