7 ting vi lærte frå Liverpool - Manchester United

7 ting vi lærte frå Liverpool - Manchester United

Det tradisjonsrike oppgjeret mellom to raude erkerivalar enda i einvegskøyring og heimesiger. Liverpool og Jürgen Klopp er høgtflygande om dagen, medan Manchester United og José Mourinho har nådd eit nytt botnnivå. Her er 8 ting vi lærte frå Liverpool - Manchester United: 

1. Fabinho er i gong

Den defensive midtbanespelaren frå Brasil har hatt småtrøbbel med å kome i gang for raudtrøyene frå Merseyside. Hans første kamp frå start i Premier League kom seint i oktober, og i bortekampen mot Arsenal sleit han med tempoet. Det gjord han derimot ikkje i denne kampen. Han leste spelet godt, og hadde mange smarte og gode avskjæringar. Han var dermed svært viktig i å øydeleggje bortelagets rytme. Han viste også fram sine typiske "fiskekrok"-taklingar der han, med sine lange bein, pakka inn ballen med foten. Denne type takling gjer at han vinn ballen, og i tillegg klarer å halde på den. Det var ikkje berre defensivt han bidrog. Med ball i beina viste han enorm ro, og klarte å spele eller drible av Manchester Uniteds press ved fleire høve. Banens beste-prestasjonen toppa seg med den nydelege assisten til Sadio Mané. Ei perfekt vekta pasning frå Fabinho og eit svært smart løp frå Mané gjorde at heimelaget gjekk opp i leiinga. Det har teke litt tid for brasilianaren å kome i gong, men dette såg vi at Klopp gjorde med venstreback Andy Robertson førre sesong, og vi veit alle korleis det har gått. Dersom Fabinho klarer å halde fram på dette viset i tida framover, så kan han vise seg som den siste brikka i puslespelet på vegen til suksess. 


Bilderesultat for fabinho vs man utd
Fabinho hadde full kontroll på midtbana. Bilete: TalkSport

2. José Mourinho bør få sparken

Å tape mot eit såpass bra Liverpool-lag er det ingen skam i. Men å tape så overbevisande som i denne kampen er noko anna. José Mourinho har no fått halde på i jobben sidan sommaren 2016, og ein har ikkje sett noko forbetring, situasjonen har eigentleg berre forverra seg. Vi såg at Sir Alex Ferguson rista på hovudet undervegs i kampen og det er ikkje vanskeleg å skjønne kvifor. Mykje av strukturen og det Ferguson bygde opp har nærmast systematisk blitt brote ned sidan ansettelsen av David Moyes. Fleire skildrar José Mourinho som eit "virus" som spreiar seg utover i klubben og blant spelarane. Angiveleg og ironisk nok vart Paul Pogba kalla eit virus av José Mourinho i garderoba, men han bør ta ein liten titt på seg sjølv. Endring må til. Synonymt med Manchester United under Ferguson-æraen var underhaldande og angripande fotball, og det ligg i klubben, spelarane og supporterane sitt DNA at klubben skal spele fotball på denne måten. Dette har vorte og vert undertrykt av Mourinho. Ein ny manager og spelestil må til for å få klubben tilbake på rett spor. Når ein startar ein så viktig kamp med tre av sine beste spelarar i Paul Pogba, Juan Mata og Anthony Martial på benken, så er det ingen veg tilbake. Portugisaren må vekk frå Manchester United og kan fort vere ferdig som manager på det heilt øvste nivået. 


Bilderesultat for jose mourinho
José Mourinho spelar feil type fotball, utan å få resultat. Bilete: The Telegraph

3. X-en i x-faktor står for Xherdan

"Alpenes Messi" har fått kallenavnet sitt av ein grunn, og "cameoen" hans denne kampen viste prov på at Jürgen Klopp var svært smart då han kjøpte sveitsaren for det som vert rekna som lommepengar i "fotballbobla". Fleire spurte seg: "Kva skal Klopp med Shaqiri når han har Salah, Mané og Firmino?", men det at han ikkje nødvendigvis startar kampane vil ikkje seie at han kan spele ei viktig rolle. Han har vore svært god i Liverpool-trøya og rolla han har fått tildelt av Klopp hittil, og denne kampen stadfesta dette ytterlegare. Shaqiri viste seg som katalysatoren for at alle poenga vart verande på Anfield, og det er nettopp dette han har vorte henta for. Dersom den farlege trioen på topp enten slit med å avgjere kampen eller visst ein av dei er skada, så kan Shaqiri gli saumlaust inn i laget og gjere ein svært god jobb. Begge måla hans kom etter ei retningsforandring av ein motspelar, men måla måtte nesten kome når Liverpool fekk skyte så mykje som dei gjorde, og sveitsaren vart avgjerande. Han har alle kvalitetane og x-faktoren som skal til og er ein svært god ressurs for Klopp og Liverpool. Sjå ikkje vekk frå at Shaqiri kjem til å vippe fleire kampar i Liverpools favør i løpet av sesongen. 


Bilderesultat for xherdan shaqiri vs manchester united
Xherdan Shaqiri vart matchvinnar mot erkerivalen. Bilete: The Telegraph

4. Stort gap i styrkeforholdet mellom laga

Heilt sidan introduksjonen av Premier League i 1992, har Manchester United vore overlegne Liverpool i nesten alle sesongane. Unntaka er 01/02-, 13/14- og 16/17-sesongane der Liverpool hamna over sine rivalar frå Manchester. Dette viser Manchester Uniteds dominanse over "The Reds", men vi ser tydeleg på tabellen nedanfor at dette fort kan endre seg. Manchester United er altså nærmare sisteplassplasserte Fulham som har 9 poeng, enn ligaleiar Liverpool med 45 poeng. I 13/14-sanka Liverpool 20 poeng meir enn United, men no har dei allereie 19 poeng meir - og vi er ikkje halvvegs i sesongen endå! 26 poeng er Manchester Uniteds lågaste poengsum etter 17 kampar i Premier League-æraen, og når Liverpool då gjer sin beste sesong på svært, svært lenge, så vert forskjellen mellom laga stor. Dette er heilt klart den største forskjellen i kvalitet vi har sett mellom laga i Liverpool sin favør. Manchester United har faktisk hatt eit ganske godt tak på rivalane sine frå Liverpool, og sist gong Liverpool slo Manchester United i Premier League var i mars 2014. Denne kampen gjorde altså at Liverpool klarte å bryte ein liten "hoodoo". Liverpool-fansen kan smile på toppen av tabellen, medan Manchester United-supporterane må håpe at neste år vert betre. 


Tabellen per dags dato (17. desember). Bilete: Alt om fotball

5. Jesse Lingard dukkar opp

Sjølv om nokre vil rekne dette som det verste nederlaget for Manchester United på svært mange år, p.g.a. måten kampen utspelte seg på, ikkje nødvendigvis resultatet, så var det nokre positive punkt å ta med seg. Eitt av dei er at Jesse Lingard nok ein gong dukkar opp på typisk Jesse Lingard-vis i ein storkamp. Han har fått eit rykte på seg for å dukke opp med ei målinvolvering i storkampane, med rette, noko han beviste her. Målet kom etter 33 minutt og det var Lingard som starta angrepet. Han klarte å time løpet sitt i 16-meteren til perfeksjon ettersom han var på rett plass då Alisson glapp ballen ut i feltet. Sjølv om engelskmannen kanskje ikkje har dei tekniske og fysiske kvalitetane i verdsklasse, så er han ein smart og lur fotballspelar, noko ein kan kome langt med. Han er svært god til å finne rom i trange situasjonar og til å dukke opp der ballen dett ned, litt i likskap med Dele Alli. Sjølv om Lingard kanskje ikkje er "Manchester United-materiale" til å vere i startoppstillinga, så kan han spele same rolle som Xherdan Shaqiri, sjølv om dei er to ganske forskjellige spelarar. 

Bilderesultat for jesse lingard vs liverpool
Jesse Lingard utlikna til 1-1, men det skulle ikkje halde. Bilete: Sports Mole

6. Ligaens beste keeper: David de Gea eller Alisson Becker?

Debatten om kven som er ligaens beste keeper har pågått gjennom heile hausten. David de Gea har ikkje vore på samme nivå som førre sesong, medan Alisson Becker har kome inn som eit svært friskt pust i Liverpool-laget. Det vert vanskeleg å samanlikne innslupne mål, sidan kvaliteten på forsvaret framfor dei er svært varierande. Becker har gjort to tabber denne sesongen, mot Leicester og Manchester United, men har elles, etter mi meining, levert på eit betre nivå enn de Gea denne sesongen. Dette betyr ikkje at de Gea er ein dårlegare keeper enn Becker, men at brasilianaren har vore betre enn han denne sesongen. Sant skal seiast at de Gea ikkje har ein spesielt dårleg sesong, men at det er svært vanskeleg gjenskape førre sesong, samstundes som forsvaret framfor han faktisk har vorte dårlegare. Dei er nok dei to beste keeperane i ligaen, med Ederson ikkje langt bak. Kepa Arrizabalaga og Hugo Lloris er også gode, men har litt igjen før dei er på Becker og de Gea sitt nivå. 


Bilderesultat for alisson lingard
Alisson Becker glapp ballen til Jesse Lingard på 1-1-målet. Bilete: Caught Offside

7. Andy Robertson er ligaens beste venstreback

Debatten mellom kven som er ligaens beste venstreback har også gått lenge denne sesongen. Er det Andy Robertson eller Benjamin Mendy? Denne kampen svarte nok for seg. Mendy har rett nok vore skada og kjem til å vere skada ei lang periode framover, men rett før skada såg vi ein dupp i prestasjonane hans kontra starten på sesongen. Robertson derimot har levert jamnt og bra heile sesongen, og toppa det med ein maktdemonstrasjon i denne kampen. Med fart, fysikk, teknikk og "smartness" gav han Fabinho svært god kamp om å verte banens beste. Diogo Dalot og resten av høgresida til Manchester United sleit mykje med ein utrøtteleg skotte på sida si. Robertson sprang og sprang, og såg ikkje ut til å gå tom for energi. Han har vist seg som nok ei fantastisk signering av Jürgen Klopp då han kom for ein ganske liten sum i 2017. Han har sakte men sikkert gjort venstrebackplassen til sin eigen, og er no ein av lagets viktigaste spelarar. Robertson er definitivt ligaens beste venstreback.

Bilderesultat for andy robertson vs manchester united
Andy Robertson skapte farlegheiter ved fleire høve på venstresida. Bilete: Daily Record

To lag som kjempar på forskjellige nivå

Denne kampen vart ein representant på korleis klubbane har jobba og kva utvikling dei har hatt dei siste åra. Manchester United har gått inn i ein nedadgåande spiral med negativ fotball og Mourinho bak roret, medan Liverpool og Jürgen Klopp har gjort alt rett på overgangsmarknaden og fått sett saman eit svært slagkraftig lag. 36 skot er det meste "The Red Devils" har fått imot seg i løpet av Premier League-æraen, og det utan at det var ein spesielt open kamp. Dei slapp altså til såpass mange skot, samstundes som dei var svært lite farlege framover i bana. Dette er svært skumle tal for verdas største klubb, og sjølv om det er dyrt å kvitte seg med José Mourinho før kontrakta hans har gått ut, så må det gjerast så fort som mogleg for at den neste manageren ikkje skal ha eit endå verre utgangspunkt. Liverpool derimot har ei spennande tid i vente. Med 1. plass i ligaen og avansement i Champions League kan dei vente seg fleire magiske aftenar på Anfield under flomlysa. Det blir vanskeleg å tukte Manchester City, men alt er mogleg. Kanskje dette er Liverpools år...

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Dele Alli bør få speletid – her er kvifor:

Kva er grunnen bak Højbjerg sin formdupp?

Analyse: Korleis kjem Pochettino sitt PSG til å sjå ut?