Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2018

Preview: Real Madrid - Liverpool

Preview: Real Madrid - Liverpool Laurdag kveld er det duka for ein heidundrande fotballkamp mellom Real Madrid og Liverpool. Kan Real Madrid ta sin tredje Champions League-tittel på rad eller kjem Liverpool til å gjenskape finala mot Real Madrid i 1981? Lagnyheiter - Real Madrid Det kongelege laget har utruleg nok ingen spelarar ute med skade. Bakover på bana har Real Madrid veldig klare førsteval når alle er friske, men framover på bana kan vi sjå fleire variasjonar når det er så få skader.  Forventa lagoppstilling (4-3-1-2): Keylor Navas Dani Carvajal - Raphael Varane - Sergio Ramos (K) - Marcelo Luka Modric - Casemiro - Toni Kroos Isco Cristiano Ronaldo - Karim Benzema Som sagt er dei fleste spelarane ganske "spikra" i førsteellevaren. Keylor Navas er det klare førstevalet i "buret", ovanfor Kiko Casilla, og kjem garantert til å starte kampen. Den eigentlege vingen, Lucas Vazquez, spelte back mot Bayern München på Santiago Bernabeu, og gj

Preview: Tottenham - Leicester

Preview: Tottenham - Leicester Søndag kl. 16.00 er det duka for sesongens siste serierunde. Tottenham har sikra Champions League-spel, men vil med siger her garantert hamne over Liverpool på tabellen. Kjem Leicester til å hindre dei i å gjere det? Lagnyheiter - Tottenham For heimelaget er det kun den engelske midtbanegeneralen Harry Winks som garantert er ute med skade. Serge Aurier og Mousa Dembele er ganske tvilsame, og kjem nok i alle fall ikkje til å starte kampen. Eric Dier skal vere tilbake etter å ha vore sjuk i midtveka, medan Victor Wanyama og Kieran Trippier skal vere "fit for fight" etter å ha fått seg nokre smellar i oppgjeret mot Newcastle.  Forventa lagoppstilling: Hugo Lloris Kieran Trippier - Davinson Sanchez - Jan Vertonghen - Ben Davies Eric Dier - Moussa Sissoko Heung-Min Son - Christian Eriksen - Dele Alli Harry Kane Ettersom det er sesongs siste kamp, så kjem Mauricio Pochettino til å starte med dei beste spelarane han har tilgj