Review: Chelsea 1-3 Tottenham

Review: Chelsea 1-3 Tottenham

Etter at heimelaget starta best slo Tottenham tilbake og snudde kampen. Dette var første gong på 28 år at Nord-London-laget vann på Stamford Bridge. 

Samandrag

Den første "farlegheita" i kampen skjedde etter i det 11. minutt. Christian Eriksen slo eit fantastisk innlegg mot Dele Alli, som vart pressa akkurat nok av Chelsea-forsvararane til at han ikkje fekk avslutninga på mål.

Etter 18 minutt spelt var Willian farleg frampå og fekk avgårde eit skot via eit Tottenham-bein, men Hugo Lloris hadde god kontroll på skotet. Like etterpå vart Marcos Alonso spelt gjennom frå eit innlegg av N´Golo Kanté, og han sette ballen i mål, men vart korrekt avvinka for offside. 

I det 30. minutt betalte Chelsea-presset seg. Victor Moses fekk mykje rom på høgresida og slo eit nydeleg innlegg rett på pannebrasken til spiss Alvaro Morata som sette den kontrollert nede i hjørnet. Dette målet må keeper Hugo Lloris ta på si kappe etter å ha kome ut for å bokse ballen og bomma totalt. 1-0 til Chelsea!

Rett etter målet når Christian Eriksen nesten ei gjennombrotspasning, men Chelsea sin sisteskanse Wilfredo Caballero var kjapt ute og fekk avverga, i tillegg å få seg ein smell i samanstøtet med dansken. 

Etter 42 minutt spelt var både Marcos Alonso og N´Golo Kanté farleg frampå med skotforsøk som vart avverga av Tottenham-forsvaret. Chelsea sitt press betalte seg i moglegheiter, men dei vart ikkje tatt vare på. 

Rett før pause slo Christian Eriksen til med ein skikkeleg dansk godbit. Etter å ha fått avgårde eit skremmeskot nokre minutt før, mottok playmakeren ballen på rundt 25 - 30 meter og banka ballen i mål med fantastisk skotteknikk. Ballen var høgt oppe i lufta før den duppa og gjekk via tverrleggjaren og i mål. 1-1!

Etter at Heung-Min Son fekk eit godt skotforsøk redda i det 60. minutt, så slo Eric Dier ei fantastisk gjennombrotspasning, noko som kunne minne om Glenn Hoddle i sine glansdagar, over Chelsea-forsvaret milimeterpresist på Dele Alli si innside i det 62. minutt. Alli, med eit nydeleg "tima" løp, tok ballen elegant ned og satte den sikkert forbi Caballero via stolpen. Fantastiske prestasjonar av dei to engelskmennene. 1-2!

Og berre 4 minutt seinare var Tottenham frampå igjen. Eriksen slo ein nydeleg ball til Heung-Min Son på 1 touch som tok den vidare inn mot mål. Skotforsøket hans vart redda av Caballero, men etter klabb og babb hamna ballen hos dagens mann Dele Alli. Han gjorde ingen feil og sette ballen i mål. Son burde ha vore mindre egoistisk ved to anleiingar i denne situasjonen, men eg trur verken Dele Alli, Erik Lamela eller nokon andre med Tottenham-hjerte bryr seg om det. 1-3!

Etter Tottenham sitt tredje mål var Chelsea litt farleg frampå ved nokre anleiingar, men Tottenham-forsvaret var kompakte og sikra inn ein historisk siger!

Statistikk

Tilskodartal: 41 364
Possession: 44 % - 56 %
Skot: 12 - 8
Skot på mål: 7 - 7
Hjørnespark: 5 - 5
Gule kort: 0 - 1

Ratings

Chelsea:

Wilfredo Caballero: 5 - Hadde nokre gode involveringar, men burde gjort sakene sine betre på både 1. og 3. målet, men spesielt 1. målet. Då sette han seg ned i staden for å prøve å redde Eriksen sitt skot. 

Cesar Azpilicueta: 5 - Sov litt på Dele Alli sitt første mål, og var ikkje like påliteleg som han ellers har vore i si Chelsea-karriere. 

Andreas Christensen: 4 - Har vore svært stabil og god tidlegare i sesongen, men har i takt med heile laget hatt ein formdipp i det siste, noko som viste igjen i denne kampen. For sein og upåliteleg. Ikkje imponerande på måla til Tottenham. 

Antonio Rüdiger: 6 - Den beste av dei tre midstopparane til Chelsea. God til å føre ballen ut av forsvar og fysisk sterk, men leverte for all del ikkje ein praktkamp. 

Victor Moses: 5 - Svært fin assist på målet, men deler skyld saman med Caballero på Eriksen sitt longskot, sidan han gav vekk ballen i forkant av målet. Ellers hadde han dårleg kontroll på sida si. 

N´Golo Kanté: 6 - God til å bryte opp spelet og dekke opp rom, men fekk lite hjelp av sidekameraten sin, noko som førte til at han vart isolert mot fleire motspelarar. 

Cesc Fabregas: 4 - Anonym og dårleg defensiv. Fabregas hadde ein dårleg kamp. 

Marcos Alonso: 5 - Ein av Chelsea sine største truslar offensivt der han kjem til fleire sjansar, men han var til tider uklinisk. Ikkje spesielt god defensivt. 

Willian: 5 - Willian hadde nokre skotforsøk, men fekk ikkje noko ut av denne kampen, sjølv om forma hans har vore god i det siste. 

Alvaro Morata: 6 - Svært god heading på målet, som Lloris mest sannsynleg ikkje hadde tatt dersom han hadde stått på streken. Blei etter kvart isolert og åleine på topp. 

Eden Hazard: 4 - Særdeles anonym kamp frå den vanlegvis livlege vingen. 

Olivier Giroud: N/A - Kom inn i det 82. minutt for Victor Moses, men rakk ikkje å gjere ein forskjell på den korte tida. 

Emerson: N/A - Kom inn for Marcos Alonso etter at 84 minutt var spelt, og meir er det ikkje å seie. 

Callum Hudson Odoi: N/A - Kom inn i det 89. minutt for Alvaro Morata.

Antonio Conte: 4 - Taktikken hans funka bra i første omgang, men då Tottenham snudde kampen og var i førarsetet var han rett og slett for treig med å gjere endringar. Alle bytta vart gjort etter 80 minutt spelt. Dette er noko Tottenham-trenar Mauricio Pochettino har fått tyn for før, men denne gangen var det den italienske managren som vart for nølande. 

Tottenham: 

Hugo Lloris: 6 - Stor tabbe på målet, noko som kunne ha kosta stort. Gjorde ellers ein ryddig kamp med nokre gode involveringar. 

Kieran Trippier: 7 - Sjølv om han slapp til Marcos Alonso eit par gongar, så hadde han svært god kontroll på Eden Hazard. Hadde fleire gode pasningar langs bakken i lengderetning og leverte rett og slett ein solid kamp. 

Davinson Sanchez: 9 - Var enkelt og greit eksepsjonelt god, og dominerte duellane. Hadde fleire gode avskjæringar og holdt Chelsea si angrepsrekke stille. Det einaste ein kan utsette han på er at han burde ha vunne duellen mot Alvaro Morata på målet, men det er ikkje han sin feil at det blir mål i den situasjonen. 

Jan Vertonghen: 9 - Var saman med Davinson Sanchez fantastisk, spesielt med å avskjære foran angrepsspelarane til Chelsea. Som vanleg svært god til å føre ballen ut av forsvar og disponere den vidare. Burde kanskje blitt straffa meir på ei av taklingane på Eden Hazard, men leverte ein strålande og solid kamp. 

Ben Davies: 6 - Sjølv om walisaren klarte å halde Willian stille, så var han på langt nær bestemann i eit godt Tottenham-lag. Han var litt for slapp då han slapp Victor Moses til innlegg på Chelsea sitt mål og var i tillegg den einaste som pådrog seg gult kort. Fekk faktisk med seg ein assist på Christian Eriksen sitt mål. 

Eric Dier: 8 - Ein av sine beste kampar på lang, lang stund. Med ein kandidat til årets assist, så må han seiast å vere ein av Tottenham sine beste denne dagen. Ellers svært solid og stabiliserande som ankeret på midtbana. 

Mousa Dembele: 7 - Vann midtbaneduellen mot N´Golo Kanté og leverte ein, som vanleg, solid kamp. Viste fleire gongar si ekstreme styrke og verka stabiliserande. Godt levert. 

Erik Lamela: 7 - Som vanleg aggressiv i det defensive arbeidet, og kom seg svært godt ut av fleire situasjonar med smarte pasningsløysingar. Litt provoserande oppførsel retta mot Fabregas vart nok også satt pris på av Tottenham-fansen. 

Christian Eriksen: 9 - FOR EIT MÅL! Fantastisk skotteknikk og hadde ei særdeles god involvering på Alli sitt mål nummer 2. Var metronomen i det offensive spelet til Tottenham, og var på sitt aller beste. 

Dele Alli: 9 - Dele Alli sin beste kamp i Tottenham-trøya. God jobb på Eriksen-målet i tillegg til å score 2 mål sjølv. Fantastisk timing på løp og svært god plassering gjorde han til banens beste. 

Heung-Min Son: 6 - Klarte ikkje å involvere seg i spelet, men jobba godt og var eit faremoment som Chelsea-forsvaret måtte passe på. Hadde eit godt tima løp på mål nummer 3, men skulle vore mindre egoistisk i den situasjonen. Var nære ved eit godt skotforsøk i det 60. minutt. Vart bytta ut etter 73 minutt spelt. 

Harry Kane: 6 - Kom inn for Heung-Min Son i det 73. minutt. Holdt bra på ballen nokre gongar, og fekk 20 gode minutt med kamptrening etter å kome tilbake frå skade. 

Victor Wanyama: N/A - Kom inn for Eric Dier i det 82. minutt og hjalp til med å sikre sigeren for Tottenham. 

Moussa Sissoko: N/A - Kom inn for Erik Lamela i det 88. minutt og fekk ikkje nok tid til å sette sitt preg på kampen. 

Mauricio Pochettino: 8 - Svært godt levert av argentinaren, kanskje den beste sigeren i æraen hans. Han satte Alli litt mindre sentralt i bana i 2. omgang, noko som gjorde at han kunne springe inn i rom, som på det første målet hans. Laget var perfekt satt opp. 

Oppsummering

Chelsea var eit hakk betre enn Tottenham i 1. omgang, men Christian Eriksen sitt kanonskot gjorde at Tottenham fekk godfølelsen inn til pause. Dette bygde Tottenham vidare på i 2. omgang og spelte ei viktig rolle i sigeren deira. Dette er verkeleg ein milepæl for Tottenham, både m.t.p. den dårlege statistikken på Stamford Bridge og den dårlege statistikken borte mot topp 6-lag generelt. Dei kom seg tilbake i kampen etter å sleppe inn først litt liknande som mot Liverpool på Anfield, berre at dei denne gangen klarte å sikre sigeren. Chelsea derimot skuffa stort og kan vinke farvel til Champions League-spel neste sesong. Chelsea har hatt ein sesong under pari, i alle fall dersom ein samanliknar med forrige sesong, og ser ut til å vere ein klubb med ei negativ utvikling og kaos mellom spelarar, trenar og styret. I andre enden av skalaen er eit Tottenham-lag som tek nye steg og som ser framover, for det er noko spennande på gang i denne klubben. 

Kommentarer

  1. Hei! Jeg jobber med FlashScore i Norge, og vi liker bloggen din (søk opp flashscore nu på twitter eller facebook -eller sjekk ut nettsiden vår hvis du ikke kjenner til oss)!

    Vi samarbeider med en del små og store blogger/nettsider i Norge, og hvis dette kan være aktuelt for deg å høre mer om, kan du ikke ta å sende oss en mail på support @ flashscore.nu eller følge oss tilbake på twitter (så sender vi deg en melding!).
    Med vennlig hilsen,
    Bjørn AK
    FlashScore

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Dele Alli bør få speletid – her er kvifor:

Kva er grunnen bak Højbjerg sin formdupp?

Analyse: Korleis kjem Pochettino sitt PSG til å sjå ut?