Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?

I 2017 var Harry Kane verdas beste spiss, men frå og med 2018/19-sesongen har Tottenham-talismanen sine tal hatt ei nedgåande kurve, og denne sesongen er det ti spelarar som har scora fleire mål enn han i Premier League. Kva har skjedd? Er det skadane som har mest skuld? Eller har laget rundt han blitt såpass mykje dårlegare, og må ta det største ansvaret?

Harry Kane injury worry: Tottenham boss Mauricio Pochettino ...
Foto: Sporting Life

Verdas beste spiss i 2017

Harry Kane slo for alvor gjennom i Premier League seint i 2014, og scora sitt første Premier League-mål i Pochettino-æraen då han avgjorde på overtid borte mot Aston Villa. Han enda 2014/15-sesongen med heile 21 mål, noko som er ekstremt imponerande ettersom hans første mål kom såpass seint i sesongen. Neste sesong, 2015/16, vart han toppscorar i Premier League med botnsolide 25 mål, rett framfor Sergio Agüero og Jamie Vardy på 24 mål.

Men det var litt ut i 2016/17-sesongen at Kane verkeleg skulle nå det som har vore hans høgste nivå hittil i karrieren. Den sesongen scora han enorme 29 mål i ligaen på 30 kampar, noko som gir eit målsnitt på 0,97 - klart best i ligaen (for spelarar med meir enn ein kamp)! Og i kalenderåret 2017 var han faktisk verdas beste spiss. Med heile 56 mål for klubb og landslag, var han Europas mestscorande spelar, framfor både Lionel Messi og Cristiano Ronaldo, noko som er ein vanvittig prestasjon. I tillegg er han den spelaren som har scora mest Premier League-mål i løpet av eit kalenderår. Hans 39 mål i 2017, passerte Alan Shearer sine 36 mål i 1995.

Det som kjenneteikna Kane i denne perioden var at han kom til utruleg mange skot. 3,7 skot per kamp i 2016/17 er ikkje spektakulært, men framleis svært bra. I 2017/18 eksploderte Kane sine skottal, og med 5 skot per kamp i Premier League i 2017/18-sesongen, skaut han ein gong meir enn nestemann på lista (Mohamed Salah). I 2016/17 overleverte Kane med litt over 9 mål i forhold til xGoals (forventa mål), som tilsa at han skulle score 19,82 mål, noko som er mykje. Han leverte 0,7 xGoals per 90 spelte minutt denne sesongen. I 2017/18 leverte han heile 26,86 xGoals, og han overpresterte, om ikkje like mykje som i 2016/17, med 30 mål. Her hadde han 0,77 xGoals per 90 spelte minutt. Dette betyr at Kane kom seg til mange sjansar og skot, samtidig som han leverte avslutningar av eit høgt kaliber - det er ein god kombinasjon!

Skadetrøbbel og dårlegare tal

Men det skulle ikkje berre vere gull og grøne skogar for engelskmannen. Allereie i 2016/17-sesongen byrja han å pådra seg skader, nærare bestemt i anklane hans. Mot Sunderland 18. september 2016 måtte han ut på båre, og hadde mista 11 kampar då han var tilbake 6. november på Emirates Stadium mot Arsenal. Seinare i sesongen, nærare bestemt frå 12. mars til 8. april, var Kane også ute med ei ankelskade. Og det var nok handteringa av denne skada, som starta ein vond sirkel. Han var tilbake mot Watford, berre 24 dagar etter ei ganske alvorleg ankelskade, og han vart hasta tilbake altfor fort i kampen om Premier League-tittelen.

Neste sesong skjedde akkurat det same. Mot Bournemouth 11. mars måtte 26-åringen nok ein gong ut med ei ankelskade. Og også denne gongen var han tilbake fortare enn forventa - berre 20 dagar seinare. I 2018/19 hadde Kane nok ein gong store skadeproblem. Han var ute i 40 dagar med nok ei ankelskade, mellom 13. januar og 22. februar. Kane var også ute mellom 9. april og 1. juni etter ein duell med Fabian Delph i kvartfinalen av Champions League. Tottenham-spissen vart kasta inn mot Liverpool i Champions League-finalen utan kamptrening på nesten to månadar. Var han klar? Det er sjølvsagt umogleg å seie, men ein kan stille spørsmål ved det. Denne sesongen klarte han å halde seg skadefri til etter nyttår før han vart skada, men Kane har vore ute med ei stygg hamstringskade heilt sidan 1. januar - 90 dagar sidan!

Og det er tydeleg at skadane har hatt stor innverknad på Harry Kane. Han har slite med å finne rytmen, og har ofte teke lang tid å kome tilbake på sitt vante nivå etter skadane, sannsynlegvis fordi han har blitt "rusha" tilbake altfor tidleg. Han har også mista mykje av mobiliteten som gjorde han så ekstremt dødeleg i og rundt 16-meteren. Før ankelskada i mars 2018, var han fantastisk til å gjere eit kjapt rykk og skaffe seg ein liten meter slik at han fekk fyrt av eit skot i farleg posisjon. Akkurat dette, som var "trademark Kane", har stort sett mangla sidan, og han utgjer ikkje lenger ein like stor trussel i slike situasjonar.

Førre sesong, 2018/19, skaut Kane 3,6 gongar og scora 17 mål, noko som framleis er gode tal, men xGoals droppa ned til 16,12 på 28 kampar, og xGoals per 90 minutt var nede på 0,60. Denne sesongen har desse tala stupt ytterlegare. Kane skyt berre 2,8 gongar per kamp, og har berre 7,90 xGoals på 20 kampar. Han står med 11 mål denne sesongen, noko som er godkjend ettersom han har vore skada sidan 1. januar, men det er umogleg å ignorere nedgangen i desse nøkkeltala.

Kven har hatt det største fallet i kvalitet - Kane eller resten av laget?

Har Harry Kane sitt fall i kvalitet gjort Tottenham dårlegare eller har laget rundt han gjort ein dårleg jobb, og fått Kane til å sjå enda dårlegare ut enn han faktisk er? Svaret er nok litt begge deler. Når Harry Kane spelar, skal det meste av angrepsspelet gå gjennom han, anten i oppbygginga til eit angrep eller i enden av det, noko som kan verke mot si hensikt. Ein har tidvis sett, om ikkje betre fotball, meir flytande fotball når Kane har vore på sidelinja.

Men, etter mi meining, har laget rundt Kane hatt eit større fall i kvaliteten enn det spissen har hatt. Midtstopparane Toby Alderweireld og spesielt Jan Vertonghen kjenner på alderen. Laget har ikkje lenger ei defensiv midtbane, ettersom Victor Wanyama og Eric Dier begge har hatt mykje skadetrøbbel, og Christian Eriksen og Dele Alli har heller ikkje vore like gode som dei var i 2017.

Laget rundt Kane skaper ikkje like mange sjansar som før, og då er det rett og slett vanskelegare å vere spiss. Det at laget ikkje har blitt fornya, og blitt dårlegare, er den faktoren som spelar mest inn på Kane sine dårlegare tal, etter mi meining.

Bør Kane gjere som Alan Shearer eller Wayne Rooney?

Korleis bør Tottenham og Harry Kane løyse tida framover? Slik eg ser det, kan karrieren til Kane ta to retningar. Den eine er å etterlikne tidenes mestscorande spelar i Premier League; Alan Shearer. Tidleg i karrieren var Alan Shearer, som Kane, dødeleg i bakrom og god til å skaffe seg den vesle meteren som skal til for å skyte. Men, i likskap med Kane, fekk Shearer mykje skadetrøbbel og la om spelestilen sin litt. Han gjekk frå å bidra i ein god del fasar av spelet til å berre score mål. Shearer droppa ikkje ned på midtbana for å involvere seg i spelet, men heldt seg heilt framme i bana og scora på det meste som dukka opp innanfor 16-meteren. Kane er også svært god til å posisjonere seg i boksen, og sidan han ikkje er like atletisk som før, så kan det å berre konsentrere seg om å vere i 16-meteren og sette ballane i mål, vere eit alternativ for korleis Kane skal spele framover.

Den andre løysinga er å gjere meir som Wayne Rooney. Etter kvart som Rooney blei eldre, vart han flytta lenger bakover på bana, gjerne i ein "second striker"-rolle og etter kvart som ein rein 10ar. Vi har sett ein tendens dei siste to sesongane der Kane droppar djupt for å involvere seg sjølv i spelet og spele fram lagkameratar i gode posisjonar. Spurs-spissen har blitt mykje betre i pasningsspelet, spesielt ved å auke pasningsradiusen sin. Tottenham har dei siste sesongane skutt mindre og mindre per kamp; 16,4 gongar per kamp i 2017/18, 14,1 gongar per kamp i 2018/19, og berre 12,1 gongar per kamp i 2019/20. Likevel har Harry Kane klart å skape omtrent like mange sjansar. I 2017/18 skapte han 0,9 sjansar per kamp, 1,1 gongar per kamp i 2018/19, og 1 gong per kamp i 2019/20. Dette er eit tydeleg teikn på at Kane har blitt betre til å finne medspelarar i posisjonar der dei kan fyre av skot. Desse statistikkane støttar oppunder at Kane skal halde fram i same retning, og droppe djupare i bana.

Spør du meg, vil vi sjå Kane tilbake på sitt beste dersom laget rundt han blir forsterka i nokre vesentlege posisjonar. Det er usannsynleg at vi får sjå den same Kane som i 2016/17 og 2017/18, for han har blitt betre i pasningsspelet samtidig som han har mista atletiske evner, men han kan framleis levere spel av like høg kvalitet, sjølv om det blir på eit litt anna vis. Situasjonen med koronaviruset er strengt tatt ein "blessing in disguise" for Kane, som no ser ut til å få tilstrekkeleg med tid til å bli frisk etter hamstringskada han pådrog seg 1. nyttårsdag. 26-åringen har sjølv sagt at han er villig til å forlate klubben dersom han ikkje ser framgang, så det blir svært viktig for Tottenham å forsterke stallen. Klarer Levy og co. å diske opp med gode signeringar i rette posisjonar, trur eg vi kan få sjå ein Kane som blomar igjen. Men så spørs det sjølvsagt om det kjem til å skje...

Kommentarer

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Kva lærte vi av Sheffield United 3-1 Tottenham?