Review av Tottenhamspelarane sin sesong

Review av Tottenhamspelarane sin sesong

Det har vore ein spennande sesong for alle som har hjartet i den "liljekvite" klubben frå Nord-London, og å kome på 3. plass etter å ha spelt heile sesongen på "bortebane" er ein god prestasjon. Fleire spelarar har stått fram som verdsstjerner, medan nokre har hatt skuffande sesongar. Kven har gjort kva, og kven er årets spelar? Svara finn du nedanfor.

Spelarbørs (skala 1-10)


Hugo Lloris: Klubb- og landslagskapteinen hadde ikkje ein like god sesong som i 2016/2017. Høgare tabbefrekvens, og, som vanleg, ein litt for stor andel merkelege utspark/utspel gjorde at fleire vart misnøgde med prestasjonane hans. Han avslutta derimot sesongen sterkt, og retta opp inntrykket ein god del. Karakter: 7

Michel Vorm: Den hollandske andrekeeperen spelte i 11 kampar denne sesongen, noko som var eksakt same tal som sesongen før. Mesteparten av kampane han spelar i er cupkampar, og han møter difor ofte litt dårlegare motstand. Han gjorde nokre gode og viktige redningar, og ein kan eigentleg ikkje krevje så mykje meir frå ein andrekeeper. Semifinala mot Manchester United i FA-Cupen var derimot ikkje av det gode slaget. Karakter: 6

Paulo Gazzaniga: Paulo Gazzaniga får kanskje rolla som andreval i "buret", ettersom Michel Vorm kun har kontrakt ut neste sesong. Han har kun spelt ein kamp denne sesongen, men vart i gjengjeld kåra til banens beste i oppgjeret på Wembley mot Crystal Palace. Han får ikkje karakter p.g.a. for lite speletid.

Kieran Trippier: Den engelske høgrebacken sementerte, etter kvart i sesongen, høgrebackplassen til sin eigen. Med ein strålande innleggsfot og pålitelege prestasjonar har han vorte ein av Pochettino sine favorittar. På sine 35 kampar assisterte han heile 8 mål, noko som er svært gode tal. Han spelte svært bra mot Real Madrid og i ligaoppgjeret mot Manchester United på Wembley. Leroy Sané avslørte derimot at han kan ha problem med raske vingar, spesielt i tapet på Etihad i desember. Elles ein svært god sesong frå den tidlegare Burnley-spelaren. Karakter: 8

Serge Aurier: Ivorianaren vart henta for halvparten av det Kyle Walker vart selt for, og store forventningar var knytt til han. Han hadde gode kampar mot Borussia Dortmund og Liverpool, samstundes som han bidrog med mål mot Brighton og Bournemouth - men han gjorde også mykje rart. Han laga straffer mot både Juventus og Real Madrid, og har rett og slett vore litt for vill i stilen. Han har i tillegg rekorden for flest feilkast i ein Premier League-kamp. Høgrebacken har ufatteleg mykje potensiale, men Pochettino skal få jobbe for å få han til å slå ut i "full blome". Karakter: 5,5

Kyle Walker-Peters: Det unge backtalentet starta og slutta sesongen svært bra, og vart kåra til banens beste i begge kampane han starta i ligaen mot høvevis Newcastle og Leicester. Han fekk med seg 1 mål og 2 målgivande pasningar frå 9 kampar, noko som er gode tal. Sjølv om han ikkje spelte mykje, så viste han seg fram så snart han fekk sjansen. Klubben har gitt han ny kontrakt, noko som viser at dei har trua på den lokale ungguten. Det bør også fansen ha. Karakter: 6

Toby Alderweireld: Kanskje den beste midtstopparen i Premier League fekk sesongen øydelagd av ein strekk i hamstringen, og ei konflikt med klubben. Han spelte svært bra fram til skaden, og stod, saman med fleire andre, fram mot Real Madrid og Liverpool. I dei første kampane hans etter skadeavbrekket såg han svært rusten ut, men nivået hans tok seg opp etter litt tid. Det er svært synd for Tottenham at han truleg forlèt klubben i sommar. Karakteren går ikkje berre på kampprestasjonane, men mykje av det utanomsportslege også. Karakter: 4

Davinson Sanchez: Det vart stilt spørsmål rundt det colombianske rekordkjøpet, og om han var klar for å spele for Tottenham etter berre ein sesong i Ajax. Gjett om han svarde på tiltale! Den 21 år gamle midtstopparen steppa saumlaust inn i forsvarslinja til klubben frå Nord-London, og viste seg som ein av sesongens beste kjøp. Ein utruleg god fysikk, og i tillegg til å vere ein fotballsmart forsvarsspelar, har Sanchez fått det til i det som blir kalla "verdas beste liga". Han kjem i tillegg berre til å bli betre i tida framover. Karakter: 9

Jan Vertonghen: Den belgiske midtstopparen kunne ikkje ha levert ein betre sesong enn det han har gjort. Han har blitt kåra til sesongens spelar, noko som var heilt fortent etter å ha levert jamnt fantastiske prestasjonar. Han er ein meister til å føre ballen ut av forsvar og framover, samstundes som han har spelt stopparmakkar Davinson Sanchez god. Det er nærast umogleg å levere ein betre midtstoppar-sesong enn det belgiaren har gjort. Karakter: 10

Juan Foyth: Denne sesongen har blitt ein sesong der den nyinnkjøpte argentinaren har lært mykje. Han fekk åtte kampar, alle i cupen, og viste at han har potensiale. Han liknar på John Stones i spelestilen, noko som betyr at han er sikker med ball og har ein god pasningsfot. Han kan trenge å bruke tid i vektromet, og kjem nok til å bygge litt musklar. Karakter: 5

Ben Davies: Den walisiske venstrebacken har haldt fram den gode forma frå fjorårets vår, og har vore ei berebjelke i laget. Han har levert ein svært god, spesielt offensivt, sesong, og har levert 2 mål og sterke 6 målgivande pasningar i sine 29 ligakampar. Han skapte faktisk meir sjansar enn alle andre forsvararar i Premier League. Han har klart å halde Danny Rose ute av laget, og har vist at han held eit høgt stabilt nivå. Karakter: 8,5

Danny Rose: Det har vore ein trøblete sesong for han som var førstevalet på venstreback-plassen. Han snakka negativt om Tottenham til ei av verdas verste aviser, The Sun, tre dagar før seriestart. Kunne han ha valt eit verre tidspunkt? Han har i etterkant beklaga opptrinnet, og har i det siste snakka ut om det som har vore ei vanskeleg tid for han. Fleire dårlege hendingar har gjort at han har slite med depresjon, noko ein ikkje skal ta lett på. Han sleit med å kome tilbake i laget, spesielt tilbake til sine fantastiske prestasjonar i sesongen før. Venstrebacken har blitt rykta vekk, og kan fort forlate klubben i sommar. Rose gjekk frå å vere Pochettino sin favoritt til å ikkje vere førstevalet i posisjonen sin. Ingenting hadde vore betre enn om Rose hadde klart å spele seg tilbake i forma han var i før kneskaden, men denne sesongen gjekk ikkje som ønska for engelskmannen. Karakter: 3

Eric Dier: 8 - Med Victor Wanyama ute i mesteparten av sesongen, så fekk Dier spele fast i ankerrolla på midtbana. Det verkar som om han føretrekkjer å spele på midtbana framfor å spele i forsvaret, sjølv om Pochettino meiner at framtida hans er som general i midtforsvaret. Dier er ein type spelar som mange ikkje legg merke til, og som legg ned den "usynlege" jobben. Han har hatt sine opp (den nydelege assisten på Stamford Bridge) og ned (feilpasning som førte til mål på Anfield), men alt i alt har engelskmannen levert ein meir enn godkjend sesong. Karakter: 8

Victor Wanyama: Rivjernet frå Kenya har hatt ein trøblete sesong. Han vart medskuldig, saman med Lloris, for tapet mot Chelsea på heimebane, og etter den kampen, fekk vi ikkje sjå Wanyama på nesten eitt halvt år. Han har ikkje klart å spele seg opp til nivået han var på i sesongen før, og Dier sine gode prestasjonar gjorde at han ikkje fekk kome skikkeleg inn i laget igjen. Wanyama sitt høgdepunkt denne sesongen var det fabelaktige målet på Anfield, då han dundra ballen rett i krysset. Ettersom han ikkje skal spele i noko meisterskap med Kenya, så får han ein god pre-season og vi får nok sjå ein betre versjon av han neste sesong. Karakter: 5

Moussa Sissoko: Den franske midtbanespelaren har blitt til den store hakkekyllingen i laget, men sjølv om han er ein begrensa spelar, så har han levert ein grei sesong. Han har spelt i over 40 kampar denne sesongen, og tilfører laget fysikk og løpskraft. Han var blant banens beste i kvartfinalen mot Swansea i FA-Cupen, og gjer alltid sitt beste. Prislappen har garantert vore med på å gjere at forventingane var høgare, men Sissoko er faktisk ein god spelar å ha i stallen. Karakter: 6

Mousa Dembele: Belgiaren var ikkje spesielt god verken på starten eller slutten av sesongen, men hadde ei fantastisk periode der han leverte fabelaktige kampar gong på gong. Han var banens beste i Torino mot Juventus, og var svært god blant anna mot Arsenal på Wembley. Han er ein heilt unik spelar med fysiske eigenskapar som "ikkje liknar grisen", men han har konstant skadeplager, noko som har gjort at han mest sannsynleg har nådd toppen av kor god han kan vere. Han kan heilt klart spele ei rolle i tida framover for Tottenham, men ikkje i like stor grad som før. Han har blitt rykta vekk, men han Tottenham bør behalde han i stallen sidan han er ein spelar som kan forandre eit kampbilete. Karakter: 7,5

Harry Winks: Det engelske stortalentet har også hatt ein skadeplaga sesong. Ankelskada han pådrog seg mot Burnley i 16/17-sesongen slapp diverre ikkje heilt taket, og han fekk ikkje spelt i nærleiken av så mykje som han ville. Han var, derimot, heilt fantastisk god når han spelte, som t.d. i begge oppgjera mot Real Madrid og heimekampen mot Liverpool. Han liknar svært mykje på Luka Modric i spelestilen, og sjølv om denne sesongen ikkje har gått som ønska, så kan Tottenham-fansen vente seg mykje bra frå denne karen i framtida. Karakter: 6

Georges Kevin Nkoudou: Den franske lynvingen spelte eit par kampar for Spurs før han gjekk til Burnley på lån i januar. Han scora i Champions League mot APOEL, men har elles hatt ein sesong langt under pari. Han kjem mest sannsynleg til å bli seld no i sommar. Ikkje nok grunnlag til å gi karakter, og heller ikkje god nok for laget.

Tashan Oakley-Boothe: Ungguten kom innpå i ligacup-oppgjeret mot Barnsley på overtid, men har ikkje spelt noko utanom det. Dette kan fort vere ein spennande spelar som kan kome til nytte i åra framover. Ikkje nok grunnlag til å gi karakter.

Anthony Georgiou: Den kypriotiske landslagsspelaren fekk kome inn mot APOEL og spele i ca 10 minutt, men det er svært usikkert om han får fortsette i Tottenham. Han viste gode takter i pre-season mot t.d. Roma, men framtida hans ligg mest sannsynleg ein annan stad. Ikkje nok grunnlag til å gi karakter.

Erik Lamela: Lamela var også ein spelar som sleit med langtidsskade denne sesongen. Han starta sesongen med å kome inn i tapet mot Leicester, der skaffa han seg ein assist i sine første minutt tilbake. Argentinaren kom ikkje heilt inn i rytma igjen, men var viktig då han skaffa straffespark på overtid på Anfield. Han skrudde derimot på brytaren i siste seriekamp mot Leicester, og scora 2 mål, i tillegg til å vere involvert i eitt til. Dersom han klarer å kome tilbake i forma frå 15/16-sesongen, så kjem Lamela til å vere ein nyttig del av stallen også neste sesong. Lamela har skapt splid mellom fleire Tottenham-supporterar der mange har ulike meiningar om framtida hans i klubben. Karakter: 6

Lucas Moura: Den einaste januarsigneringa i stallen har til tider vist glimt av fantastiske dribleferdigheiter og fart. Han har ikkje fått nok sjansar til å verkeleg kunne spele seg i form, men i dei kampane han har spelt har han som regel levert svært gode prestasjonar. Moura var nok ikkje forventa å kome inn med ein gong i andre halvdel av sesongen og spele frå start, men heller at han skulle få god tid til å forberede seg til komande sesong. Han er ikkje med i Brasil sin VM-tropp, og får difor ein god pre-season før neste sesong. Tottenham-fansen kan forvente spennande ting frå denne mannen. Karakter: 6

Christian Eriksen: Dansken har også denne sesongen tatt spelet sitt til eit nytt nivå, og har vore ein av Tottenham sine berebjelkar. Nokre vil nok argumentere for at han er Tottenham sin viktigaste spelar, og sjølv om Jan Vertonghen og Harry Kane har stått fram denne sesongen, så er Tottenham utan Eriksen eit lite kreativt lag som rett og slett slit med sjanseskaping. På sine 47 kampar scora han 15 og la opp til 12 mål, noko som er svært gode tal for ein offensiv midtbanespelar. "The super dane" har altså levert ein strålande sesong, og har stått fram i viktige stunder. Mål mot Real Madrid, Chelsea, Juventus og Manchester United har gjort Eriksen til ein favoritt blant supporterane. Karakter: 9,5

Dele Alli: Dele Alli har fått mykje tyn, både blant eigne supporterar og andre lag sine supporterar, for å spele ein dårlegare sesong enn sine to første sesongar i engelsk toppfotball. Dette er heilt feil! Alli har blitt komfortabel med ei ny rolle der han har meir kreativt ansvar, noko som viser igjen i tala hans for sesongen. Han hadde heile 16 målgivande pasningar og scora 14 mål. Pochettino sa også at han var verdas beste i sin alder, og ein kan eigentleg ikkje argumentere mot slike tal. Han har vore involvert i forskjellige kontroversar, spesielt når det gjeld filming, men heile greia er ganske oppblåst. Ein strålande sesong frå engelskmannen. Karakter: 9

Heung-Min Son: Den populære sør-koreanaren bygde på førre sesong, og leverte svært godt nok ein gong. Han scora heile 18 mål og la opp til 9, noko som er svært gode tal for ein spelar som har vore litt inn og ut av laget. Varierande form gjer at Son ikkje får ein av dei to toppkarakterane og heller ikkje ein fast plass i "ellevaren", men når han først er i form er det få spelarar i England som er betre enn han. Dødelege rykk og skot med begge bein gjer at Son er ein perfekt spelar å ha enten på bana eller benk. Karakter: 8

Vincent Janssen: Du trudde kanskje at Janssen ikkje har spelt for Tottenham denne sesongen, men han kom altså inn i heimetapet mot Chelsea i august. Deretter for han til Tyrkia og Fenerbahce, og det ser ut som om tida hans i klubben er forbi. Ikkje nok grunnlag til å gi karakter.

Kazaiah Sterling: Den unge spissen kom inn i heimekampen mot APOEL i Champions League, og det verkar som om engelskmannen kan vere ein del av planane til Pochettino neste sesong. Ikkje nok grunnlag til å gi karakter.

Fernando Llorente: Llorente vart signert for rundt 15 millionar pund. Det var knytt store håp til at han var den perfekte backupen til Kane, men han leverte rett og slett ikkje som forventa. Ikkje lat deg lure av dei 5 måla og den eine assisten. Tre av dei måla kom nemleg i omkampen mot Rochdale i FA-Cupen. Han var god borte mot Real Madrid og Swansea, men var elles bortimot ei katastrofe. Son vart etter kvart andrevalet på spissplass, og Llorente kjem definitivt til å flytte på seg i sommar. Karakter: 3

Harry Kane: Kva skal ein seie om Harry Kane som ikkje allereie er sagt? Sjølv om han ikkje har scora mål i august og var skada ei periode, så har ikkje den fabelaktige spissen latt seg affisere av det. Han har scora 41 mål (!) på 48 kampar, og har levert 4 målgivande pasningar. Den engelske kapteinen har utvikla pasningsspelet og fysikken sin, noko som har gjeve han nok ein "edge" på motstandaren. Han har nyleg signert ei seksårskontrakt, og ser ut til å vere sjølve symbolet på det nye Tottenham. Sjølv om Jan Vertonghen har, etter mi meining, vore årets spelar, så kunne ikkje Kane ha gjort noko meir for å få toppkarakter. Karakter: 10

Mauricio Pochettino: Ja, han er ikkje ein spelar, men han fortener også å få ein karakter. Sjølv om Tottenham hamna på ein plass lavare denne sesongen, så har han gjort framgang med klubben. Spurs var svært nære på å gå vidare mot Juventus i Champions League, og leverte svært mykje betre i den turneringa denne sesongen enn sesongen før. Sjølv om han har gjort ein svært god jobb, så har han diverse som må lærast, noko vi ser igjen i tapa mot t.d. Juventus og Manchester United. Tottenham klarte denne sesongen å vinne på Stamford Bridge for første gong på altfor mange år, og var svært nære på å ta med seg alle poenga på Anfield, noko som viser at laget har tatt steg. Neste sesong blir svært spennande, og ein kan glede seg til å følgje med på "dei liljekvite". Karakter: 9

Oppsummering

Alt i alt kan Tottenham og supporterane deira vere nøgde med sesongen. Før sesongen var det mange som tenkte at Tottenham garantert ikkje kom til å klare Champions League-spel, og kom mest sannsynleg til å ende sesongen på 6. plass. Det var t.o.m. fleire som tippa Everton over klubben frå Nord-London. Sigrar mot Manchester United, Arsenal, Liverpool, Chelsea, Borussia Dortmund, og, ikkje minst Real Madrid, har gjort at klubben og fansen kan ta med seg mange gode minner frå sesongen. Tapa mot Chelsea, Arsenal, Manchester United, Manchester City, og, ikkje minst Juventus, viser at laget har mykje å lære når det gjeld å "drepe" kampane. Spelarar som Harry Kane, Christian Eriksen og Jan Vertonghen har stått fram som nokre av verdas beste spelarar, medan Toby Alderweireld, Danny Rose og Victor Wanyama har hatt skuffande sesongar av forskjellege grunnar. Dersom Tottenham klarer å halde på dei viktigaste spelarane sine, noko det ser ut som om dei gjer, så er det berre å byrje å glede seg til neste sesong på nye White Hart Lane. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?