Korleis passar Gedson Fernandes inn i Tottenham?


Onsdag føremiddag annonserte Tottenham at det har signert Gedson Fernandes frå Benfica på eit lån med 18 månadars varigheit, med ein opsjon på kjøp. 21-åringen har hatt ein sesong prega av skader og lite speletid, men no er han klar til å bidra og hjelpe til på ei skadeskoten Tottenham-midtbane.

Bilde
Kjelde: Tottenham Hotspur

Vart hemma av trenarbytte


Gedson Fernandes blir skildra som ein typisk "boks-til-boks"-midtbanespelar, og er mest komfortabel i "8ar"-posisjonen. Den unge portugisaren har kvikke føter og kan gjere kjappe retningsforandringar, han verkar som ein bestemt og moden type, kan frakte ballen framover ved hjelp av gode drible- og pasningsferdigheiter, kapabel til å gjere ein jobb i presset, bra skotfot frå distanse, og er generelt ein dynamisk spelar som tilfører energi i laget når han spelar på sitt beste. 

Han har også vist at han leverer varene når det verkeleg gjeld, og presset er stort. Han var ein del av U17-laget til Portugal som tok EM-gull i 2016, og då dei slo Spania på straffesparkkonkurranse i finalen, scora Fernandes på ei av straffene. 21-åringen har scora på Allianz Arena mot Bayern München i Champions League, og fått sin landslagsdebut for Portugal. Seniordebuten hans kom i den første kampen av Champions League playoff-oppgjeret mot Fenerbahce. I returoppgjeret, som forresten var hans tredje seniorkamp, styrte han showet og scora målet som sende tyrkarane ut av turneringa, og Benfica vidare til gruppespelet. Han har ikkje frykteleg mange kampar på baken på seniornivå, men fleire av dei kampane han har spelt, har vore av stor betyding.

Han fekk sitt verkeleg store gjennombrot førre sesong (2018/19), spelte over 1000 minutt for Benfica i Liga NOS, og fekk sin landslagsdebut for Portugal. Denne sesongen har det derimot ikkje gått på skinner for 21-åringen. Tidlegare Benfica-trenar Rui Vitoria, som gav Fernandes sjansen, vart erstatta av Bruno Lage, og den nye trenaren har ikkje hatt i nærleiken av like stor tru på ferdigheitene til Fernandes. I kalenderåret 2019 starta han berre tre ligakampar, og vart flytta ut på høgresida som ein hybrid mellom offensiv midtbanespelar/ving, noko som ikkje er hans føretrekte posisjon på bana. Lage likar å spele med ein midtbane-toar i staden for ein trear, noko som har hindra Fernandes i å få speletid på sentral midtbane, og blant anna tidlegare Tottenham-spelar Adel Taarabt har vore framfor Fernandes i køa. Dette har gjort at han no vart tilgjengeleg for eit klubbytte. 


Kva rolle får han i laget?


Så er naturlegvis spørsmålet; Korleis passar Gedson Fernandes inn i dette Tottenham-laget? Personleg trur eg ikkje at han er sett på som eit førstevalg dersom alle midtbanespelarane i stallen er friske, men alle er svært sjeldan friske i Tottenham, og han er difor med på å fylle eit hol i spelargruppa. Moussa Sissoko er ute i fleire månadar, kanskje resten av sesongen, med skade, og Tanguy Ndombele klarer ikkje å setje saman fleire kampar på rad utan å måtte ha ei pause eller bli skada. Ein skal difor ikkje sjå vekk i frå at portugisaren kjem til å få tillit og bra med minutt denne våren av sin landsmann i trenarstolen.

Som skrive tidlegare, likar han seg best på den sentrale midtbana, og som ein "boks-til-boks"-type. Den portugisiske fotball-analytikaren Tiago Estevao skriv på Twitter at han har hatt trøbbel med å spele i noko anna system enn som ein "8ar" i ei tremannsmidtbane, som t.d. i ein 4-3-3-formasjon. Signeringa av Fernandes kan bety at Mourinho har lyst til å legge til 4-3-3 i formasjonsarsenalet, og laget kan då likne på noko slikt som under.


Men personleg trur eg at Mourinho kjem til å halde fram med 4-2-3-1-formasjonen. I ei pressekonferanse nyleg sa 56-åringen at han har lyst til å spele på same måte som han gjorde mot West Ham, noko som var i ein 4-2-3-1 der laget angreip som ei trebackslinje og høgreback Serge Aurier spelte i ei svært framskoten rolle. Då kan Fernandes få rolla som "8aren" på midtbana saman med ein meir defensiv midtbanespelar.

Mourinho har også eksperimentert med ein slags 3-1-4-1/3-5-2-formasjon, noko som gjer at Fernandes får spele i ein trear på midtbana, som kan passe han svært bra. Då kan laget likne på det som er illustrert nedanfor. 

Personleg hadde eg håpa å få sjå Tanguy Ndombele i ei meir offensiv rolle enn eg har plassert han i no, men eg trur at Mourinho fort kjem til å bruke franskmannen i ei svært djuptliggande rolle når han kjem tilbake frå skade. 


Ein god handel for Tottenham?

Er dette eit bra kjøp av Tottenham? Det er sjølvsagt veldig vanskeleg, faktisk heilt umogleg, å avgjere allereie no, men sidan det er eit langtidslån (18 månadar) utan obligasjon, men opsjon på kjøp, gjer at det er ein ganske risikofri overgang. Og med såpass mykje skadetrøbbel som ein har på Spurs-midtbana, så er det greitt å få inn ein spelar til i det området. Eg trur ikkje at denne overgangen hadde skjedd dersom Moussa Sissoko hadde unngått den langvarige skada, og ein kan nesten rekne Fernandes som Sissoko sin erstattar ut sesongen. 

Det som blir interessant, er om Fernandes, som har fått tildelt trøyenummer 30, klarer å kome i gang kjapt, eller om han treng lang tid på å finne seg til rette i den nordlege delen av den britiske hovudstaden. Foreldra hans bur i London, noko som er eit stort pluss, men på den andre sida starta han berre fem kampar i ligaen og Champions League førre sesong for Benfica, og har langt ifrå optimal kamptrening. Det blir spennande å sjå om den unge portugisaren klarer å påverke laget nokså umiddelbart, eller om han treng tid til å tilpasse seg livet og fotballen i eit nytt land.

Som skrive tidlegare, er Fernandes ein "8ar", og personleg synst eg ikkje det er ein posisjon som burde blitt prioritert i dette overgangsvindauget. Laget treng ein ny høgreback, ein solid defensiv midtbanespelar, ein backup-angripar til Kane, og kanskje ein ny venstreback og ny midtstoppar. Får ein på plass nokre av desse, spesielt dei tre første, så ser eg ikkje noko problem i å få Fernandes inn dørene, men dersom det går utover innkjøp i andre og posisjonar med større manglar, så er det ei dårleg løysing.

Nok ein sentral midtbanespelar i stallen gjer at for eksempel Dele Alli får spele nærare motstandaren sitt mål, og slepp å dekke posisjonar djupare i bana, noko som er svært positivt. Signeringa av Fernandes bør ikkje gå utover speletida til Giovani Lo Celso, som har imponert i det siste, heller, sidan Mourinho ser på argentinaren som ein offensiv midtbanespelar, og har vore nølande med å spele han på den sentrale midtbana.

Det som er litt mistenksamt, er at Benfica lot det som skulle vere eit av deira største talent fare ut av klubben, og fansen verkar ikkje spesielt opprørte av overgangen heller. Det gjer at eg personleg har ganske dempa forventningar, men han er framleis svært ung, og kan plutseleg slå til. Det har vore suksess med midtbanespelarar som har blitt henta frå Benfica til Premier League før. Kanskje Tottenham har fått "den neste Ramires" i stallen? Time will show...

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?

Kva lærte vi av Sheffield United 3-1 Tottenham?