Kort spelarprofil: Dirceu José Guimares - mannen med bananskota


Mannen med bananskota

Dirceu José Guimares (Dirceu)

Fødd 15. juni 1952 i Curitiba, Brasil
Døde 15. september 1995 i ei bilulukke i Rio de Janeiro, Brasil
Høgde: 1,72
Venstrebeint
Offensiv midtbanespelar, teknisk briljant, frisparkekspert

Nasjonalitet: Brasil (44 landskampar mellom 1973 og 1986 – 7 landslagsmål)
Spelte i VM for Brasil i 1974, 1978 og 1982

Klubbar:
I Brasil spelte Dirceu mellom anna for Botafogo, Fluminense og Vasco da Gama. I Europa spelte han for Atletico Madrid, Hellas Verona, Napoli, Ascoli, Como, Avellino, Ebolitana og Benevento. Han avslutta karriera i Atletico Yucatan i Mexico det året han døydde. I tillegg spelte han også futsal i Italia (i Bologna og i Ancona).

Roberto Rivelino «fann opp» (dei brasilianske) bananskota, men det var Dirceu som gjorde dei til fotballkunst. Spesielt blir han, med nr. 11 på ryggen, huska for ei frisparkscoring mot Peru i VM i 1978. Slik skal eit bananskot utførast! Fantastisk! I tillegg ser det også så enkelt ut…

Brasil har hatt mange frisparkekspertar og storskytarar, som t.d. Didi, Pelé, Roberto Rivelino, Eder, Zico, Rivaldo, Roberto Carlos og Juninho. Men det var ingen, etter underteikna si meining, som var betre på reine bananskot mot mål – og det var han som gjorde slike skot til pensum for ambisiøse fotballspelarar.

Gjesteinnlegg av Einar Heimdal

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Dele Alli bør få speletid – her er kvifor:

Kva er grunnen bak Højbjerg sin formdupp?

Analyse: Korleis kjem Pochettino sitt PSG til å sjå ut?