Preview: VM-finale! Frankrike - Kroatia

Preview: VM-finale! Frankrike - Kroatia

Søndag kl. 17.00 er det duka for dei siste fire åra sin klart største fotballkamp; nemleg VM-finalen! Frankrike er favorittar, men kan kroatane klare å tukte dei? Det blir svært spennande å sjå!

Lagnyheiter - Frankrike

For "Les Bleus" er Djibril Sidibe tvilsam til å bidra p.g.a. ei småskade, medan Blaise Matuidi er forventa å vere frisk og rask igjen etter eit samanstøt med Eden Hazard i førre kamp. Trenar Didier Deschamps er forventa å halde fram med det same laget. 

Forventa lagoppstilling (4-2-3-1):
Hugo Lloris (K)
Benjamin Pavard - Raphael Varane - Samuel Umtiti - Lucas Hernandez
N´Golo Kanté - Paul Pogba
Kylian Mbappé - Antoine Griezmann - Blaise Matuidi
Olivier Giroud

Hugo Lloris, kapteinen på laget, har levert ei strålande turnering hittil. Han har ikkje slept inn mål sidan åttedelsfinalen mot Argentina, og leverte ei praktredning i kvartfinalen mot Uruguay. Alt i alt, mest sannsynleg turneringa sin beste keeper. Stjerneskotet Benjamin Pavard på høgreback har eg skrive litt om før på bloggen. Ettersom Djibril Sidibe har slite med ei skade, så har Pavard fått sjansen - og den sjansen har han teke med begge hendene. Han scora eit vidunderleg mål mot Argentina, og har elles bidrege sterkt i suksessen framover og bakover på bana. Angåande midtstopparane, så har ein ei kjensle av at Raphael Varane og Samuel Umtiti har utvikla seg til menn i løpet av denne turneringa. Umtiti vart matchvinnar mot Belgia i semifinalen, samstundes som Varane har levert fleire solide kampar. To svært gode stopparar med mange gode år framover. Venstreback Lucas Hernandez blir av mange skildra som det "svake leddet" i Frankrike-laget, men han har vore solid og påliteleg hittil - noko Deschamps set pris på, ettersom han var ein slik type spelar sjølv. Midtbanespelaren N´Golo Kanté har vore den viktigaste bidragsytaren til Frankrike sin (defensive) suksess. Han dekker utruleg mykje areal, og er svært god på å resirkulere og få i gang spelet igjen etter at han har vunne att ballen. Ein av verdas beste fotballspelarar.

Paul Pogba kjem til å spele saman med Kanté på den sentrale midtbana. Han har vore svært disiplinert og god hittil. Mange har påpeikt at han ikkje har gjort noko spesielt med håret sitt, noko som er eit teikn på at alt fokuset og konsentrasjonen er på sjølve fotballen - ikkje alt utanom. På høgrekanten finn vi ein framtidig Ballon d´Or-vinnar i Kylian Mbappé. Han er ei slags blanding mellom Thierry Henry og Ronaldo, og det i ein alder av 19 år! I førre kamp viste han ekkel oppførsel med blant anna filming, noko han må leggje vekk med ein gong. Dersom det får lov til å eskalere, så kan ein få Neymar-tilstandar. Det er det ingen som ønskjer. Antoine Griezmann har spelt litt djupare enn det han vanlegvis har gjort for Atletico Madrid, noko han har gjort med bravur. Han er svært kreativ, har ein presis pasningsfot og er i tillegg svært målfarleg. Han har levert fleire målgivande, der fleire av dei har vore på dødball. Dette må Kroatia vere obs på! Juventus-spelaren Blaise Matuidi står også oppført som offensiv midtbanespelar, men han har ikkje ei tradisjonell, offensiv rolle. Han samarbeidar med Hernandez om å "stenge av" venstresida og tilbyr massevis av løpskraft. Ein kan sjå føre seg at Corentin Tolisso kjem inn, sidan Matuidi kjem til å springe seg tom. Heilt på topp finn vi "target-spissen" Olivier Giroud. Han fungerer svært bra som oppspelspunkt, ettersom han vinn dei aller fleste duellane i lufta. Han er ein trussel på dødballar, og bidreg til å gjere dei andre rundt seg gode. Han hadde ikkje ein spesielt god kamp sist, men er generelt sett ein undervurdert spelar. 

Lagnyheiter - Kroatia

Både Ivan Strinic og Mario Mandzukic måtte gå av bana i semifinalen mot England, men dei ser ut til å bli klare igjen til den store kampen. Dette gjer nok at trenar Zlatko Dalic kjem til å utnemne ei uendra lagoppstilling. 

Forventa lagoppstilling (4-1-4-1):
Danijel Subasic
Sime Vrsaljko - Dejan Lovren - Domagoj Vida - Ivan Strinic
Marcelo Brozovic
Ante Rebic - Luka Modric (K) - Ivan Rakitic - Ivan Perisic
Mario Mandzukic

Keeper Danijel Subasic har, i likskap med Hugo Lloris, levert ei svært god turnering. Monaco-keeperen har vore svært god i dei to straffesparkkonkurransane Kroatia har vunne på vegen til finalen, og har elles spelt svært bra. Høgreback Sime Vrsaljko var forventa å gå glipp av England-kampen p.g.a. ei skade, men klarte å rekke kampen, noko som vart avgjerande for utfallet. Det var nemleg han som hadde den målgivande pasninga til Perisic, og spelte elles ein solid kamp. Han er ein god del betre enn Vedran Corluka, som mest sannsynleg ville vore erstattaren hans. Midtstoppar Dejan Lovren var heldig som ikkje fekk fleire gule kort i semifinalen. Han spelar ofte heilt på eller over grensa, og var heldig som slapp unna i semifinalen. Midtstopparmakkeren hans, Domagoj Vida, er også ein slik type spelar, men i denne kampen spelte han fair, og rett og slett bra. Han har blitt linka til fleire klubbar, som t.d. Everton, og dette er nok siste gang 29-åringen kan skaffe seg ein stor overgang og kontrakt. Dynamo Kiev-spelaren har imponert dei aller fleste. Venstreback Ivan Strinic er også ein solid spelar, og liknar, etter underteikna si meining, litt på Ben Davies i spelestilen for dei som følgjer med på Premier League. Strinic har meldt overgang frå Sampdoria til AC Milan denne sommaren, og 30-åringen kjem nok til å vere ein påliteleg og solid spelar for "Rossoneri".

Midtbaneformasjonen til Kroatia fluktuerar mykje i løpet av ein kamp. Ein kan sjå 4-1-4-1, 4-2-3-1 og 4-3-3 bli praktisert ved forskjellige høve, noko som har gjort dei litt meir uforutsigbare. Marcelo Brozovic har fått det defensive ansvaret, og leverte ein god kamp mot England sist. Personleg, vil eg helst sjå Mateo Kovacic frå start, men der er visst Dalic diverre ueinig med meg. Etter mi meining tilbyr han meir enn Brozovic, og vil gi dei ein større sjanse til å slå Frankrike. Dei to andre sentrale midtbanespelarane, Luka Modric og Ivan Rakitic, er heilt fantastisk gode fotballspelarar og er sjølvskrivne i laget. Begge to er av verdas beste pasningsspelarar, og dei bidreg med målpoeng for laget. På kantane finn vi Ante Rebic og Ivan Perisic. Rebic er ein arbeidshest og bidreg med løpskraft og defensivt arbeid, samstundes som han er farleg framover på bana. Ein svært god spelar å ha i laget/stallen. Perisic er ein svært viktig spelar for det kroatiske landslaget. Han er ikkje i nærheita av like god for klubblaga han har spelt for, som han er for landslaget. Han vart avgjerande mot England med både mål og assist, og han leverer alltid særs gode prestasjonar i meisterskap. Sjå ikkje vekk frå at Perisic scorar mål mot Frankrike. Fremst på bana finn vi også ein svært god spelar i Mario Mandzukic. Juventus-angriparen er smart i løpa sine og er svært god på å skjule seg for forsvararane. Han driftar ofte litt ut til venstre og utnyttar rom mellom høgreback og midtstoppar. Han er ein svært undervurdert fotballspelar. 

Spelarduell: N´Golo Kanté vs Luka Modric

Denne kampen blir avgjort på midtbana, og det er fort turneringa sine beste midtbanespelarar som møtest til dyst her. Begge desse spelarane har evnene og kvaliteten til å kontrollere ein kamp på eigenhand. Modric er ein komplett midtbanespelar, medan Kanté er litt meir defensiv anlagt. Modric har vore hovudfaktoren for at Kroatia har kome til finalen, og har vore nøkkelen deira til suksess. Kanté og Frankrike var ikkje overbevisande i gruppespelet, men har heva nivået til sluttspelet. Chelsea-spelaren har vore svært delaktig i at Frankrike ikkje har sluppe inn sidan kampen mot Argentina. Det blir svært spennande å sjå kven som klarer å vinne og kontrollere midtbana i denne kampen, ettersom det fort blir nøkkelen til siger. Dei har begge gode hjelparar saman med seg på den sentrale midtbana i Paul Pogba og Ivan Rakitic, og korleis dei presterer kjem til å spele ei stor rolle også. Den som vinn denne duellen blir i tillegg favoritten til gullballen (VMs beste spelar). 

Tips

Endeleg er VM-finalen her! Dette er kampen alle fotballsupporterar har sett fram til i fire år. Den som scorar først i denne kampen kan fort vere med på å avgjere utfallet her. Kroatia har nemleg slept inn mål først i alle sluttspelskampane, men har likevel kome seg til finalen. Det er dermed ikkje sagt at Frankrike sigrar dersom dei tek "første stikk". "Les Bleus" har derimot vore svært solide og slepp inn mindre mål enn det Kroatia sine motstandarar har gjort, så denne teorien kan fort vere motbevist etter denne kampen. Dette er ein historisk dag for Kroatia, sidan det er deira første VM-finale. Frankrike på si side kjem til å ha delteke i tre VM-finaler dei siste 20 åra, så høvet er klart størst for kroatane. Spennande duellar som Kanté vs Modric, Pogba vs Rakitic og Perisic vs Pavard er interessante og dei som vinn flest slike småduellar i kampen, kjem mest sannsynleg til å vinne VM. Frankrike får eit anna type lag å bryne seg på enn det dei har gjort hittil i turneringa, så det blir spennande å sjå korleis dei klarer å tilpasse seg. Eg gler meg som ein unge og det bør du også! Personleg trur eg Frankrike vinn til slutt, men det kan fort ta meir enn 90 minutt. Mitt resultattips: 1-1 (2-1 e.e.o.) Mål: Mbappé, Giroud, Perisic. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?