Preview: Tottenham - Juventus

Preview: Tottenham - Juventus

Onsdag kveld 7. mars kl. 20.45 er det duka for nok ein åttandedelsfinale i Champions League. Kjem Tottenham Hotspur eller "Den gamle dame" til å gå vidare?

Lagnyheiter - Tottenham

For Tottenham er midtstoppar Toby Alderweireld fortsatt ute med skade, medan Serge Aurier er ute med suspensjon etter å ha pådratt seg gult kort i det første oppgjeret. Ei gladnyheit er at Jan Vertonghen var tilbake frå skade i helga, og er klar til å spele denne kampen.

Lagoppstillinga blir mest sannsynleg:
Hugo Lloris
Kieran Trippier - Davinson Sanchez - Jan Vertonghen - Ben Davies
Eric Dier - Mousa Dembele
Christian Eriksen - Dele Alli - Heung-Min Son
Harry Kane

Det som blir spennande her er å sjå kven som startar bak Kane. Eriksen og Alli får spele, men den siste plassen er ikkje fastsatt. Erik Lamela starta det førre oppgjeret der han gjorde ein svært god figur, og nykomaren Lucas Moura kjem også til å vere med i diskusjonen, sjølv om eg føler meg sikker på at han ikkje kjem til å starte kampen. Eg har valt Heung-Min Son til å starte p.g.a. kontringsstyrka hans og den fantastiske kampen han leverte mot Huddersfield i helga. Lamela kan få Pochettino sin tillit, sidan han er vant til å spele mot italienske lag. Denne er "50-50", men eg går for den positive og glade sørkoreanaren. 

Lagnyheiter - Juventus

For Juventus er dei offensive spelarane Juan Cuadrado, Federico Bernardeschi og Mario Mandzukic ute. I tillegg er backen Mattia De Sciglio berre med i troppen, og ser mest sannsynleg ut til å starte kampen på benken.

Lagoppstillinga blir mest sannsynleg:
Gianluigi Buffon
Stephan Lichtsteiner - Mehdi Benatia - Giorgio Chiellini - Alex Sandro
Miralem Pjanic - Sami Khedira - Blaise Matuidi
Paulo Dybala - Gonzalo Higuain - Douglas Costa

Gladnyheiter for Juventus-fansen er at nøkkelspelarane Paulo Dybala og Blaise Matuidi er tilbake frå skader. De Sciglio sitt fråver opnar opp høgrebackplassen for anten Stephan Lichtsteiner eller Andrea Barzagli. Lagoppstillinga til Juventus ser sterk ut, men det som kan hemme dei er at dei har få offensive alternativ å sette inn frå benken for å endre kampbiletet, dersom dei vert nøydde til det. 

Spelarprofil: Harry Kane

Den engelske spissen har vore i fantastisk form denne sesongen og har hittil scora 35 (!) mål og lagt opp til 3 mål. Forma hans i Champions League har vore spesielt imponerande. Der har han scora like mange mål som Roberto Firmino og Edinson Cavani med 7 stk, medan Cristiano Ronaldo ligg foran med heile 11 mål. Harry Kane scora i det første oppgjeret, og dersom ein skulle putte pengar på at nokon skulle score i denne kampen - så ville eg ha putta pengane mine på denne karen. Sjå opp, dersom du ikkje allereie har gjort det, for Harry Kane. 

Tidlegare møter

Tottenham og Juventus har spelt treningskampar mot kvarandre dei to føregåande sommarane, der begge lag har fått kvar sin siger. 2-2-oppgjeret for tre veker sidan var det første oppgjeret i ein "tellande" konkurranse mellom desse to laga på evigheiter. Tottenham har vore borti liknande situasjonar der dei har møtt italienske lag i europeiske turneringer. Det har brukt å gå bra for det engelske laget, der dei har slått ut både Inter og AC Milan. 

Tips

Denne kampen blir jamn. Juventus kan plutseleg dukke opp og levere ein defensiv fantomkamp og stikke av med ein 0-1-siger. Men, eg kan også sjå føre meg at Tottenham kan ta det. Bortemålsfordelen og det at dei spelar på "heimebane" spelar definitivt positivt inn for London-laget. Det er Juventus som må fram og angripe, noko som kan opne opp rom for spelarar som Harry Kane og t.d. Heung-Min Son. Det som talar til Juventus sin fordel er rutine. Dei er svært vant med å vere i situasjonar som dette. Dette blir nervepirrande heilt til dommaren bles av kampen, men eg trur at Tottenham tek det samanlagt. Mitt resultattips: 1-1. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Dele Alli bør få speletid – her er kvifor:

Kva er grunnen bak Højbjerg sin formdupp?

Analyse: Korleis kjem Pochettino sitt PSG til å sjå ut?