Vegen vidare for Tottenham

Mykje har gått gale for Tottenham i 2019/20-sesongens første tredjedel. Med sterke signeringar i sommar skulle "dei liljekvite" frå Nord-London vere med og kjempe heilt i toppen, men slik har det ikkje vorte. Korleis ser vegen vidare ut for Spurs?

Bilderesultat for tottenham bayern
Sesongens styggaste tap kom i Champions League-kampen mot Bayern München på Tottenham Hotspur Stadium. Tyskarane vann heile 7-2. Bilde: Fox Sports

Uroleg spelargruppe

Tottenham har, på papiret, kanskje ligaens tredje beste stall, men sjølv om kvaliteten på spelarane er svært bra, verkar spelargruppa uroleg. Like etter førre sesong, gjekk Christian Eriksen ut i media og fortalde at han var klar for ei ny utfordring i ein annan klubb. Han fekk ikkje den høgt ønskja overgangen sin i løpet av sommaren, og vart i staden verande i klubben - og utifrå prestasjonane hittil, er det heilt tydeleg at dansken er umotivert. I tillegg er midtstopparane Toby Alderweireld og Jan Vertonghen, to spelarar som ikkje har ønskja å signere nye kontraktar, framleis i klubben. Danny Rose og Serge Aurier var også klare til å forlate klubben i sommar, men dei er også framleis i klubben. Dette er ekstremt dårleg planlegging av Spurs, og ein ser nok konsekvensane av å ikkje ha handla ein einaste spelar i løpet av sommaren 2018.

Det at såpass mange "urolege" spelarar framleis er i klubben og ikkje har blitt erstatta, gjer at Mauricio Pochettino har fått vanskelege arbeidsforhold. Argentinaren kan på ein måte ikkje stole fullt og heilt på dei, men kan samtidig ikkje fryse alle saman ut av laget - det har ikkje Tottenham god nok breidde til å kunne gjere. Men slik som resultata har vore hittil, så har ein nådd eit punkt der det omtrent ikkje er vits å spele med desse spelarane, og i staden berre spele med dei som er 100 % forplikta til trenaren sin filosofi, og gi unggutar som Troy Parrott, Japhet Tanganga og Oliver Skipp meir speletid. Det kan jo ikkje bli spesielt mykje verre enn det har vore hittil?

Sats på ungdommen og dei nye spelarane

Som eg var inne på, har mangelen på fornying av spelargruppa vorte eit stort problem for klubben. Trenar Mauricio Pochettino har gått ut og sagt at det kjem til å bli ei "smertefull oppbygging", og at Tottenham Hotspur skal inn i eit "nytt kapittel". Og då må ein starte med å gjere sommarens signeringar til viktige brikkar i laget, saman med dei som framleis har lyst til å bli verande og gi 100 % for klubben. Tanguy Ndombele og Giovani Lo Celso må vere ein del av "første-ellevaren". Ryan Sessegnon må også, helst så fort som mogleg, få masse speletid og etter kvart bli ein berebjelke i laget.

I tillegg bør Mauricio Pochettino legge om strukturen på korleis ein integrerer akademiprodukt inn i a-laget. Argentinaren likar at dei blir verande i klubben og trenar med førstelaget, i staden for å fare på utlån og skaffe seg verdifull erfaring - og, etter mi meining, har det fungert dårleg. Eit godt eksempel er Kyle Walker-Peters. 22-åringen har vore i klubben heile vegen utan å fare på utlån, men utviklinga hans har stagnert, og han finn seg no i ein posisjon der han ikkje blir føretrekt av Pochettino - og i verste fall har det hindra ei svært lovande fotballkarriere. Dersom slike spelarar ikkje får speletid med førstelaget i ein alder av 19, 20 eller 21 år, så bør dei i aller fleste tilfelle lånast ut og spele for eit a-lag.

Som eg var inne på, bør unggutane, etter mi meining, få meir speletid. I løpet av Pochettino sin første sesong i klubben, gav han svoltne og unge spelarar som Nabil Bentaleb, Ryan Mason og Harry Kane tillit, og sjansen til å vise seg skikkeleg fram på førstelaget. Eldre og meir erfarne spelarar som Younes Kaboul, Etienne Capoue og Emmanuel Adebayor som ikkje var heilt einige i Pochettino sine metodar, vart brutalt sett ut av laget. Eg synst at 2019/20-sesongen, på nokre måtar, liknar på argentinarens første sesong i Tottenham. Dei "urolege" spelarane, som eg nemnde tidlegare, må fasast ut av laget. Skal eit Pochettino-system fungere, så må alle vere på same bølgelengd, og det er dei ikkje akkurat no.

Laget må fornyast

Vi har vore innom kva Pochettino bør gjere med spelarane som er i klubben per dags dato, men det er ikkje tvil om at klubben må hente inn nye spelarar, helst allereie i januar. Offensivt i bana ser det nokså greitt ut, men defensivt har laget store hol som må tettast. Høgreback-plassen har vore ein akilleshæl for laget heilt sidan Kyle Walker drog til Manchester City i 2017. Serge Aurier er uvøren og ujamn i stilen, Juan Foyth bør dyrkast som midtstoppar (mi meining) og Kyle Walker-Peters får ikkje tillit hos Pochettino. Midtstopparane er også eit problem, og kvalitetsspelarar som Alderweireld og Vertonghen, som sannsynlegvis ikkje fornyar kontraktane sine, må erstattast på skikkeleg vis. Venstreback-posisjonen bør også forbetrast. Danny Rose er på ei nedgåande kurve, og sjølv om Ben Davies er ein ryddig spelar, så er han ikkje god nok til å starte dersom ein skal kjempe heilt i toppen. Ryan Sessegnon kjem til å bli svært god, men er han eigentleg ein venstreback? Eg er usikker. I tillegg må det investerast i ein ballvinnar sentralt på midtbana. Eric Dier og Victor Wanyama heng ikkje lenger med på tempoet på midtbana, og Winks, Sissoko og Ndombele er ikkje spelarar som kan ligge som eit skjold framfor forsvaret.

Som vi ser, er det mykje som må gjerast. Spelarane som skapar dårleg stemning må fasast ut av laget, og ein må samtidig handle inn dei rette spelarane i dei rette posisjonane. Ein ny høgreback og defensiv midtbanespelar bør, etter mi meining, stå høgst på lista. 

Kva med trenar Mauricio Pochettino? Kjem det til å snu?

Dersom Tottenham held fram med å spele på same vis ut året, så trur eg fort at trenar Mauricio Pochettino kan få sparken, noko eg trur vil vere ei stor tabbe av styreleiar Daniel Levy. Pochettino har vist kva han kan få til, og har klart å bryte nye barrierar kvar einaste sesong han har vore i sjefsstolen i Nord-London. Han fortener å få bygge opp stallen på nytt, og starte eit nytt prosjekt. Den retten har han, med det han har levert i løpet av sine fem år i klubben, fortent. Hadde han blitt "backa" med kloke investeringar, slik som f. eks Jürgen Klopp i Liverpool, så hadde laget og klubben sannsynlegvis vore i ein like god situasjon som "scouserane". Og kven skal kome inn og gjere ein like god jobb med den SAME spelargruppa? Ja, laget vil kanskje få ein "boost" i starten av eit eventuelt trenarbytte, men eg trur det på lengre sikt vil vere negativt for klubben.

Personleg trur eg at det kjem til å snu for Pochettino og Tottenham snart. Tanguy Ndombele og Giovani Lo Celso har fått tilpassa seg livet i London, og kjem berre til å verte betre framover. Laget har også tidvis vist kvaliteten dei faktisk har, og under Pochettino har perioden rundt jul alltid vore ganske bra. Avansement i Champions League er så godt som sikra, og topp fire er framleis mogleg - men då må ein byrje å vinne kampar snarast. Eg håper at Levy og fansen er tolmodige, og gir Pochettino tid og tillit til å bygge opp nok eit svært bra lag. Den sjansen har han gjort seg fortent til!

Kommentarer

  1. Sissoko er blitt utrolig god og flink til å holde på ballen og Harry Winks har vært Englands beste spiller i 2 landskamper på rad og NDombele er også en solid forsterkning. At Rose er på vei nedover er jeg helt uenig i , men hva har han gjort siden Levy ikke vil gi ham ny kontrakt ?
    Enig i at Son er en viktig spiller, men han er altfor ego, og slår aldri en genial pasning ala det Kane gjør stadig vekk. Han har slått drømme pasninger til Son, Eriksen,Ali og Moura, men bør trene på mer fart, som er hans svakhet. Hva tror du Mourinho vil gjøre med laget ??

    SvarSlett
    Svar
    1. Mourinho kjem nok til å gjere laget meir robust defensivt, og på kort sikt kjem vi nok til å sjå ein "boost", men eg er spent på korleis det kjem til å gå etter "the honeymoon days"...

      Slett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?

Kva lærte vi av Sheffield United 3-1 Tottenham?