Kven bør Tottenham kjøpe?

Kven bør Tottenham kjøpe?

31. januar 2018. Det er datoen Tottenham sist kjøpte ein spelar til førstelaget. Bygginga av ny stadion har teke opp mykje tid, energi og ikkje minst pengar, men denne sommaren ser det endeleg ut som om nye spelarar vil kome inn portane. Men kven bør laget frå Nord-London hente denne sommaren?

Bilderesultat for tanguy ndombele tottenham

Sentral midtbane

Dette er den mest prekære posisjonen for Tottenham å investere i. Førre sesong var Tottenham avhengig av at Harry Winks og Moussa Sissoko var friske for å ha ei nokså fungerande midtbane. Når Eric Dier eller Victor Wanyama måtte inn og vikariere, så gjekk det bra nokre gongar, men i mesteparten av tilfella såg midtbana dårleg og mangelfull ut. Å selje enten Wanyama eller Dier dette vindauget vil vere smart, ettersom begge er på ei nedgåande kurve. Wanyama er nok den som er mest aktuell for eit sal, sidan han hadde nokre gode kampar på slutten av sesongen som kan ha auka verdien hans. I tillegg ser nok Pochettino på Dier som ein potensiell midtstoppar, noko han passar fint til. Difor kan det vere nødvendig å ikkje berre signere ein, men to spelarar som kan spele på den sentrale midtbana. 

Som dei fleste Tottenham-supporterar har fått med seg, har det vore mykje prat om Lyons Tanguy Ndombele. Franskmannen kjem til å koste mykje, opp mot 70-80 millionar euro, men det er han verdt. Ndombele er ein spelar som kan gjere omtrent alt. Bra med målinvolveringar (1 mål, 7 assists), fantastisk fysikk og svært sikker med ballen i beina. Han kan både sentre seg ut (89 % pasningsprosent) og drible seg ut (1,9 per kamp) av situasjonar. Han vil vere ein perfekt Mousa Dembele-erstattar, og er framleis berre 22 år. Eit anna alternativ i denne rolla er Youri Tielemans. Han imponerte på lån hos Leicester i vår, og kjem til å forlate Monaco i sommarvindauget. Belgiaren er svært god til å få ballen framover i bana og i betre posisjonar, og er også målfarleg. Han er, som Ndombele, også berre 22 år gamal. 

"Dei liljekvite" frå Nord-London treng også nokon som kan kome inn i "Dier/Wanyama-rolla" - ein sentral midtbanespelar som kan legge ned det defensive arbeidet og beskytte forsvaret. Toulouse-spelar Ibrahim Sangaré ser ut som ein spennande spelar. Med nest-flest taklingar per kamp i Ligue 1 (3,6), 1,8 driblingar per kamp og 1 avskjering per kamp ser 21-åringen ut til å ha ei lovande framtid i vente. Eit anna alternativ er Hoffenheims 23 år gamle Florian Grillitsch. Han bidreg med mange taklingar og avskjeringar, og er ganske bra i pasningsspelet. I tillegg til desse to, synest eg at Daniel Levy & co bør sjå på Amadou Diawara i Napoli. Han har fått lite speletid i Serie A, men har vist seg som ein god og spennande spelar dei gongane han har fått sjansen. Det er svært viktig at Tottenham signerer ein defensivt anlagd midtbanespelar som er god til å posisjonere seg og beskytte forsvaret. 

Høgreback

Ein anna posisjon som har vore ein verkebyll førre sesong, eller eigentleg sidan Kyle Walker drog til Manchester City i 2017, er høgrebacken. Kieran Trippier er enkelt og greitt ikkje god nok til å starte dersom ein vil kjempe om dei gjevaste trofea. Napoli, Juventus og Atletico Madrid har vist interesse for engelskmannen og det vil vere lurt for klubben å selje han i dette vindauget. Serge Aurier har vist ein god del lovande takter når han har fått sjansen, spesielt mot Borussia Dortmund der han leverte ei målgivande pasning og heldt nullen, så å behalde han, i alle fall ein sesong til, vil vere lurt. Vi må heller ikkje gløyme at Kyle Walker-Peters også er i klubben, og eit utlån vil nok vere det beste for karrieren hans. 

Tottenham må signere ein høgreback denne sommaren, og kvifor sjå lenger enn Croydon i Sør-London, nærare bestemt Selhurst Park og Crystal Palace. Aaron Wan-Bissaka var, saman med Trent Alexander-Arnold, den beste høgrebacken i Premier League førre sesong. Den unge engelskmannen er ekstremt god 1v1, svært mange taklingar og avskjeringar (nest-mest i Premier League), og bra med driblingar (1,7 per kamp). 21-åringen har litt å gå på framover i bana, men har likevel levert tre målgivande pasningar, sjølv om han ikkje har hatt dei beste spissane å slå innlegg på... Han kjem til å verte dyr, rundt 50-60 millionar pund, men han, som Ndombele, kjem til å vere verdt pengane. Ein har ein defensivt svært solid høgreback dei neste 10 åra med Wan-Bissaka. 

Sjølv om Wan-Bissaka er den ideelle signeringa for høgreback-posisjonen finst det framleis andre gode alternativ som bør nemnast. Dersom Pochettino vil gå for ein meir offensivt anlagd back, som kanskje passar best i ei trebackslinje der det blir brukt vingbackar, vil Youcef Atal vere eit svært bra alternativ. Nice-spelaren har for fullt slått gjennom for Nice denne sesongen, og er ein svært driblesterk vingback (3,5 driblingar per kamp - berre 0,2 bak Eden Hazard). I tillegg har Atal scora heile 6 mål denne sesongen, og har også mange taklingar og avskjeringar. Ein svært energisk spelar som bør vere nummer to på lista over høgrebackar. I tillegg til Atal og Wan-Bissaka vil Ricardo Pereira i Leicester passe svært godt inn i laget, men han kjem til å verte dyr og er eldre enn dei to alternativa. Max Aarons i Norwich har også imponert, men er framleis ung og han kan nok ikkje gå rett inn i eit topplag med det første. 

Eriksen-erstattar

Christian Eriksen har gått ut og sagt at han treng ei ny utfordring, noko som har fått Tottenham til å sjå seg om etter potensielle erstattarar. Men slik som det ser ut akkurat no, kjem Real Madrid til å gå for Paul Pogba, og Eriksen har eigentleg ikkje nokon stad å gå. Dette kan gjere at han faktisk kan bli verande i Tottenham og signere ei ny kontrakt, men det er framleis mykje som kan skje. Og sjølv om Eriksen blir, så kan det vere lurt å signere ein kreativ spelar til, og her er det mange gode alternativ rundt om i den europeiske fotballen.

Giovani Lo Celso er ein spelar som har vore tungt linka til Tottenham, men han liknar ikkje så veldig på Eriksen i spelestilen. Real Betis-spelaren er endå meir dynamisk enn dansken, men er ikkje like kreativ. Eriksen kan styre kampen og vere metronomen i laget, men Lo Celso er ikkje ein slik type spelar. Argentinaren er betre jo nærmare mål han kjem, og i La Liga scora han 9 mål og skaffa seg 4 assists. Han er ein svært god spelar, men ikkje ein Eriksen-type. Ein som liknar på Lo Celso og bidreg med mange liknande kvalitetar er Bruno Fernandes, som også har vore linka til Tottenham. Han er svært målfarleg og skotvillig frå alle posisjonar med ein radius mindre enn 30 meter frå motstandaren sitt mål. Portugisaren imponerte svært mykje førre sesong, men vil koste mykje. 

Dersom ein skal sjå på spelarar som liknar meir på Christian Eriksen og det han tilfører laget, så kan vi sjå på fleire spennande spelarar. Ajax-spelaren Hakim Ziyech er svært kreativ og målfarleg, noko vi såg i Champions League, blant anna mot Tottenham. Han vil vere ein svært god erstattar for Eriksen. James Maddison i Leicester er også ein spelar som bringer liknande kvalitetar til bordet. Engelskmannen skapte flest sjansar i heile Premier League i førre sesong, og held eit svært bra nivå. Ein nordmann som kan vere tilgjengeleg og aktuell denne sommaren er Martin Ødegaard - ein spelar som bør hentast uansett om Eriksen dreg eller ikkje. Ødegaard er perfekt som Eriksen-erstattar om nokre år, og Real Madrid vil nok vere villige til å la han gå for under 30 millionar euro. Dette hadde vore svært spennande. 

Angripar

Fernando Llorente er forventa å forlate klubben i sommar, og nokon må erstatte innverknaden spanjolen har hatt denne sesongen. I tillegg bør Erik Lamela selgast, sidan han slit ekstremt mykje med skader. Dersom ein ikkje kan stole på at "backupen" er frisk halvparten av tida, så er ein i ein vanskeleg situasjon. Tottenham kan nok framleis få ein god slant med pengar for argentinaren, og dei bør investere i ein angripar som kan spele på eit høgt nivå i fleire roller - litt som Anthony Martial i Manchester United som kan spele som spiss og venstreving. 

Gareth Bale er draumen til mange Tottenham-supporterar, og dersom ein klarer å få til ein god avtale, så bør ein "gå for det". Ein låneavtale der Real Madrid betalar mesteparten av løna hans ville vore bra, men å kjøpe han kan vise seg som vanskeleg. Då må walisaren ned i løn og i tillegg vil han koste ganske mykje pengar. I tillegg er han nok tilgjengeleg berre halvparten av sesongen, noko som gjer at ein får det same problemet som Lamela. At Gareth Bale hamnar i Tottenham verkar akkurat no ganske usannsynleg. Men der er alternativ som Tottenham bør sjå etter. Ayoze Perez i Newcastle er svært undervurdert og kan spele i dei fleste angripande posisjonane. Ademola Lookman i Everton har ikkje fått nok speletid og vil nok sjå seg etter ein veg ut av klubben. Den unge engelskmannen er talentfull og ville vore eit bra tilskot til stallen.

Ryan Sessegnon vert linka sterkt til Tottenham denne sommaren, og engelskmannen vil vere ei svært god signering dersom ein får pressa prisen under 30 millionar pund. Sessegnon kan eigentleg spele langs heile venstresida, og kan vere med på å skape breidde i stallen på venstrekanten. Det er vanskeleg å seie om ungguten kjem til å ta "Bale-vegen" og permanent spele langt framme i bana, eller om han blir drilla i ei rolle lenger bake på bana. Sessegnon kunne nok utgjort ein svært god vingback under Pochettino. Men uansett, så kjem han nok aldri til å kunne spele heilt på topp, så han er ikkje heilt med på å løyse dette problemet, sjølv om han er ei god signering. 

Oppsummering

Alt i alt kan vi seie at dette er ein "make or break"-sommar for Pochettino, Levy og Tottenham. Vi såg kva som skjedde etter at Liverpool tapte Champions League-finalen i fjor - dei investerte smart i dei rette posisjonane og neste sesong vann dei Champions League og leverte ein fantastisk sesong i ligaen. Det er mange likskapar mellom Liverpool anno 2018 og Tottenham anno 2019, og for at Tottenham skal nå Liverpool sitt noverande nivå, må det investerast i kvalitetsspelarar. Det kan hende at Toby Alderweireld dreg frå klubben med ein utkjøpsklausul på 25 millionar pund, men etter mi meining bør ein midtstoppar vere noko av det siste Tottenham bør sjå etter. Med Jan Vertonghen, Davinson Sanchez, Juan Foyth, kanskje Eric Dier, og til og med Ben Davies i rekkene, er det andre område som er langt meir viktige å oppgradere eller erstatte. Blir det kjøpt ein ny høgreback og to sentrale midtbanespelarar, så har ein kome langt på vegen. Det er utruleg viktig at Daniel Levy "backar" Pochettino denne sommaren.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?