Innlegg

Viser innlegg fra november, 2019

Kva lærte vi av José Mourinho sin debut som Tottenham-trenar?

Bilde
Laurdag ettermiddag var det duka for ein svært interessant kamp på London Stadium. Ein hardt pressa Manuel Pellegrini og West Ham tok imot nyleg tilsette José Mourinho og Tottenham til dyst. Bortelaget gjekk opp i ei 3-0-leiing, og sjølv om heimelaget reduserte både ein og to gongar, vann Mourinho i sin debut som Tottenham-trenar. Men kva lærte vi av portugisaren sin første kamp på sidelinja for Spurs? Kjelde: Hidustan Times Dele Alli kjem til å blomstre José Mourinho har fått eit rykte på seg for å berre like store, fysiske midtbanespelarar som er gode i duellspelet, og neglisjere spelartypar som er annleis enn dette - men dette er ikkje sant. Portugisaren har spelt ei viktig rolle i Deco, Frank Lampard, Wesley Sneijder, Mesut Özil og Oscar sine karrierar, og no ser det ut som om Dele Alli er den neste "10-aren" som skal blomstre få under 56-åringen sine vingar. Det som kan vere til fordel for den unge engelskmannen, er at han, i tillegg til å ha mange av dei ty

Vegen vidare for Tottenham

Bilde
Mykje har gått gale for Tottenham i 2019/20-sesongens første tredjedel. Med sterke signeringar i sommar skulle "dei liljekvite" frå Nord-London vere med og kjempe heilt i toppen, men slik har det ikkje vorte. Korleis ser vegen vidare ut for Spurs? Sesongens styggaste tap kom i Champions League-kampen mot Bayern München på Tottenham Hotspur Stadium. Tyskarane vann heile 7-2. Bilde: Fox Sports Uroleg spelargruppe Tottenham har, på papiret, kanskje ligaens tredje beste stall, men sjølv om kvaliteten på spelarane er svært bra, verkar spelargruppa uroleg. Like etter førre sesong, gjekk Christian Eriksen ut i media og fortalde at han var klar for ei ny utfordring i ein annan klubb. Han fekk ikkje den høgt ønskja overgangen sin i løpet av sommaren, og vart i staden verande i klubben - og utifrå prestasjonane hittil, er det heilt tydeleg at dansken er umotivert. I tillegg er midtstopparane Toby Alderweireld og Jan Vertonghen, to spelarar som ikkje har ønskja å signere