Kva lærte vi av Tottenhams avansement til semifinalen i Champions League?

Son, Llorente og VAR - Tottenham er vidare til semifinalen i Champions League!

Då Tottenham trakk Manchester City i Champions League-kvartfinalen skreiv Kyle Walker "This will be fun" på Twitter, og jammen fekk han rett. Etter eit drama ikkje eingong William Shakespeare kunne ha skrive, gjekk Tottenham vidare til semifinale i verdas gjevaste klubbfotball-konkurranse. La oss sjå på nokre av punkta ein kunne notere seg frå gårsdagens elleville kamp. 

Bilderesultat for tottenham manchester city
Kjelde: BBC

So close, yet so VAR away for Manchester City. VAR (Video Assistant Referee) vart denne sesongen innført i utslagsrundene av Champions League, noko som har fått stor innverknad på kva veg kampane har bikka. Sjølv likar eg mest å prate om sjølve fotballen, taktikkane og spelet, men etter ein slik kamp må VAR diskuterast. Manchester City hadde gått vidare til semifinalen dersom det ikkje hadde vore for denne teknologiske nyvinninga, sidan Sergio Aguero var i offside då han fekk ballen frå ein touch av Bernardo Silva. I offside-tilfelle er VAR heilt klart eit bra system. Der er det ganske klokkeklart kva som er rett og gale, sjølv om det ikkje alltid er like lett å sjå for linjemannen. På den andre sida har vi hands-regelen. Ein regel som er svært tvetydig, og vanskeleg å forstå og tolke rett. Ballen var innom handa til Llorente før den gjekk i hofta og vidare i mål, men etter mi meining gjorde dommaren rett i å ikkje annullere målet. Arma var inntil kroppen, og det ville nok ikkje ha blitt dømt straffe dersom ein forsvarar gjorde det same. Men det som var kritikkverdig i denne situasjonen, var at dommar Cuneyt Cakir ikkje fekk sjå situasjonen frå fleire vinklar og kamera. Skal ein ha VAR, så må dommaren få alle relevante bilde, noko som ikkje skjedde i denne situasjonen. Uansett, så vart det nok dømt rett i denne situasjonen, men systemet VAR har framleis mykje å gå på. 


Over til spelarprestasjonar, og det er ein mann frå Sør-Korea som står att som ein av dei største heltane etter kampen under flomlysa på Etihad Stadium. Heung-Min Son beviste i denne kampen at han er ein av verdas beste angrepsspelarar. Han dukkar opp på rett plass, skapar sjansar sjølv og skyt som ein snikskyttar - både hardt og presist. I tillegg til dette så presterar han i dei viktige kampane, og tek ansvaret for å score mål med Harry Kane ute av laget. Over dei to kvartfinalekampane mot Manchester City scora han tre mål, og det er faktisk berre Cristiano Ronaldo som har fleire mål (5) i utslagsrundene av Champions League denne sesongen enn Heung-Min Son sine 4 mål. I tillegg jobbar han hardt for laget og bidreg defensivt - han er definitivt ikkje ein luksusspelar. I gårsdagens kamp vann han tilbake ballen fem gongar, og takla med suksess heile fire gongar. I tillegg trefte han på 81 % av pasningane sine, noko som er bra for å spele såpass høgt i bana mot eit av verdas beste lag. Heung-Min Son er verkeleg ein juvel, og ein av Tottenhams aller viktigaste spelarar.


Over frå ein avgjerande angrepsspelar til ein annan - Fernando Llorente scora målet som gjorde at Tottenham gjekk vidare frå kvartfinalen. Spanjolen har av mange blitt kritisert for å ikkje vere i nærleiken av det nivået ein må inneha for å vere Tottenham-spelar, men spydspissen gjer akkurat den jobben han vart kjøpt inn for til punkt og prikke. Han er ein stor trussel på både innlegg og offensive dødballar, noko vi såg i går, samtidig som han er ein viktig ressurs på defensive dødballar. Spanjolen er svært dominerande i luftromet, og er involvert i overraskande mange mål. I løpet av sine 92 speleminutt i Champions League har Llorente to mål og ei målgivande pasning, noko som betyr at han er involvert i ei scoring kvart 30. min ca. Det er svært imponerande i den gjevaste turneringa av dei alle, og begge måla hans kom i viktige kampar mot Dortmund og Man City. Han har jo trass alt godt med erfaring frå å vinne trofé med både EM, VM og Serie A i bagasjen. Llorente veit korleis ein skal skyte frå hofta, bokstavleg talt...


Midtbana til Tottenham har vore skadeplaga denne sesongen, og det hjelpte ikkje på at Mousa Dembele drog til Kina i januar. Eric Dier, Victor Wanyama og Harry Winks har alle slite med diverse skader, og no kan det hende at Moussa Sissoko også er ute ei stund med det som såg ut som ei lyskeskade. Det som då er svært gledeleg er at Victor Wanyama har sett svært bra ut dei siste to kampane mot høvevis Huddersfield og Manchester City. Etter den fabelaktige debutsesongen hans (16/17) har han vore svært skadeplaga, og har aldri klart å kome seg tilbake til der han var for to sesongar sidan. Men som sagt, så har dei to siste kampane hans vore av svært god kvalitet. I gårsdagens kamp trefte han på 85,7 % av pasningane sine, noko som var nest mest for Tottenham bak Moussa Sissoko (som forresten hadde 100 % treff før han måtte gå av med ei skade). I tillegg vann han att ballen heile 8 gongar, i tillegg til å treffe på fire taklingar. Han hadde som alle andre, utanom M. Sissoko, ei feilpasning her og der, men var elles ein av Tottenhams betre spelarar. Visst han klarer å halde fitness-nivået på topp og samtidig klarer å unngå skader, så kan Wanyama verke som ei ny signering for "dei liljekvite" frå Nord-London. Men hadde eg vore Daniel Levy, så ville eg uansett investert i ein sentral midtbanespelar i sommar, sjølv om Victor Wanyama kanskje er tilbake der han var. 


"He's magic you know, Mauricio Pochettino" runga ut blant bortefansen både under og etter kampen, og det er heilt sant - det Pochettino har fått til er heilt magisk. Lagets siste signering kom i januar 2018 då Lucas Moura signerte, og Tottenham var det einaste laget som ikkje signerte ein einaste spelar i sommarvindauget. Dette gjer prestasjonen berre endå større og meir imponerande. Å slå det som er rekna som verdas beste manager og ein av verdas rikaste klubbar over to kampar, utan talismanen Harry Kane i den siste kampen er ikkje noko anna enn ein fantastisk prestasjon. Mange har sagt "Vel, kva har han vunne?", men det blir heilt feil å seie med tanke på kva motstandarane har å rutte med når det gjeld midlar og ressursar. Han har teke eit Tottenham-lag frå 6. plass og å ikkje vere ein trussel for dei andre topplaga, til å utfordre dei aller største. Mauricio Pochettino er utan tvil ein av verdas beste trenarar, om ikkje heilt der oppe med Pep Guardiola. 


Men der er naturlegvis diverse som må jobbast med for Pochettino & co. Å sleppe inn fire mål er ikkje bra, sjølv om det er mot eit av verdas aller beste fotballag, og det er tydeleg at nokre posisjonar kan og bør bli oppgraderte i løpet av den komande sommaren. Backane har vore eit problem heilt sidan Kyle Walker vart selt og Danny Rose vart skada, og det er framleis akilleshælen i dette Tottenham-laget. Kieran Trippier kunne og burde ha gjort sine saker betre ved Raheem Sterling sine mål. Danny Rose på den andre backen hadde ein betre kamp enn Trippier, men spelte framleis ikkje ein spesielt bra kamp. Det er klart at backane møter nokre av verdas beste spelarar, men dei burde likevel ha gjort ein betre jobb. Dersom Pochettino skal klare å ta dette Tottenham-laget heilt til topps, så må det investerast i nye backar snarast mogleg. 


Alt i alt var dette ein siger for fotballen. Dette oppgjeret viser at pengar ikkje er alt, og at ein framleis kan oppleve suksess ved å byggje ein identitet og ein filosofi - ikkje berre ved å kjøpe seg til suksessen. Manchester City er sponsa av eit heilt land, men tapte mot Tottenham Hotspur som ikkje har brukt ein "penny" på spelarsigneringar denne sesongen. Det at klubbar som Ajax og Tottenham er vidare til semifinalen i Champions League, medan klubbar som Manchester City og PSG ikkje er med vidare, er ein fryd for alle som elskar fotball og sporten sine røter. Tottenham og Pochettino held fram med å bryte barrierar. Dette er Tottenhams andre semifinale i turneringa, noko som er eit prov på at Mauricio Pochettino og dette laget er heilt spesielt. Gårsdagens kamp kjem til å bli snakka om i fleire tiår framover, og for meg personleg, var det til tider den verste, men til slutt den beste fotballopplevinga eg har vore med på i løpet av mitt 18 år og 10 månadar gamle liv. Dersom Pochettino blir i Tottenham og held fram med prosjektet sitt, og blir støtta av Daniel Levy, så er alt mogleg. "Sky is the limit" for Tottenham og Pochettino.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Dele Alli bør få speletid – her er kvifor:

Kva er grunnen bak Højbjerg sin formdupp?

Analyse: Korleis kjem Pochettino sitt PSG til å sjå ut?