Preview: Brighton - Tottenham

Preview: Brighton - Tottenham

Tirsdag kveld møtest to revansjelystne lag etter tap i helga. Kjem "måkane" eller "hanane" til å gå sigrande ut? 

Lagnyheiter - Brighton

For Brighton er det kun Izzy Brown og Steve Sidwell som garantert er ute. Dette betyr at sørkystklubben har mange å velje mellom, noko som gjer lagoppstillinga litt vanskelegare å tippe. 

Forventa lagoppstilling:
Mathew Ryan
Ezequiel Schelotto - Shane Duffy - Lewis Dunk - Gaetan Bong
Pascal Gross - Beram Kayal - Dale Stephens
Anthony Knockaert - Glenn Murray - José Izquierdo

Det er usikkert kva slags formasjon Brighton kjem til å starte kampen med, sidan dei både har 4-4-1-1 og 4-3-3 i repertoaret sitt. Ein kan sjå for seg at den spanske veteranen Bruno kan kome inn for italienske Schelotto på høgrebacken for å rotere litt mellom dei. I tillegg kan den fotrappe vingen Solly March kome inn i laget dersom ein legg om til 4-4-1-1. Om Anthony Knockaert eller Jürgen Locadia spelar frå start er ikkje lett å seie, sidan dei spelte 45 minutt kvar mot Crystal Palace i helga. 

Lagnyheiter - Tottenham

For Tottenham er det dei engelske karane Harry Winks og Danny Rose som er ute til midtvekekampen. Den allsidige sidebacken Kyle Walker-Peters er tilbake. I tillegg er nok Toby Alderweireld ikkje med, sidan han fortsatt er i ein anspent situasjon med trenar Mauricio Pochettino og styreformann Daniel Levy. 

Forventa lagoppstilling:
Hugo Lloris
Serge Aurier - Davinson Sanchez - Jan Vertonghen - Ben Davies
Victor Wanyama - Mousa Dembele
Lucas Moura - Christian Eriksen - Dele Alli
Harry Kane

Sjølv om Hugo Lloris har hatt ein formdipp i det siste, så kjem nok klubbkapteinen til å fortsette frå start. Ein kan forvente at Kieran Trippier blir rotert med Serge Aurier på høgreback-plassen m.t.p. det tette kampprogrammet. Dette kjem nok ikkje til å skje på venstrebackplassen, sidan Danny Rose er ute, men dersom han skal rotere kan ein sjå for seg at Kyle Walker-Peters går inn på den plassen. Eg tippar at Vicor Wanyama kjem inn for Eric Dier på den defensive midtbaneplassen av to grunnar, nemleg kampprogrammet og ein kamp under pari i helga av Dier. I tillegg kjem nok Erik Lamela til å gå ut av laget etter ein svak kamp sist, og dette er ei perfekt anleiing for Lucas Moura å starte. Det kan også hende at Heung-Min Son kjem inn i laget for t.d. Dele Alli eller Harry Kane, som verka rusten på laurdag. Det blir spennande å sjå korleis laget frå Nord-London stiller. 

Tidlegare møter

Sidan 2005 har Tottenham og Brighton kun møtt kvarandre tre gongar i offisielle konkurransar, p.g.a. divisjonsforskjellen som har vore mellom laga. Alle dei tre oppgjera har endt i siger til "Spurs". Førre oppgjer var i desember på Wembley der Tottenham vann 2-0. Den gangen var det Serge Aurier og Heung-Min Son som stod for måla. Det ser m.a.o. ikkje bra ut for Brighton dersom ein skal dømme ut frå tidlegare oppgjer mellom laga. 

Spelarprofil: Lucas Moura

Nyinnkjøpte Lucas Moura har ikkje fått nok sjansar hittil til å vise at han er "The real deal". Han har ikkje starta ein einaste kamp i Premier League eller Champions League, men har spelt tre kampar frå start i FA-Cupen. I dei tre kampane har han levert 1 mål og 3 målgivande pasningar. Han har i tillegg verka frisk i dei kampane han har kome inn i Premier League, også mot Manchester City på laurdag. Han bør få sjansen over spelarar som Erik Lamela og Heung-Min Son på tirsdag mot Brighton. Med sitt lynraske rykk og typisk "brasilianske" teknikk så tilfører han laget ein annan dimensjon når han er på bana. Eg trur at vi får sjå brasilianaren frå start tirsdag kveld. Sjå opp for Lucas Moura. 

Tips

Det er to lag som har lyst å slå tilbake med siger etter å ha tapt i helga som møtest til dyst. Brighton står utan siger på sine siste fem kampar, der tre av kampane var tap. Tottenham på si side står med tre sigrar, ein uavgjort kamp og eitt tap på dei siste fem kampane. Brighton har mest sannsynleg klart, på imponerande vis, å halde seg unna den frykta "nedrykksstriden" i ein opprykkssesong og ser ut til å vere trygge. Tottenham på si side har god kontroll på Champions League-spel til neste sesong og har nok tankane sikta inn på FA Cup-semifinala til helga, som er den siste sjansen for trofé. Dette kan gjere at diverse spelarar blir spart eller at dei ikkje er 100 % "pålogga", samstundes som dette er ein sjanse for fleire spelarar å vise seg fram. Eg trur at vi får sjå ein kamp som blir jamn, og som kan gå alle vegar. Det ser vanskeleg ut for Harry Kane å ta igjen Mohamed Salah på toppscorarlista, men dersom han startar kjem han til å vere gira på å skaffe seg mål. Han kan bli kvilt til helga sin kamp. Eg trur at dette endar i enten uavgjort eller ein 1-målssiger. Mitt resultattips: 1-2. 

Kommentarer

  1. Vær obs på Chelsea, de er bare 7 poeng bak, og de vinner trulig all sine gjenstående kamper, så seier her er viktig. Heldigvis har de Liverpool igjen.

    SvarSlett
    Svar
    1. Absolutt enig i at seier er viktig her! Synest likevel at Liverpool lev farlegast dersom Chelsea blandar seg inn, sidan dei skal møte Chelsea, har spelt ein kamp meir og konsentrerar seg om CL.

      Slett
  2. Hanen biter tilbake, 1-4 COYS, Kane 2, Alli og Lucas

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?

Kva lærte vi av Sheffield United 3-1 Tottenham?