Kva lærte vi av Manchester United 2-1 Tottenham?

Onsdag kveld var det duka for eit svært spesielt og interessant oppgjer på Old Trafford. Ein nokså hardt pressa Ole Gunnar Solskjær tok imot tidlegare Manchester United-trenar José Mourinho og Tottenham til dyst, og det var nordmannen sitt lag som gjekk sigrande ut av oppgjeret.

Bilderesultat for manchester united 2-1 tottenham
Kjelde: Football365

Mourinho har mykje å jobbe med

Før gårsdagens oppgjer, hadde José Mourinho vunne sine tre første kampar som Tottenham-manager. Ein såg merkbare aspekt av spelet i dei tre første kampane som portugisaren bør gjere noko med, og i dette oppgjeret kunne ein bekrefte dette ytterlegare. I 56-åringen sine fire første kampar, har laget sleppt inn to mål i kvar einaste kamp, noko som er svært ulikt eit Mourinho-lag. Defensivt har han og støtteapparatet rundt han ein stor jobb framfor seg. 

Og i desse fire kampane har Tottenham alltid hatt ei periode på rundt 30 minutt der laget har spelt elendig fotball, og det er i desse periodane at alle måla, utanom Marcus Rashford si straffe i går, har vorte scora. Mot Olympiakos starta Spurs svært dårleg, og sleppte inn to mål. Mot Manchester United starta laget frå Nord-London også svært dårleg, men sleppte unna med berre eitt mål imot. Mot West Ham og Bournemouth kom den dårlege perioden på slutten av kampen, og to mål vart sleppte inn i begge kampane i den perioden. Dette er eit tydeleg mønster som Tottenham og José Mourinho må bryte så fort som mogleg.

Dele Alli fortalde i eit intervju etter gårsdagens kamp, at innstillinga i laget ikkje var rett, og at dei rett og slett var litt for arrogante. Etter den horrible sesongstarten Tottenham har hatt, så har ikkje dei tillating til å verte høge på seg sjølve, sjølv om dei hadde vunne dei tre siste kampane. 

José Mourinho har nok av ting å ta tak i framover.

Typisk Manchester United under Solskjær-kamp

Manchester United under Ole Gunnar Solskjær har ganske klare styrkar og svakheiter, og det er svært avhengig av kvaliteten på motstandarlaget. "The Reds" har slått Tottenham, Leicester og Chelsea, og teke poeng mot Arsenal og Liverpool hittil i sesongen. Men dei har tapt mot lag som Newcastle, Bournemouth, Crystal Palace og West Ham. Mot antatt dårlegare lag, og når Man Utd skal kontrollere kampen og spele mot etablert forsvar, så har dei verken ein god nok plan eller kreative nok spelarar til å bryte gjennom ei låg forsvarsblokk. Dette har vorte meir synleg utan Paul Pogba, den klart mest kreative spelaren i spelarstallen, tilgjengeleg. 

Men, som vi såg i går, trivst dette Manchester United-laget mot det som skal vere av ligaens beste lag. Grunnen til dette, er at Manchester United likar å ligge djupt i bana og kontre med hurtige spelarar som Marcus Rashford og Daniel James. Når dei spelarane får rom å boltre seg i, noko vi spesielt såg med Marcus Rashford i gårsdagens kamp, så kjem dei til å skape farlege sjansar. 

Det er nettopp denne karakteristikken av Solskjær sitt United-lag som gjer at dei er farlege for topplaga i enkeltkampar, men eigentleg ikkje nokon stor trussel samanlagt på tabellen.

Laga sine midtbaner utgjorde forskjellen

I sjakk er det nærmast ein regel at den som styrer midten av brettet, han har kontroll over kampen og kjem i aller fleste tilfelle til å gå sigrande ut av oppgjeret - fotball er ikkje annleis, noko vi fekk prov på i denne kampen. Scott McTominay var tilbake i laget, og utgjorde, saman med Fred, ein stor forskjell. Begge to vann tilbake ballen ofte (2 taklingar + 3 avskjeringar på både Fred og McTominay) og var med på å drive spelet til Manchester United framover i bana. 

For Tottenham derimot, var midtbana den lagdelen som vart avgjerande for at dei ikkje klarte å ta med seg poeng frå Old Trafford. Serge Aurier, som i den nye rolla si ofte er svært høgt i bana, etterlet seg store rom langs Tottenham si høgreside, og Moussa Sissoko måtte ned og dekke det rommet svært ofte. Dette gjorde at Harry Winks, som eigentleg ikkje er ein spesielt god midtbanespelar defensivt, vart isolert åleine sentralt. Sjølv om ein stor del av dette problemet hadde ansvar hos systemet og strukturen i laget, så fekk ein vel også beviset på at Moussa Sissoko og Harry Winks ikkje er gode nok til å starte for eit lag som skal kjempe heilt i toppen. Winks er svak defensivt, medan Moussa Sissoko omtrent gøymer seg vekk for å ikkje få ballen når Tottenham skal bygge opp spelet sitt bakfrå. Her må Tanguy Ndombele inn, og ein bør definitivt handle inn ein mobil og defensivt solid midtbanespelar i januar. 

Manchester United gjekk sigrande ut av midtbaneduellen, og vann dermed dette oppgjeret. 

Marcus Rashford - komande superstjerne?

Vi må også innom banens soleklart beste spelar i dette oppgjeret; nemleg Marcus Rashford. 22-åringen skapte masse trøbbel for Tottenham langs Manchester United si venstreside, og scora heimelaget sine to mål. Det første målet kom etter ei rapp avslutning litt skrått på målet, der ballen lurte seg inn nede i det nærmaste hjørnet. Tottenham-keeper Paulo Gazzaniga skulle ha avverga målet, men det var likevel ei smart avslutning av Rashford. Ved mål nummer to skaffa han laget straffespark etter å ha finta ut Serge Aurier og blitt stempla av Moussa Sissoko. Den unge engelskmannen har vore usikker og bomma på nokre straffespark denne sesongen, men var iskald og avgjorde kampen for Manchester United frå 11-metersmerket.

Som nemnd, var Rashford svært aktiv og eit uromoment for Tottenham sitt forsvar. Han hadde klart mest skot av alle spelarane på bana (6 stk, nestemann med 2 forsøk), der 4 av skota gjekk på mål. I tillegg var han den spelaren som dribla nest-mest med 5 vellukka driblingar, berre betra av Heung-Min Son sine 8 driblingar. 

Det verkar som om Marcus Rashford har funne si ideelle rolle ute på venstrekanten. Derfrå likar han å skjere innover i bana, og skape trøbbel og ubalanse hos motstandaren, noko han lukkast med mot Tottenham. 

Oppsummering

Alt i alt var dette ein fullt fortent og sårt trengt siger for Manchester United og Ole Gunnar Solskjær. Sjølv om heimelagets mål kom etter individuelle tabbar av Tottenham-spelarar, så var dei likevel det førande laget, og "The Red Devils" sikra seg nok ein gong poeng mot eit av dei betre laga i ligaen. I helga reiser Manchester United til byrival Manchester City, og dei kjem til å ta med seg sjølvtilliten dei skaffa seg i sigeren over Tottenham.

For Tottenham var det ikkje mange lyspunkt i dette oppgjeret. Det var noko seigt og treigt over alt dei gjorde, og laget kom ikkje skikkeleg i gang. Forutan augneblinken med magi signert Dele Alli, så hadde "dei liljekvite" utruleg lite å by på, og fortente ikkje å få med seg noko frå dette oppgjeret. Til helga ventar Burnley på Tottenham Hotspur Stadium, og skal Mourinho & co. vere med i kampen om Champions League-spel neste sesong, må det bli tre poeng i det oppgjeret. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Dele Alli bør få speletid – her er kvifor:

Kva er grunnen bak Højbjerg sin formdupp?

Analyse: Korleis kjem Pochettino sitt PSG til å sjå ut?