Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2018

7 ting vi lærte frå Liverpool - Manchester United

Bilde
7 ting vi lærte frå Liverpool - Manchester United Det tradisjonsrike oppgjeret mellom to raude erkerivalar enda i einvegskøyring og heimesiger. Liverpool og Jürgen Klopp er høgtflygande om dagen, medan Manchester United og José Mourinho har nådd eit nytt botnnivå. Her er 8 ting vi lærte frå Liverpool - Manchester United:  1. Fabinho er i gong Den defensive midtbanespelaren frå Brasil har hatt småtrøbbel med å kome i gang for raudtrøyene frå Merseyside. Hans første kamp frå start i Premier League kom seint i oktober, og i bortekampen mot Arsenal sleit han med tempoet. Det gjord han derimot ikkje i denne kampen. Han leste spelet godt, og hadde mange smarte og gode avskjæringar. Han var dermed svært viktig i å øydeleggje bortelagets rytme. Han viste også fram sine typiske "fiskekrok"-taklingar der han, med sine lange bein, pakka inn ballen med foten. Denne type takling gjer at han vinn ballen, og i tillegg klarer å halde på den. Det var ikkje berre defensivt han bidrog.

7 ting vi lærte frå Manchester United - Arsenal

7 ting vi lærte frå Manchester United - Arsenal Onsdagens thriller mellom Manchester United og Arsenal enda uavgjort på "Draumanes Teater", noko begge lag ikkje var heilt nøgde med. José Mourinho ville tilbake på vinnarsporet, medan Unai Emery ville byggje vidare på sigeren mot erkerival Tottenham i helga. Her er 7 ting vi lærte frå kampen: 1. José Mourinho har eit midtstopparproblem Ei trebackslinje beståande av Eric Bailly, Chris Smalling og Marcos Rojo ser ikkje på papiret spesielt trygt ut, noko som også gjeld for verkelegheita. Både Bailly og Rojo har hatt lite speletid denne sesongen, og for dei å kome inn samtidig i midtforsvaret var eit modig valg av Mourinho. Ein såg tydeleg at dei to var rustne, samstundes som Chris Smalling ikkje heilt har nivået inne. Han glapp nemleg markeringa si på 0-1, medan Rojo rota det til med eit enkelt balltap på 1-2. Det som kanskje var mest overraskande var at klareringane til United-stopparane var frykteleg dårlege. Sleivtreff