7 ting vi lærte frå Manchester United - Arsenal

7 ting vi lærte frå Manchester United - Arsenal

Onsdagens thriller mellom Manchester United og Arsenal enda uavgjort på "Draumanes Teater", noko begge lag ikkje var heilt nøgde med. José Mourinho ville tilbake på vinnarsporet, medan Unai Emery ville byggje vidare på sigeren mot erkerival Tottenham i helga. Her er 7 ting vi lærte frå kampen:

1. José Mourinho har eit midtstopparproblem

Ei trebackslinje beståande av Eric Bailly, Chris Smalling og Marcos Rojo ser ikkje på papiret spesielt trygt ut, noko som også gjeld for verkelegheita. Både Bailly og Rojo har hatt lite speletid denne sesongen, og for dei å kome inn samtidig i midtforsvaret var eit modig valg av Mourinho. Ein såg tydeleg at dei to var rustne, samstundes som Chris Smalling ikkje heilt har nivået inne. Han glapp nemleg markeringa si på 0-1, medan Rojo rota det til med eit enkelt balltap på 1-2. Det som kanskje var mest overraskande var at klareringane til United-stopparane var frykteleg dårlege. Sleivtreff og ballen rett tilbake til motspelar vart ei rutine i denne kampen, noko som tillot Arsenal å kunne angripe gong på gong. Marcos Rojo skulle nok ha vorte utvist etter ei frykteleg sein takling på Arsenals midtbanespelar Matteo Guendouzi. Rojo og Smalling held nok ikkje nivået, men Bailly har kvalitetane og potensialet til å spele fast for "The Red Devils". Han har ein fantastisk fysikk, er svært rask, noko som gjer at han er eksepsjonell 1 mot 1, noko vi såg i ein av løpsduellane mot Pierre-Emerick Aubameyang. Han manglar litt ro, og kan stundom gjere litt galne avgjersler, men innerst inne har dei ein svært god midtstoppar i ivorianaren. Han og Victor Lindelöf i lag verkar som det beste midtstopparparet Mourinho kan mønstre per dags dato. 

2. Lucas Torreira er Arsenals viktigaste spelar

Uruguayanaren har vist seg som kanskje den beste signeringa av noko lag i Premier League denne sesongen. Han har kome inn i den famøse Claude Makelele-rolla på midtbana, noko som betyr at han skal vinne att ballen og dekke mykje rom. Dette har han gjort på briljant vis, og har løfta heile laget til eit nytt nivå. Dette har vore ein posisjon som har Arsenal har slite med, nesten heilt sidan Patrick Vieira & co gav seg. Det Torreira er så utruleg flink til, er å gjere lagkameratane sine gode, og dette er ein sjeldan eigenskap. Vi såg det med N'Golo Kanté og Leicester i 15/16-sesongen då Wes Morgan, Robert Huth og Danny Drinkwater såg ut som "worldbeaters". Den samme verknaden trur eg vi er i ferd med å sjå hos Arsenal. Uansett om Granit Xhaka eller Matteo Guendouzi spelar saman med han sentralt, så spelar dei betre når han er der. Forøvrig så ser Guendouzi ut til å vere ein spennande spelar, med mange gode kvalitetar passande til den djuptliggande playmaker-rolla. Arsenal må passe på å få maksimert potensialet og talentet hans ved å gi han nok speletid. Tilbake til Torreira, han er den spelaren med flest gjenvinningar (110 stk) av ballen blant dei topp seks laga sine utespelarar. Det er ein statistikk som er skildrande for Torreira sin haustsesong til no. Han var banens beste mot Tottenham i helga, og heldt fram med å gjere den same jobben onsdag kveld på Old Trafford. 

3. Kvar er førre sesongs David de Gea?

David de Gea har ikkje sett ut som seg sjølv heilt sidan sesongslutt i mai. Han gjorde fleire tabber i VM og den dårlege forma har heldt fram inn i noverande sesong. I denne kampen markerte han seg tidleg med negativt forteikn i form av ei tabbe på 0-1-målet. Arsenal-midtstoppar Shkodran Mustafi heada i bakken, noko som gjorde at ballen fekk ein lei sprett for Manchester Uniteds spanske målvakt. Han burde berre ha slått den vidare over mål, men prøvde i staden å halde ballen. Dette gjekk ikkje bra, og gjestane hadde skaffa seg leiinga. I tillegg til nokre tabber her og der, så har prestasjonane elles denne sesongen vore på eit lågare nivå enn i sesongen før. Det som er sannsynleg her er at 17/18-sesongens prestasjonar ikkje var berekraftige. Det vil seie at det han gjorde den sesongen var på eit såpass høgt nivå at det nesten ikkje kunne halde fram. Det var ein av dei beste sesongane ein har sett frå ein keeper nokonsinne. Men det er uansett litt bekymringsverdig at han gjer tabber, for det kan vere eit teikn på litt dårleg sjølvtillit, noko som spelar ei stor rolle som fotballspelar, og spesielt som keeper. Vi hugsar godt tabbene han gjorde i si tidlege United-karriere, men det verka som om han hadde vekse dei av seg. Manchester United-fansen får håpe at han finn tilbake til fjorårets nivå. Rett nok hadde han ein fantastisk 2. omgang i denne kampen, og var avgjerande for at "kanonene" frå London ikkje drog med alle poenga. Det var dette nivået ein har vorte vant med å sjå de Gea på, og for United-fansen sin del får ein håpe at han klarer å byggje vidare på andreomgangen. 

4. Arsenal og 1. omgang = Usant

Ein av dei mest underlege statistikkane denne sesongen er forskjellen på Arsenal i 1. og 2. omgang. Laget frå Nord-London har altså ikkje leia ein einaste kamp i Premier League til pause! Det har stått likt 11 gongar til pause når Arsenal har spelt, og dei har lege under 4 gongar. Det er ganske sinnsjukt m.t.p at dei ikkje har tapt ein einaste kamp sidan august. Dei har 11 sigrar, 2 uavgjorte kampar og 2 tap, noko som viser ei stor evne til å snu kampane i sin favør, samstundes som det viser at dei startar kampane ganske svakt. Arsenal er eitt av laga i ligaen som slepp til flest skot per kamp, og ein kan seie at dei har hatt marginar med seg i fleire av kampane. Ein kan forvente at desse marginane byrjar å vippe den andre vegen i litt fleire kampar utover sesongen, men det er uansett ein stor prestasjon å gå 20 kampar utan tap i alle turneringar. Det er faktisk 11 år sidan dei raude frå Nord-London gjorde dette sist, noko som viser kor store steg laget har teke under Unai Emery. Sjølv om ein kan forvente at ein liten formdupp kjem i løpet av sesongen, så har Arsenal eit såpass bra angrep at sjølv på dårlege dagar, så er dei individuelle ferdigheitene gode nok til å vinne kampen på eigenhand. Men for at dei skal kunne halde fram med å plukke mykje poeng, så må Emery og Arsenal forbetre 1. omgangane sine. 

5. Mourinho må sleppe laus dei offensive spelarane sine

Heilt sidan Sir Alex Ferguson la opp i 2013, har Manchester United vore inne i ei av dei dårlegaste periodane sidan Ferguson starta som trenar på 80-talet. I tillegg til at resultata ikkje har vore ønskjelege, så har mykje av underhaldningsverdien av å sjå på Manchester United forsvunne. Dette kjem nok av at to meir defensivt orienterte trenarar i Louis van Gaal og José Mourinho har fått styre skuta. Av offensivt arsenal har United utruleg mange gode spelarar å velge mellom. Anthony Martial har potensiale til å verte ein av verdas beste innoverkantar, og viser prov på dette for tida m.t.p. den gode forma hans. Jesse Lingard er ein svært intelligent fotballspelar som har ei svært god oppfatning av kva situasjonar som potensielt kan omgjerast i mål, og er generelt god til å finne små lommer med rom der han kan utrette farlegheiter. Marcus Rashford har også eit enormt potensiale, og kan kome langt med kvikke føter og eit rapt skot. Han bør kanskje helst dyrkast som rein spiss, evt. som ein venstrekant som kan kome inn i bana og fyre av skot. I tillegg har ein spelarar som Romelu Lukaku, Alexis Sanchez, Juan Mata, og ikkje minst Paul Pogba som kan bidra med svært mykje offensivt. Det viktige blir å skape eit frittflytande system der ein kan få flest mogleg kvalitetsspelarar på bana, samstundes som ein klarer å behalde ei viss rytme i laget. Det er nettopp dette trenarar som t.d. Pep Guardiola er eksepsjonell god til. José Mourinho må tore å sleppe dei offensive spelarane sine lause, for dei har kvalitetar som kan skape problem for absolutt alle lag i verda. 

6. Diogo Dalot bør ikkje vere førsteval på høgrebackplassen

Ein plass som har skapt problem for José Mourinho & co denne sesongen er høgrebacken. Antonio Valencia har slitt med skader og verkar å vere "på hell", noko som har gjort at det har vorte litt usikkerheit rundt posisjonen. Ashley Young har spelt mesteparten av kampane og har gjort sakene sine greitt, men han er ingen langsiktig løysing på problemet. I onsdagens kamp fekk den unge portugisaren Diogo Dalot sjansen som vingback på høgresida, men han overbeviste ikkje mange. Han etterlot store rom og sleit fælt med Arsenal sin venstre-vingback, Sead Kolasinac, som kom på mange gode løp og skapte fleire store sjansar etter innlegg frå United si høgreside. Alex Iwobi og Aaron Ramsey fann han åleine der ute gong etter gong, og det er overraskande at det ikkje vart mål ut av eitt av innlegga hans. Dalot har mykje potensiale og kan definitivt bli ein god spelar, men han er altfor ung, urutinert og uferdig til å vere førstevalg i denne posisjonen. Han slit med både sitt eige og kampens tempo, og må få tid til å tilpasse seg laget og ligaen før han bør starte ein kamp som dette. "Dei raude djevlane" bør skaffe seg ein ny høgreback i sommar, eller helst januar, og så kan Dalot vere andrevalg, og sakte men sikkert verte førstevalg om nokre år. Han er spennande, misforstå meg rett, men han er per dags dato ikkje god nok til å starte i Premier League mot Arsenal. 


7. Rivaliseringa mellom laga er ikkje heilt vekke

Ein trend dei siste åra på "balløya" er at Premier League har vorte ei pengemaskin der lokale supportarar vert prisa ut av stadion, og turistar utan kjensler til laget kjem inn i staden. I tillegg er det mykje vanskelegare for lokale unggutar som verkeleg har kjensler for laget sitt å kome opp gjennom akademia. Dette er svært trist, men det er realiteten og ein kan sjå det igjen på bana. Lokaloppgjer mellom rivalar har på generell basis vorte tammare, men denne kampen viste at det framleis kan slå litt gnistar i slike oppgjer. Mellom det 38. og det 43. minuttet vart det delt ut heile 5 (!) gule kort, og elles i kampen var det ein nerve som gjorde at det var artig å sjå på. Det er sjølvsagt ikkje bra med stygge taklingar, men i eit storoppgjer som dette der både ære og poeng står på spel, så skal det vere eit visst nivå med temperatur. Marcos Rojo var heilt på grensa til raudt kort då han hoppa inn med beina altfor seint i Matteo Guendouzi. Sistnevnte fekk gjennomgå litt seinare i kampen då Marouane Fellaini ville ha sveisen sin tilbake, noko som er såpass usportsleg at han kunne ha sett raudt i den situasjonen. Uansett, så var det artig å sjå at det var litt "fyr i teltet" igjen, slik vi hugsar duellane mellom Roy Keane og Patrick Vieira, og Ruud van Nistelrooy og Martin Keown. Lat oss håpe at denne gnisten og temperaturen ikkje blir vaska vekk frå pengemaskina Premier League. 


Har Manchester United sjans på topp 4?

Kampen bar på generell basis preg av dårleg forsvarsspel i eiga boks, og begge lag har stort forbetringspotensiale akkurat i den fasa av spelet. Eg trur nok at Nord-London-derbyet tok mykje energi ut av Arsenal, noko som gjorde at dei ikkje klarte å få med seg alle poenga heim til London. Uansett, så kan denne kampen vise seg å verte fatal for Mourinho og United sine sjansar til å hamne blant dei fire beste og dermed spele Champions League neste sesong. Dei ligg no på 8. plass med 23 poeng, noko som betyr at det er heile 8 poeng opp til 4. plass. Dersom dei ikkje klarer å betre spelet sitt, så kan denne avstanden auke ytterlegare og øydelegge alt av håp om meisterliga-spel komande sesong. Det kjem til å verte svært vanskeleg for Manchester United å karre seg opp og ta igjen lag som Arsenal, Chelsea og Tottenham, men håpet er der framleis. José Mourinho og klubben veit kva som skal til for å gjere noko slikt, men om dei er i stand til å faktisk gjere det, er meir usikkert. Det vert uansett svært spennande i kampen om Champions League-plassane der Arsenal er med for fullt. Unai Emery har verkeleg fått sving på sakene og med dei offensive kvalitetane i tillegg til bulldogen Lucas Torreira på midten, kan dei verkeleg overgå forventningane som vart sette til dei før sesongstart. Dette er to lag som har mykje å spele for i tida framover!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?