Preview: Borussia Dortmund - Bayern München

Tysdag kveld er det klart for ein kamp som fort kan verte heilt avgjerande for korleis 2019/20-sesongen i Bundesliga endar. Dersom Borussia Dortmund går sigrande ut på Signal Iduna Park, tettar dei luka opp til 1. plassen til eitt poeng. Klarer Bayern München å ta sigeren, skaffar dei seg ei luke på sju poeng ned til 2. plassen og sikrar på lang veg nok ein ligatittel. Kva og kven må du halde eit auge med under dette oppgjeret? Og kven går sigrande ut?

Bayern Munich vs Borussia Dortmund: 7 Classic Clashes in Germany's ...
Bilde: 90 min

Korleis blir lagoppstillingane?

Då laga møttest i november, vann Bayern München soleklart i ein 4-0-siger på Allianz Arena, og i den kampen stilte Lucien Favre laget sitt opp i ein 4-2-3-1-formasjon. Etter at "Die Schwarzgelben" la om til ein 3-4-3-formasjon, har dei blitt meir solide defensivt samtidig som dei får meir ut av spelarane sine offensivt, eksemplifisert av vingbackane Achraf Hakimi og Raphael Guerreiro. 

Mats Hummels måtte ut med ei skade i pausen mot Wolfsburg laurdag ettermiddag, og er ikkje 100 % sikkert tilbake, men ser ut til å kunne bli klar til dette oppgjeret. Midtstopparen er ekstremt viktig i det oppbyggande spelet for Dortmund og vil vere eit stort tap dersom han ikkje rekk å bli klar. 

På midtbana trur eg vi kan sjå endringar i laget. Thomas Delaney var svært god i førre kamp og gjorde nok til å behalde plassen i laget, men eg er ikkje like sikker på Mahmoud Dahoud. Emre Can, som erstatta Hummels og spelte midtstoppar i 2. omgang mot Wolfsburg, bør etter mi meining kome inn for Dahoud på den sentrale midtbana. Axel Witsel er tilbake i trening, men eg tvilar på at han startar dette oppgjeret utan kamptrening.

Jadon Sancho har ikkje starta dei siste to kampane, men viste gode takter laurdag ettermiddag og fekk med seg ein assist, sjølv om han berre var på bana i under 30 minutt. Eg trur fort at han kjem inn i laget for Thorgan Hazard og startar, i lag med Julian Brandt, som ein av dei kreative spelarane bak spydspiss Erling Håland.


Bayern München sitt lag er nok litt meir spikra enn Borussia Dortmund sitt. Dei har, etter mi meining, vore verdas beste fotballag i 2020, og er så nære eit komplett lag som du kjem akkurat no. 

Jerome Boateng er litt i same båt som Mats Hummels, og er ikkje 100 % sikker til dette oppgjeret, men ser ut til å verte klar. Utanom det, er forsvaret så spikra som du kan få det eigentleg. Benjamin Pavard og Alphonso Davies herjar på backane, og David Alaba imponerer stort som midtstoppar.

Sentralt på midtbana er Thiago Alcantara framleis ute med skade, noko som gjer at Leon Goretzka held fram i ei "boks-til-boks"-rolle i lag med Joshua Kimmich som kontrollerer midtbana. Goretzka var svært god i 5-2-sigeren over Eintracht Frankfurt i helga, og bidreg mykje både offensivt og defensivt.

Framover i bana trur eg trenar Hansi Flick kan gjere ei lita endring frå helga. Serge Gnabry har vore ein av Bayerns beste spelarar denne sesongen og kom inn mot Eintracht Frankfurt. Eg trur fort at han startar mot Dortmund og at Ivan Perisic blir plassert på benken. 


Korleis kjem kampbildet til å sjå ut?

Det blir svært interessant å sjå korleis denne kampen spelar seg ut. Når Borussia Dortmund har ballen hos keeper Roman Bürki vil dei alltid sjå etter å spele seg ut bakfrå, omtrent uansett kor farleg og dristig det er. Bayern München pressar høgt og intenst under Hansi Flick, og vil prøve å nekte Dortmund å spele seg ut bakfrå. Nøkkelspelaren her blir Mats Hummels. Den tyske midtstopparen er ekstremt god og roleg med ballen i beina, og klarer Dortmund å finne han når dei skal bygge opp spelet, vil dei sannsynlegvis klare å spele seg ut bakfrå. Klarer Bayern å ta Hummels ut av kampen, vil Dortmund straks få trøbbel. 

Under Lucien Favre, har Borussia Dortmund eigentleg ikkje eit utprega press. Motstandar får stort sett gjere som dei vil fram til dei kjem inn på Dortmund sin halvdel, og Bayern vil sannsynlegvis få moglegheita til å bygge opp spelet sitt sakte bakfrå. "Die Roten" er kanskje det laget i verda som er best på å male i stykkar motstandarar som ligg lågt, og det blir viktig for Dortmund å variere presshøgda si, sjølv om dei ikkje har eit utprega press. 

Klarer Dortmund å halde Bayern München unna ved å variere presshøgda si og absorbere spelet deira når dei ligg i ei låg blokk, vil det opne seg opp store rom bak Bayern München sitt forsvar som kan utnyttast på kontringar. Med spelarar som Jadon Sancho, Erling Håland og Achraf Hakimi, vil det vere svært gunstig. Men om Dortmund ikkje klarer å halde seg kompakte og absorbere Bayern sitt spel før dei skyt fart på kontringar, trur eg vi får sjå eit bortelag som rett og slett kontrollerer seg inn til ein siger. 

Interessante spelarduellar

Det er ekstremt mange gode spelarar i både Borussia Dortmund og Bayern München, og for å vinne kampen, må ein vinne dei interne duellane mellom enkeltspelarar i oppgjeret. Den duellen eg ser mest fram til er Achraf Hakimi mot Alphonso Davies langs Dortmund si høgreside og Bayern si venstreside. Begge to er ekstremt raske og er ein viktig del av angrepsspelet til sine respektive lag. Hakimi står med ekstreme 14 målpoeng i ligaen denne sesongen, og bombar opp og ned langs høgresida som eit godstog. Alphonso Davies har denne sesongen blitt omskolert frå kantspelar til venstreback, og er allereie med i diskusjonen om å vere verdas beste venstreback. For eit gjennombrot! Begge er svært unge, høvesvis 21 og 19 år gamle, og det blir utruleg spennande å sjå kven som går sigrande ut langs den sida.

I tillegg er eg spent på kven av dei offensive midtbanespelarane som kjem best ut av dette oppgjeret. Thomas Müller har vore briljant denne sesongen og står med ekstreme 17 assists. Mot Eintracht Frankfurt var han svært aktiv og god. Han fann rom langs begge sidene og inne i 16-meteren, og stod att med eitt mål og ein assist. For Borussia Dortmund har Julian Brandt vore svært god etter oppstarten av ligaen og med Jadon Sancho tilbake, vil Dortmund utgjere ein stor trussel dersom dei får mellomrom å boltre seg i. 

Det er også umogleg å sjå forbi dei to superspissane Erling Håland og Robert Lewandowski. Håland har heilt ekstremt gode bevegelsar framfor mål og timar også løpa sine i bakrom perfekt, noko som gjer han ekstremt farleg når Bayern står høgt med laget. Lewandowski er ikkje like rask som nordmannen, men polakken er betre i det oppbyggande spelet i tillegg til å vere ei målmaskin. Dersom ein av spissane har dagen, medan den andre ikkje har det, vil det fort avgjere kampen. 

Prediction

Det er vanskeleg å spå kva som kjem til å skje i dette oppgjeret, men Bayern München er favorittar til å vinne for ein grunn. Borussia Dortmund er ekstremt gode på heimebane, mykje på grunn av den fabelaktige støtta frå tribunen, men den blir dei naturlegvis utan på tysdag kveld. Korleis kjem det til å påverke dei? I tillegg har Dortmund ein historikk der dei slit med å prestere når det verkeleg gjeld. I 2018/19-sesongen leia dei ligaen lenge, men heldt ikkje ut på våren og Bayern tok tittelen. I haustens kamp mellom dei to laga, leverte dei som sagt svært dårleg og tapte heile 4-0. Borussia Dortmund må klare å takle presset om dei skal ha ei moglegheit til å få med seg eit bra resultat frå denne kampen. Eg trur fort at vi kan få litt mål i denne kampen, men sjølv om det ikkje nødvendigvis blir tilfellet, kan eg nærmast garantere ein interessant kamp med mykje spennande taktikk og fascinerande spelarduellar. 

Tips: Borussia Dortmund 1-2 Bayern München

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?