Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Liverpool tok søndag ettermiddag imot Tottenham til ein svært viktig kamp i Premier League. Heimelaget kjempar om ligatittelen, medan Tottenham har, etter ei dårleg rekke med resultat, blitt drege med i kampen om Champions League-plassane. Det såg ut til å ebbe ut i poengdeling, men heilt på tampen kløna Tottenham-keeper Hugo Lloris det til og ballen fann vegen til nettmaskene - sluttresultatet vart dermed 2-1 til Liverpool. Det var mange interessante punkt og hendingar som fann stad i denne toppkampen, og vi skal no kome innom nokre av dei.

Bilderesultat for liverpool - tottenham
Kjelde: Evening Standard

Marginar og ein fomlete keeper

Liverpool si evne til å ha "tur" og å ha marginane på si side har vore heilt utruleg denne sesongen, men det er ikkje slik at flaks berre blir delt ut vilkårleg heile tida. Det er nemleg oftast dei gode laga som har flaks, nettopp fordi dei set seg sjølve i gode posisjonar og legg ned det harde arbeidet som må til for å kunne vippe kampen i sin favør. Jordan Pickford, Julian Speroni, Sergio Rico, Hugo Lloris, nokre linjemenn og Riyad Mahrez bør nok kanskje få seg ei aldri så lita helsing frå Liverpool dersom det blir ligagull. "Scouserane" har hatt det meste av marginar med seg, men det er ikkje utan grunn - og ikkje minst er det ei god og undervurdert evne å ha i eit lag. "Never say die"-attitude blanda med kvalitetsspelarar gjer at ein også har hellet med seg i dei fleste situasjonane. Denne evna kan verte avgjerande i kampen om Premier League-tittelen.

På den andre sida av flaks-skalaen har vi Tottenham. Ofte når dei kvite og marineblå frå Nord-London spelar gode kampar og resultat ligg og vippar, så vert det gjort ei tabbe som øydelegg alt det gode arbeidet og spelet som har blitt gjort i forkant. Og syndaren for mange av desse tabbane er Frankrikes landslagskaptein, VM-vinnar og Tottenhams klubbkaptein; Hugo Lloris. Sidan 2016/17-sesongen er det berre Jordan Pickford som har fleire tabbar som har leia til mål i mot. Heile 8 av Lloris sine individuelle feil har ført til mål, noko som vitnar om at feilskjæra han gjer kostar Tottenham poeng, i motsetnad til for eksempel det smårusket Alisson Becker hadde i gårsdagens kamp. Det er nok på høg tid at det vert gjort noko med keeperplassen. Paulo Gazzaniga er nok ikkje ein betre keeper sett under eitt, men kanskje litt tid utanfor laget hadde gjort både Lloris og laget godt. Å forsterke denne posisjonen i løpet av overgangsvindauget i sommar vil nok kanskje vere lurt, men Mauricio Pochettino er altfor glad i Lloris til at det kjem til å skje. Franskmannen mista ikkje eingong kapteinsbindet etter å ha fyllekøyrd, noko som vitnar om tilliten dei to har imellom seg - bandet mellom franskmannen og argentinaren kan koste Spurs poeng i framtida.

Spelarar som kosta under 10 mill. pund leverer jamnt og trutt

Skotske Andrew Robertson har denne sesongen vore ein av verdas beste venstrebackar. Ingen andre forsvarsspelarar har fleire assistar (9) enn Liverpool-backen denne sesongen. I gårsdagens kamp var han blant banens beste spelarar. Eit fantastisk innlegg som fann Firmino sin pannebrask leia til kampens første mål, og elles spelte han svært bra. Han har vorte skildra som eit eige godstog på venstresida, noko han viste prov på mot Tottenham. Han stoppa aldri å springe - for ein motor! Liverpool sine backar og trusselen dei er mot motstandarlag framover i bana har gitt "The Reds" nok ein streng å spele på. Begge slår fantastiske innlegg og jobbar iherdig bakover, sjølv om Alexander-Arnold rett nok ikkje hadde sin beste kamp defensivt. Uansett, så har kjøpet av Andy Robertson for 8 millionar pund vist seg som eit av dei største røvarkjøpa dei siste åra. For ein spelar!

Ein annan spelar som ikkje kosta spesielt mykje er Dele Alli. Den framleis unge engelskmannen har dei to siste sesongane spelt ganske mykje djupare og bidreg bra defensivt. I det som var ein kamp med svært høg intensitet, utstrålte Alli ro og gjorde gode val både med og utan ball. I tillegg sprang han heile 13,2 km, noko som viser ein spelar som gir alt for laget. Midtbanespelaren har denne sesongen levert 7 målpoeng i Premier League, noko som er lågare enn det han vanlegvis produserer, men med nokre skadeperiodar og ei rolle djupare i bana er dette gode tal. Han er ein svært intelligent spelar til å vere 22 år gamal, og han kjem berre til å verte betre og betre dei komande åra. Tottenhams juvel utvidar repertoaret sitt.

To svært gode spissar

Tradisjonelt sett er hovudoppgåva til ein spiss å score mål, noko som framleis er sant, men dagens fotball handlar om mykje meir enn berre å setje ballen i mål. Dette viste Tottenham-talismanen Harry Kane på Anfield denne søndags ettermiddagen. Bortelaget sitt mål kom av at England-kapteinen sendte i veg ei fantastisk cross-pasning til Kieran Trippier som stod åleine på høgresida. Kane var kjapp i oppfatninga her, sidan pasninga kom som eit resultat av at han tok eit frispark kjapt. Spissen er kjend for å vere ein målsnik av rang, men han kan så mykje meir enn å berre score mål. Kane er god til å halde på ballen, han er ikkje så aller verst til å drible, han er utruleg god i presset, og har i tillegg ein pasningsradius fleire midtbanespelarar berre kan drøyme om. Han har vist det ved fleire høve at han kan slå hovmeister-pasningar, og dette gir han ein "edge" over mange andre spissar. Kane er det næraste ein kjem ein komplett spiss, og er naturlegvis i "racet" om toppscorartittelen med 17 mål foreløpig. 

Liverpools nummer ni har også vorte kjend for å ikkje berre score mål. Roberto Firmino sette kampens første mål, og headinga hans har ikkje fått nok applaus etter mi meining. Mange ville nok ha klart å setje ballen over, men Firmino gjer det nærast umogleg for Lloris ved å heade via bakken - svært smart av brasilianaren! Utanom målet leverer Firmino ein strålande kamp. Han gjer mykje av grovjobben som ikkje er lett å sjå, men som fort merkast dersom han ikkje spelar. Han er perfekt som førsteforsvarar i eit pressande system, og er definitivt ein av verdas beste "defensive" spissar. I tillegg til å jobbe bra defensivt, er han også svært god til å lage rom for spelarane rundt seg. Firmino skal ha mykje av æra for at Mohamed Salah og Sadio Mané har levert på eit såpass høgt nivå dei siste åra. Med smarte løp og pasningar set han dei to kantspelarane opp i gode posisjonar til å setje ballen i mål. "Bobby" Firmino er ein svært undervurdert spelar, og er vital for at Klopp sitt system skal fungere optimalt. 

Ein spennande innspurt

Det er ikkje tvil om at vi opplevde ein kamp av høg, høg klasse i går. Liverpool var klart best i 1. omgang, medan Tottenham burde ha teke leiinga i 2. omgang. Dersom Tottenham klarer å halde seg på dette nivået i dei attståande kampane, så bør ikkje topp fire vere i fare. Det å tidvis spele ut Liverpool utan ei skikkeleg og fungerande sentral midtbane, er ikkje noko anna enn svært imponerande. Nokre forsterkingar i sommar, så kjem dei liljekvite utan tvil til å vere med i kampen om tittelen neste sesong. 

Ein mann som kan ta mykje av æra for at Liverpool er i tittelracet og framleis er med i Champions League, er ingen andre enn Virgil van Dijk - verdas beste midtstoppar denne sesongen. Utan han hadde forsvaret og heile laget ikkje klart å henge saman skikkeleg, og ein såg også i går kor viktig han er for dette Liverpool-laget. Då Moussa Sissoko og Heung-Min Son kom åleine mot han, valde hollendaren å presse Sissoko til å skyte med "feil fot", noko som viste seg som ei rett avgjersle. Van Dijk hadde nok gjort heimeleksa si, og visste at Sissoko er heilt håplaus til å avslutte. Uansett, så vert det no svært spennande for begge lag i innspurten. Liverpool er framleis heilt med i kampen om ein utruleg etterlengta ligatittel, medan Tottenham for fullt er med i basketaket om den viktige 4. plassen. For ei sesongavslutning oss fotball- og Premier League-fans får!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?