Review: Tottenham 1-2 Juventus

Review: Tottenham 1-2 Juventus

Tottenham dominerte 85 minutt av kampen, men 5 minutt var det einaste Juventus trengde. Rutine og effektivitet vart avgjerande då Juventus gjekk vidare til kvartfinalene av Champions League på bekostning av Tottenham. 

Samandrag

Etter allereie 3 min kjem den første sjansen. Son fintar vekk Barzagli og får skyte på mål. Buffon slår returen unna og det blir ufarleg.

Etter 15 min vert det farleg. Dele Alli spelar Kane aleine med Buffon. Kane rundar Buffon, men klarer ikkje å få ballen mellom stengene. Svært nære!

Etter 17 min ropar Juventus på straffe. Douglas Costa vert felt av Jan Vertonghen, og "Den gamle dame" skulle nok fått tildelt straffespark. Vertonghen for seint inne med taklinga si.

20 min var gått og sørkoreanaren Son fekk nok ein sjanse. Eit innlegg kom inn i boksa, men headinga til Son var enkel for Buffon å slå vekk.

Etter 24 min spelt har Tottenham corner, og Vertonghen kjem først på den. Reprisa viser at Vertonghen si trøye stod ut som eit segl, og Tottenham skulle hatt straffe.

Grisestygt frå Barzagli! I det 33. minutt trakkar den italienske forsvarsspelaren fleire gongar på Son. Her skulle Juventus blitt ein mann mindre.

Etter 39 min får Tottenham uttelling etter å ha vore det førande laget! Alli får avslutninga si blokkert, og ballen trillar til Trippier. Han klarer å finne Son med eit lavt innlegg til bakerste stolpe, og Son sleivar den i mål. Fortent leiing! 1-0.

Rett etter pause er det ikkje mange store sjansar, men etter 64 min eksploderar det. Innbyttar Lichtsteiner slår inn, Khedira stussar vidare, Tottenham sitt forsvar er i dvale og Higuain set inn utlikninga. Forsvaret til Tottenham blei "ball watching" og markeringa glapp. 1-1.

Og kun 3 min seinare så tek bortelaget føringa. Higuain mottek ballen feilvendt, vendar opp og spelar spisskollega Paulo Dybala nydeleg gjennom. Tottenham-forsvaret står på hæla og Dybala har god tid aleine med Hugo Lloris. Han gjer ingen feil og set den over Lloris og opp i nettaket. Kampen er snudd! 1-2.

Etter 83 min spelt er Heung-Min Son nære å bli tomålsscorar. Han mottek ballen på 20 meter og forsøker med venstrefoten, men ballen går ein halvmeter utanfor målet.

Heilt på overtid er Tottenham frykteleg nære å få ekstraomgangar. Ben Davies slår inn frå venstresida og Kane vinn duellen inne i boks. Han headar i stolpen og ballen "dansar" på streken. Barzagli kjem før Lamela på returen og får klarert. Kane var i offside då innlegget gjekk, så eit eventuelt mål skulle ha vore annulert, men spelet fekk lov til å fortsette, ergo hadde eit mål blitt godkjend. 

Statistikk

Tilskodartal: 84 010
Possession: 57 % - 43 %
Skot: 24 - 6
Skot på mål: 12 - 2
Hjørnespark: 6 - 1
Gule kort: 3 - 4

Spelar-rangeringar

Tottenham:

Hugo Lloris: 6 - Kunne ikkje gjere så mykje på måla og hadde ellers ikkje noko å hanskast med. Kunne kanskje ha kome ut før og tvunge Dybala til å ta ei avgjersle tidlegare.

Kieran Trippier: 6 - God offensivt, men sviktar litt defensivt. Fin assist til Son, men er skikkeleg på hæla på Dybala si scoring.

Davinson Sanchez: 6 - Svært god utanom på måla til Juventus. Dominant i lufta og i duellane, men "søv" litt på måla.

Jan Vertonghen: 5 - Lagar eigentleg ei straffe, men har flaks. Får eit gult kort som hindrar han litt ellers i kampen. Ein av dei dårlegare opptredenane til den ellers så stabilt gode midtstopparen.

Ben Davies: 5 - Synest walisaren leverer ein kamp under pari. Let Lichtsteiner leggje inn på det første målet til Juventus, og er fleire meter vekke frå å halde linja på mål nummer 2.

Eric Dier: 5 - Er ikkje aggressiv nok i avgjerande augneblinkar, og tilfører ellers ikkje Tottenham noko særleg. Vart tatt av etter 74 min spelt.

Mousa Dembele: 7 - Midtbanegeneralen leverer ein god kamp. Han tek i mot ballen i vanskelege situasjonar og gjer sin vanlege "business".

Christian Eriksen: 6 - Ein god del bra frå dansken, men følte ikkje at han hadde nok "cutting edge". Datt litt vekk i delar av kampen, men ikkje ein dårleg kamp.

Dele Alli: 6 - Litt liknande som med Eriksen. Såg svært bra ut før Juventus scora sine mål med nokre nydelege touchar og flikkar. Dette funka ikkje etter måla og det vart frustrerande for Alli, som vart tatt av etter 86 min.

Heung-Min Son: 8 - Tottenham sin klart beste spelar. Scorar mål og var alltid eit faremoment. Kunne kanskje ha vore litt meir klinisk, men Son leverer eigentleg ein svært god kamp.

Harry Kane: 6 - Kane går til i duellane, men det vil seg ikkje heilt i dei avgjerande augneblinkane. Har litt stang ut, men burde ha scora 1 mål i denne kampen.

Erik Lamela: 6 - Tilfører energi når han kjem inn, men litt lite sluttprodukt.

Fernando Llorente: 6 - Kjem inn og vinn ein god del luftduellar. For få minutt til å kunne sette sitt preg på kampen.

Juventus: 

Gianluigi Buffon: 6 - Ein heilt ok kamp frå den 40 år gamle keeperlegenda. Kan ikkje gjere så mykje med målet og held greitt unna ellers.

Andrea Barzagli: 5 - Ein ganske blanda kamp for Barzagli. Vart svimmel av å starte på høgrebacken mot Son, men leverte bra då han gjekk inn i midtforsvaret etter 60 min spelt. Flaks at han ikkje vert utvist etter å trakke på Heung-Min Son.

Mehdi Benatia: 5 - Blir bytta ut etter 60 min spelt og såg litt skjelven ut til tider. Var nok ein grunn til at marokkanaren vart bytta ut.

Giorgio Chiellini: 9 - Viste fantastisk leiarskap, forsvarsspel og lidenskap. Klarer å halde Harry Kane frå å score. Hjertet av Juventus-forsvaret og banens beste.

Alex Sandro: 6 - Brasilianaren leverer ein heilt grei kamp. Får ikkje til mykje offensivt og gjer det ganske bra defensivt.

Sami Khedira: 7 - Den defensive midtbanespelaren leverer ein god kamp. Stabiliserer midtbana til Juventus og assisterar det første målet. Solid frå tyskaren.

Blaise Matuidi: 5 - Viste god fysikk, men vart bytta ut etter 60 min av Allegri. Leverte ikkje ein god kamp.

Miralem Pjanic: 5 - Pjanic leverte heller ikkje ein spesielt god kamp. Involverar seg ikkje nok i spelet og orkestrerar ikkje spelet som han brukar å gjere.

Paulo Dybala: 7 - Dybala såg skarp ut og var "på" i avgjerande augneblinkar. Set trygt og godt inn 1-2-målet som gjer at Juventus er vidare.

Douglas Costa: 7 - Eit konstant uromoment som når som helst kunne drible seg forbi 3 mann. Skaffa eigentleg straffe, men fekk ikkje tildelt den.

Gonzalo Higuain: 8 - Er stille i mesteparten av kampen, men slår verkeleg til når Tottenham-forsvaret skrur av. Scorar det første målet og legg til rette for nummer 2. Higuain fekk verkeleg vist kva han er laga av. Klassespelar!

Kwadwo Asamoah: 6 - Kom inn og gjorde Juventus meir solide. Smart bytte frå Allegri.

Stephan Lichtsteiner: 7 - Involvert i det første målet og fekk litt meir kontroll på Son. Godt innhopp frå sveitsaren.

Stefano Sturaro: N/A

Oppsummering

Det vart til slutt det mest rutinerte of effektive laget som gjekk vidare. Tottenham er best i 170 av 180 min over dei to oppgjera, men dei 10 minutta er nok for Juventus til å gå vidare. Begge lag skulle hatt kvar si straffe og Juventus skulle fått ein spelar utvist. Alt i alt kjem det ned til ørsmå marginar og Tottenham har lært mykje av dette. Juventus leverer ein erketypisk Juventus-kamp og viser nok ein gang kvifor dei er med i eliten av Europa. Tottenham har potensialet inne, men treng erfaring og ein vinnarkultur for å gå heilt til topps, noko som tek tid å byggje. Tottenham går definitivt i rett retning, og denne Champions League-sesongen har vore ei stor forbetring av forrige sesong. Juventus kan fort nå finala av denne turneringa, men vi veit alle kva som skjer då. Sterkt levert av Juventus i avgjerande augneblinkar. Sterk prestasjon av Tottenham å vere så nære. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Dele Alli bør få speletid – her er kvifor:

Kva er grunnen bak Højbjerg sin formdupp?

Analyse: Korleis kjem Pochettino sitt PSG til å sjå ut?