Preview: Tottenham - Liverpool

Preview: Tottenham - Liverpool

Laurdag 1. juni kl. 21.00 er det klart for årets største fotballkamp, og for Tottenham den største kampen i klubbens historie. Dei "liljekvite" frå Nord-London har aldri vore i ei finale i den største klubbturneringa av dei alle, medan Liverpool har sjansen til å revansjere fjorårets tap mot Real Madrid og sikre sitt 6. Champions League-trofé. Men korleis kom laga seg til denne finalen?

Bilderesultat for tottenham vs liverpool
Kjelde: Golfarmagh.co.uk

Comeback kings

Jo, begge lag utøvde det mange vil kalle mirakel for å kome seg til denne finalen. Liverpool med Anfield i ryggen tok igjen Barcelona si 3-0-leiing frå den første kampen, og vann 4-0 heime mot katalanarane på ekstremt imponerande vis. Tottenham låg i pausen på Johan Cruyff Arena under 3-0 samanlagt, men eit hat-trick av Lucas Moura, der det siste målet kom heilt på slutten av overtida, gjorde at Tottenham gjekk vidare til finalen på Wanda Metropolitano i Madrid.

Trenarane Jürgen Klopp og Mauricio Pochettino skal ha mykje av æra for at laga avanserte frå desse vanskelege utgangspunkta. Liverpool mangla både Mohamed Salah og Roberto Firmino frå start, men likevel klarte dei å slå eit av verdas beste lag 4-0. Divock Origi, mannen som var på Ørskogfjellet i Møre og Romsdal i fjor haust, kom inn for Firmino og putta to mål. Giorginio Wijnaldum kom inn for Andy Robertson og scora to mål han også. Ei blanding av Klopp og Anfield fekk laget til å tru på seg sjølve og spele med svært høg intensitet.

Pochettino endra heile kampbildet ved å setje inn Fernando Llorente mot Ajax, i tillegg til å motivere spelarane i pausen. Forsvararane klarte ikkje å handtere Llorente, Lucas Moura scora ekte hat-trick og plutseleg var Tottenham i finalen. Det er heilt tydeleg at desse to trenarane har klart å få på plass ein filosofi og ei tru på at alt er mogleg. 

Lagoppstilling: Tottenham



Det blir ekstremt spennande å sjå kven som kjem til å starte for Tottenham. Dei fleste ser ut til å verte klare, men er dei i kampform? Kaptein Hugo Lloris startar i alle fall i mål. Den siste tida har han kome litt tilbake etter tabba på overtid mot Liverpool, og han har redda tre straffespark på rad. Det kan vise seg å vere nyttig ved ein eventuell straffesparkkonkurranse. Midtstopparane er ganske "bankers" dersom Vertonghen er i form. Visst ikkje han kan starte, så kjem nok Davinson Sanchez inn i hans fråvær.

Danny Rose kjem til å starte som venstreback, medan Kieran Trippier mest sannsynleg startar i høgreback-posisjonen. Serge Aurier er eit usikkert kort, så eg trur det vil vere lurt å starte med Trippier, sjølv om han eigentleg ikkje er god nok for dette nivået. Når Tottenham har ball, kjem engelskmannen til å plassere seg høgt i bana for å kunne slå innlegg. Eg håpar også at Pochettino unngår å spele med tre midtstopparar. Det fungerte ikkje på Anfield i førre oppgjer mellom laga, då Rose og Trippier vart pressa langt ned i bana av Mané og Salah. Det gjorde at det vart ei flat fembackslinje, og Liverpool sine backar fekk stå og prikke innlegg uforstyrra.

Midtbana er også interessant. Moussa Sissoko startar garantert, og er ein av nøkkelspelarane i dette Tottenham-laget. Han passar på romet Trippier etterlatar seg når Tottenham har ballen i laget, og franskmannen bidreg med fysikk på midtbana. Og sidan han er svært god til å skjerme ballen og unngå å miste den, så blir han viktig for å kunne spele av Liverpool sitt press. Harry Winks må starte dersom han er 100 % klar for kamp. Han bidreg med bra pasningsspel og gode vendingar, ala Luka Modric, og blir også viktig for å spele av presset og halde ballen i laget.

Framover i bana har vi nok den mest interessante situasjonen. Dele Alli og Christian Eriksen kjem garantert til å starte, og Heung-Min Son er nok også nesten garantert ein plass i 11-aren. Harry Kane har erklært seg sjølv "fit for fight", og dersom han er klar til å spele, så bør han starte denne kampen, etter mi meining. Han er svært god til å binde opp motspelarar, og dermed skape rom som dei andre kan boltre seg i. Sjølv om han kanskje ikkje leverer mål, så skapar han hovudbry for Liverpool og bidreg med litt "mind games". Han held ikkje i 120 minutt, så dersom han startar kampen og det blir straffesparkkonkurranse, så er han nok ikkje på bana. Men blir det straffe tidleg i kampen, så er det "heilt greitt" å ha Kane på bana. Det er synd å måtte setje Lucas Moura ut av laget etter det fabelaktige hat-tricket mot Ajax, men samtidig er han svært fin å setje inn på seinare i kampen. Det er forresten Fernando Llorente også, god å ha på benken. Uansett, så trur eg at Kane kjem til å starte denne kampen. 

Lagoppstilling: Liverpool



Forsvaret til Liverpool har denne sesongen vore botnsolid og laget sleppte inn minst i Premier League med berre 22 baklengsmål. Kjøpet av Alisson Becker skal ha mykje av æra for nettopp det. Brasilianaren er så og seie ein komplett keeper. Han er utruleg god på strek, god 1v1 og også svært bra med ball i beina. Han kan finne på å gjere nokre rare ting ein gong i blant, men det er ganske sjeldan at dei feila blir utslagsgivande. Virgil van Dijk i midtforsvaret er botnsolid og per dags dato verdas beste midtstoppar. Joel Matip er også inne i ei svært god periode, og kjem til å starte denne kampen framfor Dejan Lovren og Joe Gomez.

Backane Trent Alexander-Arnold og Andy Robertson har vore sensasjonelt gode denne sesongen. Dei står med høvevis 12 og 11 målgivande pasningar i Premier League denne sesongen, noko som er heilt eineståande. Korleis skal ein stoppe dei? Eriksen og Son må nok gå ned i ei meir defensiv rolle når Liverpool har ballen, og rett og slett nekte dei å få rom på Tottenham sin tredel av bana. I tillegg må ein unngå å gi Liverpool dødballar, ettersom Alexander-Arnold har ein svært presis fot og van Dijk er ruvande i lufta. Ein må prøve å utnytte roma som dei to backane etterlet bak seg. Det kan spelarar som Son og Lucas verkeleg utnytte. Om Tottenham skal ha moglegheiter i denne kampen, så må dei stoppe backane til Liverpool - enkelt og greitt.

Midtbana til Liverpool er nok ganske så "spikra". Fabinho kjem til å spele i anker-rolla og hjelpe backane når Tottenham har ballen. Når Liverpool har ballen, så kjem han nok til å droppe ned i midtforsvaret, slik at dei dannar ei trebackslinje. Jordan Henderson skal springe rundt og ta for seg i duellane. Engelskmannen har vore god dei siste månadane, og er ein viktig del av Klopp sitt press. Giorginio Wijnaldum fortener også å starte denne kampen etter oppgjeret mot Barcelona der han scora to gongar. Hollendaren dukkar ofte opp med eit mål i viktige kampar, så ikkje bli forbausa om han teiknar seg på scoringslista i denne kampen. Naby Keita er ute med skade, medan James Milner kan bli byta inn dersom Klopp ser at han kan gjere nytte for seg, noko som er svært sannsynleg.

Trioen framme er også omtrent garantert å starte. Mohamed Salah og Sadio Mané har vore fantastisk gode denne sesongen, og kjem til å vere ein stor trussel for Tottenham-forsvaret i denne kampen. Roberto Firmino har slite med ei skade i det siste, men ser ut til å verte klar til finalen. Brasilianaren kjem til å droppe ned for å opne opp rom som Mané og Salah kan springe inn i. Visst ikkje Firmino startar, så er jo Divock Origi ei "ok" erstatning, med tanke på korleis han gjorde det mot Barcelona. Xherdan Shaqiri og Daniel Sturridge kan kome innpå for å endre kampbildet i sin favør, men det er sannsynleg at Origi er den som blir byta inn først av dei offensive spelarane på benken. 


Korleis vil Liverpool sine 12 siste månadar påverke dei?

For ca. eitt år sidan tapte Liverpool mot Real Madrid i Champions League-finalen etter eit fantastisk brassespark av Gareth Bale og to store tabbar av Loris Karius. Den påfølgande sommaren investerte Liverpool i dei rette posisjonane ved innkjøp av Alisson Becker, Fabinho, Naby Keita og Xherdan Shaqiri. Dei to første har vore ein braksuksess, medan Keita har slite litt med å slå seg til ro i England. Shaqiri starta sesongen forrykande, men har etter kvart vorte meir og meir neglisjert av Jürgen Klopp. Uansett; Klopp har gjort laget robust og omtrent utan svakheiter - rett og slett ganske komplett. Denne sesongen har Liverpool vore eit av dei beste laga i verda, og var utruleg nære ved å vinne Premier League, men eit uhorveleg bra Manchester City slo dei med eitt poeng. Tenk om dette laget går frå denne sesongen utan eit einaste trofé. Det vil vere ein stor nedtur for Liverpool, og det legg eit press på laget om å prestere i denne finalen, noko som kan påverke dei psykisk og vere ein fordel for Tottenham. Jürgen Klopp har ein historikk med å tape finaler, og utan Anfield i ryggen kan dette Liverpool-laget kjenne på presset. Korleis dei handterer dette presset vert avgjerande for om det blir siger eller ikkje.

Pochettino si evne til å endre kampbildet

Denne sesongen har Mauricio Pochettino utvikla seg endå meir som manager. I 2019 har han ved fleire høve klart å gjere taktiske endringar som har bikka kampen i favør Tottenham. Det er på dette området Pochettino har eit overtak over Klopp. Tyskaren har ein fantastisk plan A som fungerer i dei fleste kampane, men dersom det buttar litt imot så kan han slite med å endre kampen heilt. Pochettino på si side bommar av og til med inngangen på kampen, men er svært god på å gjere dei rette justeringane undervegs. Det såg vi i det førre oppgjeret mellom laga. Pochettino starta med tre midtstopparar, noko som fungerte svært dårleg. Han endra kampbildet ved å setje Jan Vertonghen på venstreback og flytte Danny Rose opp som ein defensiv ving. Dette gjorde at Alexander-Arnold ikkje fekk stå og slå innlegg frå sin vante posisjon. Christian Eriksen la seg ute på høgrekanten for å demme opp for Robertson. Liverpool kjem til å starte sterkt, men dersom Tottenham klarer å ri av stormen utan å sleppe inn, så er det gode moglegheiter for å ta sigeren med Pochettino sine endringar. Å halde ut til pause blir vitalt for Tottenham.

Kven kjem til å vinne?

Liverpool er favorittar, eit stempel dei har fortent med ein fantastisk sesong, men Tottenham har eit svært høgt toppnivå. At det er tre veker sidan laga sist spelte fotball er ein fordel for Tottenham, sidan dei har slite mykje med "fitness" og skader i den nokså tynne stallen denne sesongen. Kampane mellom dei to laga har enda med 2-1-siger til Liverpool begge gongane, men Tottenham har vore i nærleiken av å ta med seg poeng. I det første oppgjeret skulle Heung-Min Son hatt ei straffe på overtid, og i det andre oppgjeret skulle Moussa Sissoko ha scora åleine med Alisson og Lloris skulle ha klart å unngå å tabbe seg ut på overtid. Klarer Tottenham å luke vekk tabbar og vere effektive, så har dei ein god sjanse til å slå Liverpool, men det er naturlegvis lettare sagt enn gjort. Som sagt tidlegare, blir det viktig for Tottenham å halde ut dei første 45 minutta utan å sleppe inn meir enn eitt mål. Klarer dei det, så trur eg at dei fort kjem til å vinne. Dersom dei slit skikkeleg i opninga, så kjem Liverpool til å ta ein kontrollert og komfortabel 3-0-siger. Men eit utkvilt Tottenham-lag kan få til det mest utrulege.

Tips: 2-1
Mål: Alli, Kane, Mané

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?