Preview: Tottenham - Liverpool

Laurdag kveld tek Tottenham imot Liverpool, som hittil står utan tap i Premier League, på Tottenham Hotspur Stadium. Kjem Liverpool og Jürgen Klopp sitt maskineri til å halde fram med å ta sigrar, eller kjem José Mourinho til å kome med ein meisterplan som fiksar Tottenham sine defensive problem?

Bilderesultat for tottenham - liverpool preview
Kjelde: The Liverpool Offside

Lagoppstillingar


Personleg ser eg for meg at José Mourinho fort kjem til å stille i sin føretrekte 4-2-3-1-formasjon. Hugo Lloris er framleis ute etter den forferdelege skaden i oktober. Eg trur at Davinson Sanchez kjem tilbake i startoppstillinga etter å ha vore ute av laget dei siste tre kampane. Ben Davies er framleis skada, Danny Rose er tvilsam, og eg trur at Mourinho kanskje tenkjer at dette er ein litt for stor kamp for Ryan Sessegnon, så eg trur at Jan Vertonghen kjem til å starte på venstrebackplassen.

Den sentrale midtbana er skadelidande for tida. Rekordkjøpet Tanguy Ndombele slit med å halde seg skadefri, og er ikkje tilgjengeleg i dette oppgjeret. I tillegg er Moussa Sissoko ute til minimum april. Harry Winks fekk seg ein smell i FA Cup-oppgjeret mot Middlesbrough, og eg er usikker på om Mourinho stolar på han. Det hadde vore spenstig og artig å sjå Giovani Lo Celso i "8ar-rolla" på midtbana, men eg trur ikkje at det kjem til å skje mot Liverpool. Eg trur fort at vi kjem til å sjå Christian Eriksen i ei djuptliggande playmaker-rolle på midtbana.

Offensivt har Mourinho fleire moglegheiter. Harry Kane er som kjend ute i fleire månadar, og Mourinho gjekk for ei lagoppstilling med to spissar mot Middlesbrough. Ein skal ikkje sjå vekk ifrå at det kjem til å skje i dette oppgjeret også, men det skal vi kome innom litt seinare i innlegget. Dele Alli og Lucas Moura er to Mourinho-favorittar og kjem til å starte her, og Heung-Min Son kjem til å spele på topp enten med eller utan ein makker. Eg trur også at dette kan vere Erik Lamela sin type kamp, og at Mourinho fort startar med han. Det står mellom Lamela eller landsmannen Lo Celso i den posisjonen.

I Liverpool er ikkje det i nærleiken av like store spekulasjonar om korleis laget kjem til å sjå ut mot Tottenham laurdag kveld. Fire av fem spelarar i forsvaret er "bankers" uansett skadesituasjonen elles i laget, og med Dejan Lovren sannsynlegvis og Joel Matip utan kamptrening, er eg ganske sikker på at Joe Gomez startar i midtforsvaret.

På midtbana er både ankeret Fabinho og dynamoen Naby Keita ute med skade, noko som gjer at den er litt meir føreseieleg. Kaptein Jordan Henderson har vore strålande i Fabinho si rolle medan brasilianaren har vore ute med skade, og kjem til å halde fram der mot Tottenham. Det er også svært sannsynleg at Georginio Wijnaldum startar på midtbana. Alex Oxlade-Chamberlain er også forventa å starte dette oppgjeret, men Adam Lallana kan vere ein liten joker i Klopp sitt arsenal.

I angrep er det ingen tvil. Mohamed Salah til høgre, Sadio Mané til venstre og Roberto Firmino i midten. Takumi Minamino kan kome inn frå benken og erstatte ein av dei i løpet av 2. omgangen i denne kampen.

Korleis skal Tottenham stoppe Liverpool sine backar?

Då Tottenham tapte 2-1 for Liverpool på Anfield tidlegare i sesongen, dominerte heimelaget kampen mykje meir enn kva sluttresultatet tilseier. Og det var Liverpool sine backar som var i rampelyset. Trent Alexander-Arnold hadde smått spinnville 7 nøkkelpasningar (sjansar skapt), noko som var soleklart mest i kampen, medan Andy Robertson hadde 2 nøkkelpasningar, nest-mest saman med fleire andre. Dei to backane hadde også 3 skot mellom seg, og Roberson hadde 2 driblingar, nest-mest av alle på bana. Alexander-Arnold og Robertson styrte kampen.

Då Tottenham tapte 2-1 for Liverpool på Anfield førre sesong, altså 2018/19, hadde dei fortent å ta med seg poeng heim til London. Dersom Moussa Sissoko scora på sjansen sin åleine med Alisson Becker, ville det sannsynlegvis blitt tre poeng for "dei liljekvite", noko ingen lag har klart på Anfield sidan våren 2017! I 1. omgang av det oppgjeret, var Liverpool det beste laget, og backane stod nok ein gong fram, men i 2. omgang gjorde Mauricio Pochettino ei viktig endring. Han flytta Vertonghen ut som venstreback og Danny Rose opp som ving, og spelte i ein 4-4-2-formasjon når Liverpool hadde ballen. Vingane som jobba bakover i den 2. omgangen, tok rett og slett Liverpool sine backar ut av spel, og Mourinho bør gjere noko av det same laurdag kveld.

Dersom Tottenham spelar slik når Liverpool har ballen, med to kapable defensive vingar i Ryan Sessegnon og Erik Lamela, kan dei klare å ta ut det som fort er Liverpool sin største trussel offensivt i bana. Då kan dei potensielt spele i ein 3-5-2 når laget har ballen, og få nytta Aurier og Sessegnon sine evnar som vingbackar, noko som er illustrert i lagoppstillinga nedanfor.

Det er ikkje sikkert at dette er løysinga på å stoppe Liverpool-backane, men det er i alle fall eit alternativ, og det fungerte svært bra for under eitt år sidan. Ein ting er sikker; Mourinho må ha ein plan for korleis laget skal klare å halde Trent Alexander-Arnold og Andy Robertson i sjakk.

Bussparkering av Mourinho?

I 2013/14-sesongen var Liverpool på veg mot sin første Premier League-tittel, men Brendan Rodgers sitt lag fekk trøbbel då José Mourinho sitt Chelsea kom på besøk til Anfield. Eit litt skadeskutt Chelsea-lag la seg svært djupt i bana, og parkerte rett og slett bussen. Mourinho visste at dersom laget hans skulle spele meir ekspansivt mot dette Liverpool-laget, så kom dei til å tape stort, noko f. eks Arsenal gjorde då dei sleppte inn fire mål i løpet av 20 minutt. Steven Gerrard sklei, Demba Ba scora, og på overtid sette Willian spikaren i kista. 

Og eg kan sjå for meg at Mourinho kjem til å gjere noko av det same i dette oppgjeret. Tottenham er svært skadeplaga, og dersom dei står høgt i bana med spelarar som Alderweireld og Vertonghen, og med eit forsvar som ikkje maktar å halde nullen mot langt dårlegare lag, så ber dei om å tape med mange mål. Med spelarar som Heung-Min Son og Lucas Moura, kan Spurs skape trøbbel for "The Reds" på kontringar i romma som dukkar opp når Trent Alexander-Arnold og Andy Robertson kjem framover i bana. 

Skal Tottenham klare å skape sjansar med denne taktikken, må dei klare å setje saman fleire pasningar på rad for å kome seg ut av Liverpool sitt effektivt og høge press, eller så må Lucas og Son finnast i bakrom med ei langpasning. 

Prediction

Liverpool kjem til å ta kontroll over dette oppgjeret, og eg blir svært overraska dersom dei ikkje har størst ballinnehav, sjølv om dei lot Tottenham ha ballen mykje i Champions League-finalen. Eg forventar ei låg blokk frå Tottenham når Liverpool har ballen, og som sagt, blir det avgjerande å stoppe Liverpool sine to backar. Men er José Mourinho sitt lag i stand og kvalitetsmessig gode nok til å klare det? Eg er svært usikker, og føler meg ganske sikker på ein Liverpool-siger her. Den siste 1 og 1/2 sesongen har dei vist at dei er svært gode til å vinne mot lag som legg seg djupt mot dei, og dei finn som regel alltid ein måte å score på, for eksempel ved å skaffe seg eit straffespark eller score via ein dødball. Men Liverpool må snart tape også, ikkje sant? Alt kan skje, men eg trur Liverpool tek ein overbevisande siger. 

Tips: 0-2

Kommentarer

  1. Det var voldsomt til plan og analyse. Du må søke jobb som assistent til M.
    Lykke til med kampen og vi går for seier!
    2-1

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe, tusen takk! Vi går for 3 poeng, men dessverre lite sannsynleg...

      Slett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Dele Alli bør få speletid – her er kvifor:

Kva er grunnen bak Højbjerg sin formdupp?

Analyse: Korleis kjem Pochettino sitt PSG til å sjå ut?