Innlegg

Viser innlegg fra september, 2020

Korleis passar Sergio Reguilón inn i Tottenham?

Bilde
Fleire pålitelege kjelder melder at Tottenham har henta Sergio Reguilón og at det berre er eit tidsspørsmål før han blir presentert i den liljekvite trøya. Den spanske venstrebacken kjem frå ein svært god sesong i Sevilla og vil tilføre laget frå Nord-London mykje kvalitet – men må José Mourinho endre systemet sitt for å spele til 23-åringen sine styrker? Det skal ein ikkje sjå vekk frå... Bilde: Daily Mail Offensiv og uredd i spelestilen Sergio Reguilón er ein vaskekte Real Madrid-gut og har gått gradene i klubben sitt akademi frå han var åtte år gamal. I 2018/19-sesongen fekk han sitt gjennombrot då han tok plassen til Marcelo i ei rekkje kampar. Zinedine Zidane var ikkje like entusiastisk som Santiago Solari, og førre sesong tok venstrebacken turen til Andalucia for å spele for Sevilla på lån. Han vart straks ei viktig brikke i Julen Lopetegui sitt mannskap og bidrog sterkt til at klubben tok sin fjerde Europa League-tittel på seks år. Reguilón passar på overflata fint inn i stereot

Jan Vertonghen - ei moderne Tottenham-legende

Bilde
33-åringen kom inn portane på det gamle treningssenteret til klubben sommaren 2012 og har sidan då verkeleg vore med på ei reise i ein klubb som har sett stor utvikling. Åtte år etter overgangen frå Ajax, forlèt Vertonghen no Tottenham som ei ekte legende. Bilde: Reddit I løpet av sine ni år i Ajax, klarte belgiske Jan Vertonghen å bli kåra til årets spelar i Nederland i 2012, i tillegg til å plukke med seg to ligameisterskap og to cupgull. Dette gjorde at den teknisk skulerte midtstopparen tiltrekte seg merksemd frå fleire europeiske storklubbar, og det var Tottenham og nyleg tilsette André Villas-Boas som trekte det lengste strået i kampen om den då 25 år gamle Ajax-spelaren.   Vertonghen fekk ein svært bra start på livet i Nord-London og passa godt inn i Villas-Boas sin filosofi som baserte seg mykje på å halde ballen i laget. Han starta ikkje 2012/2013-sesongens første Premier League-kamp, som enda i eit 2-1-tap for Newcastle på bortebane, men allereie i serierunde nummer to fekk h