Kort spelarprofil: Nicola Berti - mannen som berga Tottenham i 1998


Mannen som berga Tottenham i 1998

Nicola Berti

Fødd 14. april 1967 i Salsomaggiore Terme (Italia)
Høgde: 1,86
Midtbanespelar

Nasjonalitet: Italia (39 landskampar, 3 landslagsmål)

Klubbar:
1982 – 1985: Parma
1985 – 1988: Fiorentina
1988 – 1998: Inter
1998 – 1999: Tottenham (21 kampar, 3 mål)
1999 – 2001: Alaves
2001 – 2002: Northern Spirit (Australia)

Han vil alltid bli huska for at han var hovudmedverkande til at Tottenham våren 1998 berga plassen i Premier League med god margin. Han kom i januar 1998 til Tottenham for å få litt kraft og styrke til ei midtbane som var altfor lett. Der møtte han også den tidlegare lagkameraten frå Inter, og nyleg heimvende helten, Jürgen Klinsmann. Saman vart desse to ein stor suksess denne våren.

Nicola Berti kom med stor ro og høg speleintelligens, og var truleg hovudårsaka til at Christian Gross sitt lag ikkje rykte ned denne sesongen. A true Spurs hero! Om Berti blir det sagt at han var ein hardttaklande og hardtarbeidande defensiv midtbanespelar, som var spesielt god til å frakte ballen framover i stor fart. Han var også god i lufta og på offensive langpasningar. I tillegg laga han tre særs viktige mål i nøkkelkampar for Tottenham.

Sesongen etter vart diverre ein fiasko for Berti, og han forsvann til Alaves på free transfer – med George Graham si velsigning.

Nicola Berti debuterte på det italienske landslaget mot Norge i 1988. Berti vart også kalla for ein av «Norge-dødarane» etter at Italia slo ut Norge i fotball-VM i 1994. Han spelte alle kampane for Italia i dette meisterskapet, inklusiv finalen mot Brasil.

Frå Shelfside Spurs:
«My name is….. Nicola Berti, I’m aged about thirty, I come from a team in Milan – Inter,
  And when I walk down the street, All the girls that I meet, Shout Hey Gorgeous, what’s ya name?
  My name is….. (repeat)”


Gjesteinnlegg av Einar Heimdal

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?