Er José Mourinho grunnen til Tottenhams svake prestasjonar?

Det såg lenge ut som om Tottenham kom til å kjempe på fleire frontar denne sesongen. FA-Cupen såg ut som eit potensielt trofé, åttedelsfinalen mot RB Leipzig skulle vere mogleg å kome seg vidare frå, og Spurs skulle også kjempe om ei topp 4-plassering og Champions League-spel neste sesong. Men etter seks kampar på rad utan siger er laget frå Nord-London ute av både FA-Cupen og Champions League, og ligg på ein skufande 8. plass i Premier League. Mange skuldar på José Mourinho som hovudgrunnen til at det har gått gale. Er det han som har skulda? Eller er det nokon andre som må ta ansvar?

Bilderesultater for jose mourinho leipzig
Foto: Annegret Hilse (Reuters/NTB Scanpix)

Grunnar til at José Mourinho har skulda

På slutten av Mauricio Pochettino si tid var det tydeleg å sjå at spelarane ikkje lenger spelte for argentinaren og at spelargruppa rett og slett var umotiverte. Det var etter litt over fem år med 48-åringen i sjefsstolen. José Mourinho tok over etter Pochettino, og allereie tre månadar ut i tida hans som Tottenham-trenar kan det sjå ut som om vi har nådd Mourinho sitt kjende "tredje sesong-stadie" allereie. Tottenham-spelarane kan til tider verke passive og ukonsentrerte, for eksempel ved fleire av måla til RB Leipzig tysdag kveld, der press på ballførar og aggressivitet i eigen 16-meter mangla. Spelar dei for manageren?

I tillegg til dette skapar portugisaren dårleg stemning med negative omtalar av eigne spelarar i media. Etter 1-1-kampen mot Burnley i helga sa 57-åringen følgjande om Tottenham sitt rekordkjøp, Tanguy Ndombele: "Han må vite at han må gjere det mykje betre og veit at eg ikkje kan halde fram med å gi han moglegheiter til å spele, for laget er mykje viktigare." Greitt nok at Mourinho kanskje har eit poeng, men skal ikkje dette takast hand om bak lukka dører? At dette hamnar i media kan jo umogleg gi Ndombele meir sjølvtillit?

Om ikkje dette er nok, spelar også Tottenham keisam og defensiv fotball. 5-4-1-formasjonen og den djupe blokka på Stamford Bridge mot Chelsea gjorde at den offensive trusselen mangla, samtidig som laget ikkje var spesielt solide defensivt. Det enda med eit 2-1-tap og Spurs var svært heldige som scora mål i det oppgjeret. I 2-0-sigeren mot Manchester City på Tottenham Hotspur Stadium var Mourinhos Tottenham ekstremt heldige. Lagets første skot kom i det 63. minuttet då debutant Steven Bergwijn sette ballen i mål, og at heimelaget ikkje låg under med fleire mål på det tidspunktet var smått ufatteleg. Mourinho-fotballen er lite inspirerande og når ein først lukkast med den defensive tilnærminga, er det på grunn av flaks.

José Mourinho er utdatert som trenar. Ein ser det same mønsteret i dei føregåande klubbane hans; suksessen han oppnår er mindre, medan kaoset han skapar og etterlet seg blir større. Portugisaren har aldri hatt seks kampar på rad utan siger i løpet av heile trenarkarrieren sin, og Mourinho har aldri vore ein dårlegare trenar i forhold til konkurransen rundt han. Forskjellen mellom dei beste trenarane og Mourinho ser ein i angrepsspelet. Jürgen Klopp og Pep Guardiola strukturerer angrepsspelet sitt veldig spesifikt, og etterlet svært lite til tilfeldigheitene. Mourinho har som regel eit oppspelspunkt å spele opp på, men deretter skal angrepsspelarane finne ut kva dei skal gjere sjølve og bruke eigen fantasi. At han strukturerer angrepsspelet sitt annleis enn dei fleste av dei beste trenarane per dags dato kan umogleg vere eit godt teikn.

José Mourinho vart henta inn for å bringe ein sveltefora klubb trofé og målbar suksess i form av sølvtøy. Men laget hans er no ute av både FA-Cupen og Champions League under hans leiing, og har ikkje moglegheit til å få med seg eit trofé denne sesongen. Kva var då poenget med å tilsette han?

Grunnar til at José Mourinho ikkje har skulda

Då José Mourinho tok over Tottenham i november, låg laget på 14. plass i Premier League og med 14 poeng på 12 kampar. Laget hadde fem Premier League-kampar på rad utan siger, og 11 poeng opp til 4. plassen som sikrar Champions League-fotball. Portugisaren tok over eit øydelagt og mentalt nedbrote lag, og med store manglar i stallen. Spurs har lenge slite med den defensive stabiliteten sentralt på midtbana, og det er den klart største og mest utslagsgjerande mangelen i laget. Harry Winks er best når han spelar saman med ein partnar som tek seg av brorparten av det defensive arbeidet, Eric Dier sine bein har vore og er rett og slett for treige til å spele på midtbana og Victor Wanyama har aldri vore den same spelaren etter skadeproblema sine, og melde nyleg overgang til Montreal Impact. At Tottenham ikkje har ein defensiv midtbanespelar av god kvalitet i laget, betyr at dei andre spelarane ikkje kan prestere optimalt og det hemmar laget ekstremt mykje - uansett korleis ein setter opp laget.

Sjølv om mangelen på defensiv midtbane var ekstremt tydeleg, klarte Mourinho å få det til å fungere lenge. Serge Aurier fekk for eksempel ei offensiv rolle på høgreback-plassen som gjorde at han fekk nytte ferdigheitene sine best mogleg, i ein posisjon som lenge har vore eit stort problem for Tottenham. Det byrja å sjå ganske bra ut, men så vart Harry Kane skada. Ein mista dermed mange mål og det oppspelspunktet som er ekstremt viktig for Mourinho sitt angrepsspel, men så lenge ein hadde Heung-Min Son frisk, skulle det å lage mål kunne ordne seg. Men sørkoreanaren skada seg mot Aston Villa, i ein kamp han scora to gongar, og utan både Son og Kane mistar Tottenham utruleg mykje av skot- og måltrusselen i laget. Dette har vore tydeleg i dei siste seks kampane som har gått utan Son og Kane, og utan dei to beste og mest naturlege målscorarane sine i laget er det naturlegvis vanskeleg å "putte kula i nettet". I tillegg har spelarar som Ben Davies, Hugo Lloris og Moussa Sissoko anten vore eller er langtidsskada. Dersom ein kombinerer manglane i laget, skadane på svært viktige spelarar og forfatninga på spelargruppa Mourinho tok over, kan ein trygt seie at Mourinho har hatt ekstremt vanskelege arbeidsforhold. 

I dei seks siste kampane, der det har blitt null sigrar for Mourinho og Tottenham, har også portugisaren blitt svikta av spelarane sine. I dei tre siste kampane har Tottenham-keeperen, to gongar Hugo Lloris og ein gong Michel Vorm, prestert å anten sleppe inn eller gi ein farleg retur på eit langskot, som til slutt enda i mål. Utan desse individuelle tabbane, hadde Spurs fort vunne ein eller fleire av dei siste kampane, noko som hadde gjort situasjonen mykje lysare og meir optimistisk. Hadde angrepsspelarane også vore litt smartare og meir kliniske, t.d. mot Wolverhampton og Norwich, hadde det også fort blitt større utteljing frå dei siste kampane. I cupkampen mot Norwich skulle Spurs ha leia 3-0 til pause dersom Giovani Lo Celso og Lucas Moura hadde prestert betre framfor mål.

Vi var tidlegare innom at spelarane allereie verkar litt umotiverte, berre litt over tre månadar inne i Mourinho si tid som Tottenham-trenar. Men, som vi også sa, var spelarane umotiverte ved slutten av Pochettino si tid som trenar. Dersom det er sant at dei manglar motivasjon under Mourinho, noko ein ikkje kan seie sikkert, må det nesten vere spelargruppa sitt ansvar. Det er forståeleg at "piffen" går ut av spelarane etter meir enn fem år under ein krevjande trenar, men José Mourinho er berre tre månadar inne i si periode som trenar. Portugisaren har tidlegare levert suksess og trofé i kvar einaste klubb han har vore innom, og om ein då ikkje klarer å investere i hans metodar og prosjekt, må spelarane sjå på seg sjølve. Som sagt, det er ikkje sikkert at dette er tilfellet, det er umogleg å vite korleis stemninga faktisk er blant spelarane, men om tilfellet er at nokre av spelarane er umotiverte, så er det deira ansvar å fikse. Det faktum at Mourinho berre har hatt litt over tre månadar i jobben er også noko som talar for portugisaren.

Har José Mourinho skulda?

Det finst både pluss og minus med José Mourinho og hans periode som Tottenham-trenar. Vi har sett saka frå begge sider, og eg skal no kome med mi personlege meining. Etter mi meining er det ikkje José Mourinho som har størst skuld for prestasjonane denne sesongen og den siste tida. Manglane i laget er for store, spesielt på defensiv midtbane, og den smertefulle gjenoppbygginga av stallen som Mauricio Pochettino varsla om, har ikkje blitt fullført. Eg trur vi ser konsekvensane av at det ikkje vart kjøpt ein einaste spelar mellom januar 2018 og juli 2019, og at stallen har blitt fornya altfor seint. Greitt nok, eit stadion skulle byggast, men med litt betre planlegging og meir investering hadde dette laget vore ein heilt annan plass. Spør du meg, må Daniel Levy og co. ta ein god del av skulda. Ja, det er fleire ting José Mourinho kunne gjort annleis, men han har ikkje hovudansvaret for dei svake prestasjonane i det siste.

Den komande sommaren er ekstremt viktig for Tottenham si framtid. Dersom dei investerer i gode spelarar i dei rette posisjonane, kjem laget lett til å vere med i kampen om topp fire og Champions League-spel igjen, om ikkje endå meir. Men dersom José Mourinho ikkje blir backa skikkeleg neste sommar, kan klubben få nok ein "katastrofesesong" og det vil, med nok ein dårleg sesong, berre bli vanskelegare å ta steget opp igjen til der ein var for 2-3 sesongar sidan. Investeringar i nøkkelposisjonar, som for eksempel defensiv midtbane, blir essensielt. Får Mourinho dei spelarane han har lyst på i sommar, trur eg neste sesong kan bli bra.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?