Innlegg

Korleis presterte "topp 6" i Premier League-sesongen 2018/19?

Bilde
Korleis presterte "topp 6" i Premier League-sesongen 2018/19? Premier League 2018/19 leverte det beste tittelracet (med tanke på kvalitet) vi nokon gong har sett, og det var til slutt berre eitt poeng som skilde Manchester City og Liverpool, i favør dei førstnemnde. Medan tittelracet var av høg klasse, kan ikkje det same seiast om kampen for Champions League-spel neste år. Chelsea, Tottenham, Arsenal og Manchester United leverte samla 3 sigrar på dei 20 siste kampane (kvart lag sine fem kampar lagt saman), noko som vitnar meir om ein nedrykksbatalje enn noko anna. I den raude delen av Manchester hamna Ole Gunnar Solskjær i sjefsstolen, og det såg lenge ut som ein dans på raude rosar, men det har etter kvart gått tråare for "the babyfaced assassin".

1. Manchester City: 100 poeng førre sesong. Dei kunne umogleg levere like bra denne sesongen, men Pep Guardiola og Manchester City viste kvifor dei er tidenes beste Premier League-lag. Å levere 100 poeng ein sesong er br…

Kva lærte vi av Tottenhams avansement til semifinalen i Champions League?

Bilde
Son, Llorente og VAR - Tottenham er vidare til semifinalen i Champions League!Då Tottenham trakk Manchester City i Champions League-kvartfinalen skreiv Kyle Walker "This will be fun" på Twitter, og jammen fekk han rett. Etter eit drama ikkje eingong William Shakespeare kunne ha skrive, gjekk Tottenham vidare til semifinale i verdas gjevaste klubbfotball-konkurranse. La oss sjå på nokre av punkta ein kunne notere seg frå gårsdagens elleville kamp. 

Kjelde: BBC
So close, yet so VAR away for Manchester City. VAR (Video Assistant Referee) vart denne sesongen innført i utslagsrundene av Champions League, noko som har fått stor innverknad på kva veg kampane har bikka. Sjølv likar eg mest å prate om sjølve fotballen, taktikkane og spelet, men etter ein slik kamp må VAR diskuterast. Manchester City hadde gått vidare til semifinalen dersom det ikkje hadde vore for denne teknologiske nyvinninga, sidan Sergio Aguero var i offside då han fekk ballen frå ein touch av Bernardo Silva. I of…

Kva lærte vi av Manchester United - Barcelona?

Bilde
Kva lærte vi av Manchester United - Barcelona?Det var ein tett og jamn kamp mellom to av verdas største klubbar onsdag kveld, men ein augneblinks brillianse var nok til å gjere at bortelaget Barcelona gjekk sigrande ut av det første kvartfinale-oppgjeret. Men kva lærte vi så av kampen? Det skal vi sjå litt på no.
Kjelde: 90min
Manchester United: Dårleg backspel, men bra sentral midtbane Banens verste i går kan nok dei fleste seie seg einige i; nemleg Ashley Young. Engelskmannen slo gjennom som ein rapp kantspelar, men har i dei siste åra vorte flytta ned som back eller vingback på begge sidene. Han har gjort ein nokså bra jobb lenge, men det har etter kvart vorte tydeleg at 33-åringen byrjar å drage på åra. Sjølv om "Dei raude djevlane" klarte å halde Barcelona-angrepet overraskande stille, så sleit Young når han fekk ballen høgt i bana. Han kom til mange innleggsmoglegheiter, heile 11 forsøk faktisk, og trefte ikkje medspelar på eit einaste forsøk! Som eit resultat av dei …

Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Bilde
Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?Liverpool tok søndag ettermiddag imot Tottenham til ein svært viktig kamp i Premier League. Heimelaget kjempar om ligatittelen, medan Tottenham har, etter ei dårleg rekke med resultat, blitt drege med i kampen om Champions League-plassane. Det såg ut til å ebbe ut i poengdeling, men heilt på tampen kløna Tottenham-keeper Hugo Lloris det til og ballen fann vegen til nettmaskene - sluttresultatet vart dermed 2-1 til Liverpool. Det var mange interessante punkt og hendingar som fann stad i denne toppkampen, og vi skal no kome innom nokre av dei.


Kjelde: Evening Standard
Marginar og ein fomlete keeper Liverpool si evne til å ha "tur" og å ha marginane på si side har vore heilt utruleg denne sesongen, men det er ikkje slik at flaks berre blir delt ut vilkårleg heile tida. Det er nemleg oftast dei gode laga som har flaks, nettopp fordi dei set seg sjølve i gode posisjonar og legg ned det harde arbeidet som må til for å kunne vippe kampen i sin …

Tottenham utklassa Dortmund på Wembley

Bilde
Tottenham utklassa Dortmund på Wembley
Eit skadeskote Tottenham mot eit ligaleiande Borussia Dortmund under flomlysa på Wembley. Det var ramma før kampen, og Dortmund vart av folk flest heldt som favorittar til å gå sigrande ut av åttedelsfinalen sin første kamp. Etter 1. omgang kunne det fort sjå ut som om folk flest hadde rett, og at Dortmund kom til å vinne, i alle fall samanlagt, men ein spektakulær 2. omgang frå heimelaget gjorde at dei har ein og ein halv fot i kvartfinalen før kamp nummer to skal spelast. Kvifor endra kampbildet seg så mykje etter pausen?

Pochettino viser taktisk forståing på nytt nivå Mauricio Pochettino har tidlegare fått kritikk for å ikkje vere god nok til å gjere endringar og byte undervegs i kampen, men mot Dortmund kan ikkje dette seiast å vere tilfelle. Ved pause flytta han Christian Eriksen djupare i bana, formasjonen vart noko ala 3-5-2 og vingbackane fekk flytte seg høgare i bana og spele meir aggressivt. Denne aggressiviteten resulterte i mål under…

7 ting vi lærte frå Liverpool - Manchester United

Bilde
7 ting vi lærte frå Liverpool - Manchester United Det tradisjonsrike oppgjeret mellom to raude erkerivalar enda i einvegskøyring og heimesiger. Liverpool og Jürgen Klopp er høgtflygande om dagen, medan Manchester United og José Mourinho har nådd eit nytt botnnivå. Her er 8 ting vi lærte frå Liverpool - Manchester United: 
1. Fabinho er i gong Den defensive midtbanespelaren frå Brasil har hatt småtrøbbel med å kome i gang for raudtrøyene frå Merseyside. Hans første kamp frå start i Premier League kom seint i oktober, og i bortekampen mot Arsenal sleit han med tempoet. Det gjord han derimot ikkje i denne kampen. Han leste spelet godt, og hadde mange smarte og gode avskjæringar. Han var dermed svært viktig i å øydeleggje bortelagets rytme. Han viste også fram sine typiske "fiskekrok"-taklingar der han, med sine lange bein, pakka inn ballen med foten. Denne type takling gjer at han vinn ballen, og i tillegg klarer å halde på den. Det var ikkje berre defensivt han bidrog. Med ba…

7 ting vi lærte frå Manchester United - Arsenal

7 ting vi lærte frå Manchester United - Arsenal Onsdagens thriller mellom Manchester United og Arsenal enda uavgjort på "Draumanes Teater", noko begge lag ikkje var heilt nøgde med. José Mourinho ville tilbake på vinnarsporet, medan Unai Emery ville byggje vidare på sigeren mot erkerival Tottenham i helga. Her er 7 ting vi lærte frå kampen:
1. José Mourinho har eit midtstopparproblem Ei trebackslinje beståande av Eric Bailly, Chris Smalling og Marcos Rojo ser ikkje på papiret spesielt trygt ut, noko som også gjeld for verkelegheita. Både Bailly og Rojo har hatt lite speletid denne sesongen, og for dei å kome inn samtidig i midtforsvaret var eit modig valg av Mourinho. Ein såg tydeleg at dei to var rustne, samstundes som Chris Smalling ikkje heilt har nivået inne. Han glapp nemleg markeringa si på 0-1, medan Rojo rota det til med eit enkelt balltap på 1-2. Det som kanskje var mest overraskande var at klareringane til United-stopparane var frykteleg dårlege. Sleivtreff og bal…