Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2022

Analyse: Kva er løysinga på Contes taktiske utfordring?

Bilde
Tottenhams poengfangst har vore tilfredsstillande så langt, men Antonio Contes Spurs har tidvis slitt mot ein spesifikk type motstandar i sesongopninga. Korleis bør Conte løyse ei av hans store taktiske utfordringar?  Det skal eg forsøke å svare på i mi første taktiske spalte for Tottenhamsupporteren. Bilde: Tottenham Hotspur I skrivande stund står Tottenham med 17 poeng og ligg på 3. plass i Premier League. Ein må kunne seie at resultata har vore gode for Antonio Conte og co. så langt. Laget har berre tapt ein av sine første åtte kampar og ser rimeleg solide ut. Men: Alt har heller ikkje gått på skinner i sesongopninga. Mot West Ham sleit Spurs for eksempel med å bryte ned eit lågtliggande lag, der ein ikkje fekk bruke kontringsstyrken sin i like stor grad som i andre kampar, og ein tok berre eitt poeng trass i at moglegheita for å ta tre så definitivt var til stades. I helga som var kom sesongens første tap då Arsenal sigra 3-1 i Nord-London-derbyet. Trøbbel mot spesifikt oppsett Men