Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2020

Analyse: Kva lærte vi av Manchester United 1-6 Tottenham?

Bilde
Premier League-søndagen leverte det eine sjuke resultatet etter det andre, og eitt av dei var Manchester United 1-6 Tottenham. Ein skal vere forsiktig med å analysere for djupt etter at eit lag spelar mesteparten av kampen med ein spelar mindre, men det var framleis nok av ting å ta tak i frå oppgjeret.  Bilde: Evening Standard Intelligent c*nts og vinnarmentalitet Etter eit sjokkresultat, som for eksempel Manchester United 1-6 Tottenham, brukar ofte brorparten av merksemda å gå til kor dårlege laget som tapte spelte. Seinare i innlegget skal vi kome tilbake til nettopp det, men før den tid skal vi innom eit av Tottenham-trenar José Mourinho sine sitat, som vart kjent gjennom Amazon-dokumentaren "All or Nothing": "You have to be intelligent c*nts, not stupid c*nts."  Høgrekant Erik Lamela hadde nok dei orda i hjernebarken då han slo til med ein alboge mot Manchester United-spiss Anthony Martial. I retur fekk han eit klaps, og då han tydeleggjorde dette ovanfor domma