Preview: Tottenham - Leicester

Preview: Tottenham - Leicester

Søndag kl. 16.00 er det duka for sesongens siste serierunde. Tottenham har sikra Champions League-spel, men vil med siger her garantert hamne over Liverpool på tabellen. Kjem Leicester til å hindre dei i å gjere det?

Lagnyheiter - Tottenham

For heimelaget er det kun den engelske midtbanegeneralen Harry Winks som garantert er ute med skade. Serge Aurier og Mousa Dembele er ganske tvilsame, og kjem nok i alle fall ikkje til å starte kampen. Eric Dier skal vere tilbake etter å ha vore sjuk i midtveka, medan Victor Wanyama og Kieran Trippier skal vere "fit for fight" etter å ha fått seg nokre smellar i oppgjeret mot Newcastle. 

Forventa lagoppstilling:
Hugo Lloris
Kieran Trippier - Davinson Sanchez - Jan Vertonghen - Ben Davies
Eric Dier - Moussa Sissoko
Heung-Min Son - Christian Eriksen - Dele Alli
Harry Kane

Ettersom det er sesongs siste kamp, så kjem Mauricio Pochettino til å starte med dei beste spelarane han har tilgjengeleg. Han kjem altså ikkje til å spare eller rotere. Med Serge Aurier mest sannsynleg ute, så kjem Kieran Trippier til å starte dersom han er heilt klar. Toby Alderweirled kan starte, og er meir enn god nok til å starte, men kjem mest sannsynleg ikkje til å vere med frå start. Ben Davies har vore mykje betre enn Danny Rose denne sesongen, og har gjort venstrebackplassen til sin eigen. På midtbana kan ein sjå for seg at Christian Eriksen ligg djupare og at Lucas Moura eller Erik Lamela kjem inn i ei av dei offensive rollene, men sidan Pochettino er svært glad i Moussa Sissoko, så kjem nok han til å starte kampen. Uansett om Sissoko startar eller ikkje, så kan fortsatt Lamela og Moura kome inn for t.d. Heung-Min Son, dersom den argentinske manageren ønskjer det. Christian Eriksen, Dele Alli og Harry Kane kjem garantert til å starte denne kampen. 

Lagnyheiter - Leicester

For Leicester er Wilfred Ndidi, Robert Huth. Ben Chilwell, Matty James og Daniel Amartey garantert ute med skader. I tillegg er Marc Albrighton fortsatt suspendert etter å ha fått raudt kort i kampen mot Crystal Palace. Shinji Okazaki og Kasper Schmeichel er også mest sannsynleg ute, men kan i beste fall vere med på benken. Aleksander Dragovic og Danny Simpson skal gjennomgå "fitness"-testar for å sjå om dei kan vere med, men per dags dato ser det lyst ut for i alle fall Danny Simpson, som bør vere klar til å starte. 

Forventa lagoppstilling:
Eldin Jakupovic
Danny Simpson - Wes Morgan - Harry Maguire - Christian Fuchs
Riyad Mahrez - Hamza Choudhury - Adrien Silva - Fousseyni Diabate
Jamie Vardy - Kelechi Iheanacho

Keeperplassen er vanskeleg å tippe akkurat no, sidan Kasper Schmeichel mest sannsynleg ikkje startar, men eg trur at Eldin Jakupovic får starte foran keeperkollega Ben Hamer, fordi Jakupovic stod i mål i førre kamp mot Arsenal, som dei vann. Eg trur m.a.o. at Leicester-manager Claude Puel tenkjer utifrå det velkjende sitatet "never change a winning team". Ben Hamer stod forøvrig i mål i 5-0-tapet mot Crystal Palace og 2-0-tapet mot West Ham. Med såpass mange skader, så er nok den "bakre firaren" ganske spikra. Hamza Choudhury kan bli byta med Vicente Iborra sentralt på midtbana, men etter ein særs god kamp mot Arsenal i midtveka, så er Choudhury forventa å starte. Fousseyni Diabate kan bli byta ut med Demarai Gray på venstrevingen, men etter å ha levert ein assist og ein god kamp i midtveka, så kjem han nok til å fortsette. Dei to spissane Jamie Vardy og Kelechi Iheanacho scora i førre kamp og kjem til å fortsette i tospann på topp. 

Tidlegare møter og statistikk

På dei siste ti oppgjera mellom laga, så har Tottenham vunne fire, Leicester har vunne tre, og tre kampar har enda uavgjort. På dei siste fem oppgjera i Premier League har Tottenham kun vunne ein av kampane. Den enda som kjend 1-6 på King Power Stadium i Leicester. Leicester vann førre oppgjer mellom laga, 2-1 i november, men Leicester har ikkje vunne begge ligakampane mot Tottenham i ein sesong sidan 1998/1999. På Wembley har Tottenham vunne begge sine to siste oppgjer mot Leicester, og begge var cupfinalene i 1961 og 1999. Leicester har i tillegg ikkje vunne på sine seks siste kampar i London. Tatt alt i betraktning, så har Tottenham ein liten "edge" på Leicester når det gjeld tidlegare oppgjer mellom laga. 

Spelarprofil: Harry Kane

Du, som lesar, tenkjer kanskje at dette er eit frykteleg kjedeleg val av spelarprofil, og sjølv om det kanskje er det, så må det til. Mange har sagt at Harry Kane ikkje har vore i god form i det siste, sjølv om han har scora fire mål på sine seks siste ligakampar, noko som hadde vore svært bra for mange andre. Det set prestasjonane hans litt i perspektiv. Den engelske spissen har hatt ein svært god sesong, nok ein gang. Han har scora heile 39 mål for Tottenham! Sjølv om kanskje Mohamed Salah og Kevin de Bruyne har hatt betre sesongar enn han, så bør ikkje Kane sine prestasjonar undervurderast. Leicester er i tillegg favorittmotstandaren hans med ni ligamål på seks kampar mot dei. Nest-siste kamp førre sesong der han scora fire mål mot dei var av den overlegne sorten. Sjå ikkje vekk frå at Harry Kane puttar eitt eller fleire mål i denne kampen. 

Tips

På sine fem siste kampar i alle turneringer har Tottenham vunne to, tapt to og spelt ein uavgjort kamp. Leicester på si side har vunne ein kamp, spelt to uavgjorte kampar, og tapt to. Begge lag kjem frå sigrar i midtveka, og kjem nok til å spele med sjølvtillit og "sleppe ned skuldrane". Leicester kan med siger gå opp på 8. plass dersom Everton taper poeng og revane vinn kampen, men den store forskjellen på 8. og 9. plass er ikkje tilstedeverande. Tottenham vil derimot med siger sikre seg 3. plassen framfor Liverpool. Dette vil nok vere ein større motivasjon enn det Leicester har. Harry Kane kjem definitivt til å vere påskrudd i denne kampen. Leicester er favorittmotstandaren, og han vil nok ha trua på at han kan ta igjen Mohamed Salah på toppscorarlista. Då må det minimum eit hat-trick til, men vi såg førre sesong korleis Kane kan avslutte sesongar, spesielt mot Leicester. Det meste ligg til rette for minst eitt Kane-mål i denne kampen. Eg trur at Tottenham kjem til å gå sigrande ut av oppgjeret, gjerne med fleire mål. Mitt resultattips: 3-1.

Kommentarer

  1. jepp-som vanlig glimrende ---men ær en forskjel på disse to laga--vi-SPURS-har flere som kan trekke se i tette dueller--da dem ær aktuelle for spell -på sine respektive lag i-VM--samme vegringer trur e mange pool spellere åsså har--litt spesielt me serie avsluttning -vært 4 år-.noen tanker om den teorien-?-

    SvarSlett
    Svar
    1. Vi kan sjå spelarar som i alle fall går av bana dersom dei enten er i ferd med å bli skada eller liknande, sidan VM er det største ein kan oppleve som fotballspelar, men det er såpass lenge til at eg trur dei fleste kjem til å "trøkke" til som vanleg.

      Slett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Dele Alli bør få speletid – her er kvifor:

Kva er grunnen bak Højbjerg sin formdupp?

Analyse: Korleis kjem Pochettino sitt PSG til å sjå ut?