Innlegg

Viser innlegg fra april, 2020

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?

Bilde
I 2017 var Harry Kane verdas beste spiss, men frå og med 2018/19-sesongen har Tottenham-talismanen sine tal hatt ei nedgåande kurve, og denne sesongen er det ti spelarar som har scora fleire mål enn han i Premier League. Kva har skjedd? Er det skadane som har mest skuld? Eller har laget rundt han blitt såpass mykje dårlegare, og må ta det største ansvaret? Foto: Sporting Life Verdas beste spiss i 2017 Harry Kane slo for alvor gjennom i Premier League seint i 2014, og scora sitt første Premier League-mål i Pochettino-æraen då han avgjorde på overtid borte mot Aston Villa. Han enda 2014/15-sesongen med heile 21 mål, noko som er ekstremt imponerande ettersom hans første mål kom såpass seint i sesongen. Neste sesong, 2015/16, vart han toppscorar i Premier League med botnsolide 25 mål, rett framfor Sergio Agüero og Jamie Vardy på 24 mål. Men det var litt ut i 2016/17-sesongen at Kane verkeleg skulle nå det som har vore hans høgste nivå hittil i karrieren. Den sesongen scora h