Kva lærte vi av José Mourinho sin debut som Tottenham-trenar?

Laurdag ettermiddag var det duka for ein svært interessant kamp på London Stadium. Ein hardt pressa Manuel Pellegrini og West Ham tok imot nyleg tilsette José Mourinho og Tottenham til dyst. Bortelaget gjekk opp i ei 3-0-leiing, og sjølv om heimelaget reduserte både ein og to gongar, vann Mourinho i sin debut som Tottenham-trenar. Men kva lærte vi av portugisaren sin første kamp på sidelinja for Spurs?

Bilderesultat for jose mourinho tottenham vs west ham
Kjelde: Hidustan Times

Dele Alli kjem til å blomstre

José Mourinho har fått eit rykte på seg for å berre like store, fysiske midtbanespelarar som er gode i duellspelet, og neglisjere spelartypar som er annleis enn dette - men dette er ikkje sant. Portugisaren har spelt ei viktig rolle i Deco, Frank Lampard, Wesley Sneijder, Mesut Özil og Oscar sine karrierar, og no ser det ut som om Dele Alli er den neste "10-aren" som skal blomstre få under 56-åringen sine vingar. Det som kan vere til fordel for den unge engelskmannen, er at han, i tillegg til å ha mange av dei typiske "10-ar"-ferdigheitene, også er ein spelar med imponerande fysikk. Med sine 188 centimeter på strømpelesten er han god i lufta, og går også gjerne inn i ei takling. I dette oppgjeret vann han tilbake ballen fleire gongar, og det var berre Aaron Cresswell som hadde fleire taklingar av spelarane på bana. 

Med to skot, to nøkkelpasningar og ei dribling, var han svært delaktig i Tottenham sitt angrepsspel. Ein av Alli sine spesialitetar, er dei små berøringane og flikkane som han sender vidare til lagkameratane sine, noko vi fekk prov på i denne kampen. Då Tottenham scora sitt andre mål, mista han balansen og såg ut til å ta med seg ballen utover sidelinja, men på mirakuløst vis fekk han flikka ballen vidare til Heung-Min Son, som assisterte målscorar Lucas Moura. Og på Tottenhams første mål noterte han seg for ei målgivande pasning. 23-åringen møtte og tok imot ballen i mellom West Ham sitt forsvar og midtbane etter ein svært god bevegelse, og derfrå fann han Son med ei godt vekta pasning. 

Dele Alli spelte med stor sjølvtillit, og verkar å ha kome seg forbi skadene som har plaga han gjennom 2019. Då han vart bytta ut, like før det 80. minuttet, droppa intensiteten i laget, og ein såg nok kor viktig han faktisk er for Tottenham. Han er akkurat det Mourinho vil ha i ein "10-ar", og kjem til å verte ein "signalspelar" under Mourinho.

Aurier & Davies - eit fruktbart samarbeid?

Under Mauricio Pochettino fekk dei to backane ofte ganske like oppgåver. Både høgre- og venstreback skulle kome høgt i bana, medan ein spelar frå den defensive midtbana kom djupt og la seg mellom midtstopparane - men dette var ikkje tilfellet i Mourinho sin første kamp. Høgreback Serge Aurier, som er kjend for å vere uvørden i stilen og varierande i prestasjonane, fekk gå svært høgt i bana på høgresida, og han viste seg frå si beste side i denne kampen. Han assisterte Harry Kane sitt mål med eit strålande slått innlegg, og var i tillegg den spelaren på bana med klart mest driblingar (5 stk). 

Når Serge Aurier pusha høgt i bana, kom Ben Davies inn i bana og forma ein bakre trear saman med midtstopparane, noko som passar han bra. Walisaren har spelt som midtstoppar for landslaget, og ei rolle som venstre-midtstoppar i ein bakre trear passar han utmerket. Davies har ein ganske god pasningsfot, og frå djupt i bana er han i stand til å slå skarpe pasningar gjennom motstandar sine ledd langs venstresida. Ein treffprosent på 90,2 % på pasningane viser også at han er svært trygg med ballen i beina. 

At Serge Aurier og Ben Davies starta kampen, i dei nemnde rollene, viser at José Mourinho allereie har eit godt bilde på spelarane og ferdigheitene dei innehar. Det kan sjå ut som om portugisaren har valt ut Aurier og Davies som sine to førsteval på sidebackane. 

SKAM

Eg var tidlegare innom Dele Alli og hans svært gode kamp, men det var ikkje berre han som leverte av dei offensive spelarane. SKAM, betre kjend som Son-Kane-Alli-Moura, fungerte bra i lag, noko som er overraskande med tanke på korleis det har gått tidlegare under Pochettino. Lucas Moura har som regel ikkje klart å spele saman med Harry Kane, mykje fordi dei likar å operere i same rom, og brasilianaren hadde ein tendens til å lage dårlege arbeidsforhold for Kane. I denne kampen derimot, opererte han mykje meir i mellomrommet i staden for bakrommet enn han har gjort før, og lot Serge Aurier halde breidda på høgresida. Denne dynamikken fungerte bra. Harry Kane scora eitt mål med ei svært god heading, og Lucas Moura, som skulle ha scora to gongar, fekk med seg ei scoring frå kampen.

Heung-Min Son viste nok ein gong at han er ein angripar/ving av svært høg klasse, og var svært aktiv i Tottenham sitt angrepsspel. Sør-koreanaren er utruleg dødeleg i nærleiken av motstandaren sin mål, og kunne fort fått med seg meir enn dei to målpoenga han sanka i dette oppgjeret (eitt mål og ein assist) etter å ha spelt Lucas Moura åleine med keeper. Ein av 27-åringens viktigaste eigenskapar, er at han er svært tofota. Han likar best å bruke høgrefoten, men både scoringa og den målgivande pasninga kom med "den svake foten". Son hadde også 24 sprintar i løpet av kampen, nesten dobbelt så mange som nestemann på Tottenham. Den hurtige angriparen er ikkje enkel å stoppe.

Dei fire mest offensive spelarane i Tottenham-laget hadde alle gode kampar, og var dei som utgjorde den store forskjellen i dette oppgjeret. Kane stod fram som ein leiar, Alli var banens beste spelar, Son skapte uendeleg mykje trøbbel og Lucas bevegde seg rett i forhold til lagkameratane sine. Ein svært lovande prestasjon offensivt av "dei liljekvite" frå Nord-London.

Eric Dier - Mourinho sin nye favoritt?

Etter 2015/16-sesongen, der Eric Dier leverte svært bra i si nye rolle på midtbana, prøvde dåverande Manchester United-trenar José Mourinho å lokke engelskmannen til Old Trafford. Det var difor ikkje nokon stor overrasking at Dier fekk spele frå start som defensiv midtbanespelar i José Mourinho sin første kamp som Tottenham-trenar. Han lukkast bra med å rydde opp og patruljere området framfor midtstopparane. I tillegg var han svært dominant i lufta, og var den spelaren som vann nest-mest duellar i lufta, berre slått av West Ham-spiss Sebastien Hallér. Dier tok ansvar for brorparten av dei defensive oppgåvene sentralt på midtbana, noko som gjorde at makker Harry Winks fekk litt friare tøylar. Personleg synst eg Winks gjorde ein ryddig kamp, men det er ikkje tvil om at Dier-Ndombele bør vere den føretrekte midtbane-pivoten framover.

Sjølv om Dier utførte det defensive aspektet ved rolla si på ein god måte, så har han framleis mykje å gå på med ballen i beina og i pasningsspelet. Han hadde litt for mange feilpasningar, noko vi ser igjen i treffprosenten på 80,3 %. Declan Rice, som har ei liknande rolle i West Ham, trefte, som ei samanlikning, på 93,3% av pasningane sine. Dier prøver på litt meir risikable pasningar enn Rice, men eg trur at Dier vil vere lur ved å gi Winks, Alderweireld og Davies oppgåva med å spele gjennom motstandar sine ledd. 

Samtidig var det nok ikkje den beste utgåva av Eric Dier vi såg på London Stadium laurdag ettermiddag. 25-åringen har slite lenge med skader og sjukdom, og han kjem berre til å bli betre etter kvart som han spelar fleire kampar. Personleg synst eg framleis at Tottenham bør kjøpe ein defensiv midtbanespelar så fort som mogleg, helst i januarvindauget, men denne prestasjonen var opplyftande av Dier. Han blir nok ein "mainstay" i Mourinho sitt Tottenham i tida framover.

Ein lovande start

Alt i alt var det ein meir enn godkjend debut i José Mourinho sin første kamp som Tottenham-trenar. Tottenham var det klart beste laget frå det 25. til det 70. minuttet, og angrepet skapte massevis av trøbbel for West Ham-forsvaret. Men sjølv om det vart siger og tre poeng, så har Mourinho ting å ta tak i på treningsfeltet framover. Tottenham slit på defensiv dødball og ved innlegg. Sebastien Hallér hadde ei farleg heading tidleg i kampen, Declan Rice sitt annullerte mål kom etter ein dødball, og Angelo Ogbonna sette ballen i mål på ein corner. Det må bli eit fokusområde i det defensive arbeidet for José Mourinho og co.

Men sluttresultatet er ganske flatterande for West Ham, for Tottenham var eigentleg ganske mykje betre enn heimelaget. Sluttresultatet på "Expected Goals" enda 0.6 - 2.3 i favør Tottenham, så bortelaget burde eigentleg ha vunne med to mål. Ein såg mykje av Pochettino sitt Tottenham, men ein merka også at Mourinho har kome inn og teke kontroll over laget. Portugisaren gav spelarane roller tilpassa ferdigheitene deira i større grad enn Pochettino, og det gjorde at laget vann sin første bortekamp i Premier League sidan januar(!), borte mot Fulham. Det blir spennande å følgje med på Mourinho sitt Tottenham i tida framover, og kva dei kan klare å utrette.

Kommentarer

  1. Flott oppsummert dette her. Savner litt ang kropps språket til laget og JM. Synes han virket noe mer engasjert og opptatt av spillerne. Gleder meg til tirsdag og møtet med 62000 fans på WHL.
    Trur dette kan bli bra. Blir spennende å se hva som skjer i januar og til sommeren. CE fikk 15 min og underskrev sin egen avskjed. Helt ute av det.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen hjarteleg! Ja, det var kjekt å sjå ein motivert og engasjer José Mourinho igjen. Jobben er like viktig for han som for Tottenham! Nokre forsterkingar i januar og sommar må nok til - det blir spennande å følgje med. Einig angåande Eriksen, han har dessverre ikkje hovudet på rett plass...

      Slett

  2. Du er flink!
    Veldig fin oppsummering
    Og god analyse!
    Jeg vil følge bloggen din.
    For øvrig synes jeg Dier er for treg. Ikke nok på hugget.
    Eyvind Øglænd Marcussen

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen hjertelig! Kjekt å høyre! Å investere i ein defensiv midtbanespelar i januar ville ikkje vore dumt. Einig der!

      Slett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?

Kva lærte vi av Sheffield United 3-1 Tottenham?