Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2020

Kva kjem Steven Bergwijn til å tilføre Tottenham?

Bilde
Dei siste dagane etablerte og eskalerte rykta om at Spurs kom til å hente PSV-spelar Steven Bergwijn, og onsdag føremiddag annonserte Premier League-klubben at 22-åringen kjem til å spele i liljekvitt framover. Men kven er eigentleg Steven Bergwijn og kva type spelar er han? Korleis passar han inn i laget? Og er dette eit godt kjøp av Tottenham? Kjelde: Tottenham Hotspur Har teke nye steg kvar sesong Steven Charles Bergwijn vart fødd og vaks opp i Amsterdam, og var i Ajax sitt akademi fram til 2011. Men som 14-åring, etter ei konflikt med ein av ungdomstrenarane i den tradisjonsrike klubben, valde han å byte ut Ajax med PSV. I Eindhoven vidareutvikla han seg kvart einaste år, og sidan 2013 har han vore fast inventar i Nederland sine diverse landslag. I 2014 vart han kåra til turneringas spelar i U-17-EM, der "Oranje" tapte for England i finalen. I oktober 2018 fekk Bergwijn herrelandslagsdebuten sin, og han har til no spelt ni kampar med flagget på brystet på sen

Korleis passar Gedson Fernandes inn i Tottenham?

Bilde
Onsdag føremiddag annonserte Tottenham at det har signert Gedson Fernandes frå Benfica på eit lån med 18 månadars varigheit, med ein opsjon på kjøp. 21-åringen har hatt ein sesong prega av skader og lite speletid, men no er han klar til å bidra og hjelpe til på ei skadeskoten Tottenham-midtbane. Kjelde: Tottenham Hotspur Vart hemma av trenarbytte Gedson Fernandes blir skildra som ein typisk "boks-til-boks"-midtbanespelar, og er mest komfortabel i "8ar"-posisjonen. Den unge portugisaren har kvikke føter og kan gjere kjappe retningsforandringar, han verkar som ein bestemt og moden type, kan frakte ballen framover ved hjelp av gode drible- og pasningsferdigheiter, kapabel til å gjere ein jobb i presset, bra skotfot frå distanse, og er generelt ein dynamisk spelar som tilfører energi i laget når han spelar på sitt beste.  Han har også vist at han leverer varene når det verkeleg gjeld, og presset er stort. Han var ein del av U17-laget til

Preview: Tottenham - Liverpool

Bilde
Laurdag kveld tek Tottenham imot Liverpool, som hittil står utan tap i Premier League, på Tottenham Hotspur Stadium. Kjem Liverpool og Jürgen Klopp sitt maskineri til å halde fram med å ta sigrar, eller kjem José Mourinho til å kome med ein meisterplan som fiksar Tottenham sine defensive problem? Kjelde: The Liverpool Offside Lagoppstillingar Personleg ser eg for meg at José Mourinho fort kjem til å stille i sin føretrekte 4-2-3-1-formasjon. Hugo Lloris er framleis ute etter den forferdelege skaden i oktober. Eg trur at Davinson Sanchez kjem tilbake i startoppstillinga etter å ha vore ute av laget dei siste tre kampane. Ben Davies er framleis skada, Danny Rose er tvilsam, og eg trur at Mourinho kanskje tenkjer at dette er ein litt for stor kamp for Ryan Sessegnon, så eg trur at Jan Vertonghen kjem til å starte på venstrebackplassen. Den sentrale midtbana er skadelidande for tida. Rekordkjøpet Tanguy Ndombele slit med å halde seg skadefri, og er ikkje tilgjengeleg i