Review: Tottenham 2-0 Huddersfield

Review: Tottenham 2-0 Huddersfield

Tottenham tok oppskriftsmessig sigeren på Wembley laurdag ettermiddag. To mål frå angripsspelaren og banens beste Heung-Min Son var forskjellen. 

Samandrag

Etter allereie 5 min viste Son seg fram der han dribla seg forbi halve Huddersfield-laget og slapp ballen til Aurier. Ivorianaren prøvde å nå Kane, men toppscoraren nådde akkurat ikkje ballen. 

Det kom etter kvart mange slike nesten-sjansar til Tottenham i denne perioda av kampen, men etter 19. min var Tottenham verkeleg nære. Heimelaget fekk frispark frå 25 meter og den danske playmakeren Christian Eriksen skaut via muren, i stanga og ut til corner.

Og etter 27 min spelt skulle den endeleg sitte for det dominerande heimelaget. Det starta med at Eric Dier slo ein lang ball til Kane som brysta den vidare til Dele Alli. Alli slo deretter ei perfekt tima gjennombrotspasning som gjorde at Son kom aleine med keeper Jonas Løssl. Son rundlurte den danske keeperen, gjekk forbi han og satte den enkelt i mål. Nydelig og effektivt frå Tottenham! 1-0.

Etter sidebyttet og etter 52 min spelt oppsto det ein merkeleg situasjon. Ein offsideplassert Son mottok ballen inne i 16-meteren og Huddersfield-forsvarar Terence Kongolo valte å hindre sør-koreanaren med armane sine. Når offsiden først får gå, så skulle det heilt klart ha vore dømt straffe.

I det 54. min kom Tom Ince gjennom forsvaret og avslutta godt, men Hugo Lloris klarte å redde forsøket. Tottenham gjekk deretter i angrep. Kane fekk ballen langt ute på høgresida, og slo eit heilt fantastisk innlegg til Son som heada inn 2-0 på vakkert vis. Fantastisk mål! 2-0. 

Etter dette hadde Kane ein sjanse heilt på tampen av kampen, men han klarte ikkje å få den i mål. Dermed enda kampen 2-0. 

Statistikk

Tilskodartal: 68 311
Possession: 75 % - 25 %
Skot: 14 - 3
Skot på mål: 8 - 3
Hjørnespark: 8 - 1
Gule kort: 1-1

Ratings

Tottenham Hotspur sine spelar-rangeringar: 

Hugo Lloris: 7 - Lloris hadde ei god redning då han avverga Tom Ince sitt forsøk. Utenom dette var franskmannen si hovudoppgåve å halde seg varm. 

Serge Aurier: 6 - Aurier leverte ein god og tilnærma feilfri kamp, til og med utan feilkast (!). Kan forbetre innleggskvaliteten, men er god og villig til å kome på løp framover. 

Davinson Sanchez: 7 - Colombianaren leverte også ein særs solid kamp. Han var dominerande i lufta og tillot Huddersfield svært lite. 

Jan Vertonghen: 7 - Solid oppvising etter å ha vore ute med skade. Super-Jan er tilbake. 

Ben Davies: 7 - Nok ein solid kamp frå walisaren. Hadde nokre harde og viktige taklingar. Ben Davies fortsett å gjere venstreback-plassen sin eigen. 

Eric Dier: 7 - Dier leverte som han skal gjere. Stabiliserande og med gode pasningar. Det var han som starta angrepet til det første målet. 

Mousa Dembele: 6 - Var litt skuffa av Dembele og det verka som om han fekk seg ein liten trøkk. Alle som likar fotball får håpe at han er tilbake i slag mot Juventus onsdag kveld. Gjekk av bana etter 77 min. Burde kanskje ha gått av før for å spare han til Champions League-oppgjeret onsdag kveld. 

Christian Eriksen: 6 - Hadde eit farleg frispark. Elles var det ein stille kamp frå dansken. Han fekk spelet til å "tikke" som han brukar å gjere. 

Dele Alli: 7 - Alli leverte ein nydeleg assist på det første målet. Utanom dette var det med han, som med dei fleste andre, ein roleg dag på jobben. 

Heung-Min Son: 9 - Banens soleklart beste leverte ein strålande kamp. Med sine nydelege dribleraid og to fantastiske mål var Son i ei eiga klasse på Wembley laurdag ettermiddag. Son var ferdig for dagen etter 70 min, og kan seie seg svært nøgd. 

Harry Kane: 7 - Sjølv om han ikkje scora mål, så viser Kane at han kan mykje meir enn berre det. Assisten hans bør bli vurdert til årets assist og er nok til å trekkje han opp ei rangering. 

Erik Lamela: 6 - Kom inn for Son etter 70 min, som var vanskeleg å leve opp til på denne dagen. Fekk ikkje gjort noko spesielt. 

Moussa Sissoko: Fekk ikkje nok minutt til å sette ein rating på. Sprang litt opp og ned på bana, slik Sissoko brukar å gjere. 

Lucas Moura: Fekk heller ikkje nok minutt til å kunne rangere. Hadde ei god pasning til Kane som burde ha avslutta betre. 


Huddersfield sine spelar-rangeringar: 

Jonas Løssl: 6 - Kunne ikkje gjere så frykteleg mykje med måla. Leverte elles ein grei kamp. 

Florent Hadergjonaj: 4 - Fekk den utakknemlege jobben med å passe på Son, og sleit frykteleg. 

Mathias Zanka Jørgensen: 5 - Klarte forsåvidt å hindre Kane i å score mål, men klarte ikkje å stoppe motstandarlaget i å score. Sleit med å halde følgje med det kjappe spelet og kombinasjonane til Tottenham. 

Christopher Schindler: 5 - Mykje av det same med Schindler som med Zanka Jørgensen. Sleit med å halde følgje. 

Terence Kongolo: 5 - Prøvde å kome framover ved eit par høve, men sleit defensivt. Flaks for han at det ikkje vart dømt straffe i mot då han tvihaldt rundt Son sine bein. 

Jonathan Hogg: 5 - Tottenham dominerte midtbana totalt og Huddersfield sitt arbeidsjern sleit. Vart tatt av bana etter 83 min spelt. 

Danny Williams: 4 - Vart enkelt og greit utspelt. Fekk sjeldan ballen fram til angriparane. 

Collin Quaner: 3 - Fekk ikkje til noko offensivt og hjalp ikkje til defensivt. Høgreback Hadergjonaj måtte klare seg aleine med Son, og Quaner var grunnen. Vart tatt av etter 33 min, og det var ikkje p.g.a. skade. 

Alex Pritchard: 5 - Viste glimt av fantastisk teknikk og pasningsfot, men fekk seg ein trøkk etter 10 min som nøytraliserte han resten av kampen. Vart tatt av rett før pause. 

Rajiv van la Parra: 4 - Svak oppvising der lite stemte offensivt. 

Steve Mounie: 5 - Vart isolert på topp, fekk lite å jobbe med. Og når han først fekk noko å jobbe med, så fekk han det ikkje til. 

Tom Ince: 6 - Var frisk etter å kome inn. Hadde Huddersfield sin største sjanse, og fekk fram ei god avslutning. Hjalp Hadergjonaj litt meir defensivt enn det Quaner gjorde. 

Philip Billing: 5 - Skulle kome inn for å gjere midtbana ugjennomtrengbar, men klarte ikkje å stoppe Tottenham-toget. Fekk ein omgang med speletid. 

Laurent Depoitre: For lite speletid til å bli rangert. Kom inn etter 83 min. 

Oppsummering

Alt i alt var dette ein fortent siger til heimelaget. Heung-Min Son var i ein eigen liga og scora begge måla til Tottenham. Alli og Kane hadde to nydelege assistar. Tottenham pøste på fram til den andre scoringa kom, då drap dei kampen og roa heilt ned. Huddersfield gjorde eit ærleg forsøk på å henge med, men var aldri i nærheita. Men Huddersfield kan ta med seg vidare at dei ikkje slapp inn meir og klarte å halde Tottenham unna ein større siger. Det har vore verre oppvisingar på Wembley denne sesongen, så det kan love godt for at Yorkshire-klubben skal klare å unngå nedrykk. Tottenham ligg no, etter Chelsea sitt tap søndag ettermiddag, 5 poeng foran London-rivalen og 5. plass. Dette lovar godt for å til slutt hamne blant dei fire beste og sikre Champions League-spel. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Dele Alli bør få speletid – her er kvifor:

Kva er grunnen bak Højbjerg sin formdupp?

Analyse: Korleis kjem Pochettino sitt PSG til å sjå ut?