Preview: Chelsea - Tottenham

Preview: Chelsea - Tottenham

Søndag 1. april kl. 17.00 er det duka for eit oppgjer med høg temperatur mellom London- og topp 4-rivalane Chelsea og Tottenham. Kan dei kvite frå Nord-London distansere Chelsea, eller kjem Vest-London-laget til å kjempe seg tilbake i kampen om Champions League-plass?

Lagnyheiter - Chelsea

For Chelsea er dei "hårreisande" midtstopparane Ethan Ampadu og David Luiz garantert ute, i tillegg til Ross Barkley som mest sannsynleg skal spele med reservelaget. Thibaut Courtois og Andreas Christensen har hatt ei småskade kvar, men er forventa å vere tilbake 1. påskedag.

Lagoppstillinga blir mest sannsynleg:
Thibaut Courtois
Cesar Azpilicueta - Andreas Christensen - Antonio Rüdiger
Victor Moses - N´Golo Kanté - Cesc Fabregas - Marcos Alonso
Willian - Alvaro Morata - Eden Hazard

Dersom Christensen ikkje kan vere med på søndag ettermiddag, så kan vi sjå Gary Cahill kome inn. Italienske Davide Zappacosta utfordrar Moses sin høgre-vingback-plass, men Moses får nok tillit i denne kampen. I tillegg blir det spennande å sjå om Chelsea går for ein 3-4-3-formasjon eller ein 3-5-2-variant. Då kan ein sjå for seg at Alvaro Morata blir benka for ein sentral midtbanespelar, t.d. Danny Drinkwater. Morata har vist dårleg form så langt i 2018, så ein kan også sjå nyinnkjøpte Olivier Giroud frå start, dersom Antonio Conte synest at det er hensiktsmessig. 

Lagnyheiter - Tottenham

For Tottenham er det kun Harry Winks som garantert er ute. Mauricio Pochettino har sagt at Kane kan vere med i troppen mot Chelsea, men kjem mest sannsynleg til å vere tilbake frå start mot Stoke neste veke.

Lagoppstillinga blir mest sannsynleg:
Hugo Lloris
Kieran Trippier - Davinson Sanchez - Jan Vertonghen - Ben Davies
Eric Dier - Mousa Dembele
Erik Lamela - Dele Alli - Christian Eriksen
Heung-Min Son

Høgreback-plassen er oppe for diskusjon. Serge Aurier leverte ein særs god kamp mot Bournemouth for tre veker sidan, men kan også vere ustabil og "miste hovudet" litt for ofte. Kieran Trippier har levert mykje bra denne sesongen, men slit ofte mot raske vingar som t.d. Eden Hazard og Willian. Det er m.a.o. vanskeleg å tippe kven som kjem til å starte av dei to. Toby Alderweireld er tilbake og spelte for Belgia i landslagspausen, men det er noko som ikkje stemmer mellom Pochettino/Levy og midtstopparen, noko eg trur gjer at han ikkje er med frå start i denne kampen. Victor Wanyama er med i troppen og utfordrar Eric Dier, men eg trur at Dier får tillit frå start. Utan Harry Kane frå start, så trur eg at vi får sjå Erik Lamela kome inn i laget. Han leverte svært bra mot Swansea i FA-Cupen og Heung-Min Son blir dermed flytta fram som spiss. 

Tidlegare møter

Dei siste 18 kampane mellom laga har enda i 9 sigrar til Chelsea, 7 uavgjorte kampar, og 2 sigrar til Tottenham. Tottenham har faktisk ikkje vunne på Stamford Bridge sidan 1990, altså 28 år sidan. Dei to siste oppgjera mellom laga har enda i sigrar til Chelsea, der begge kampane vart spelt på Wembley. Det ser m.a.o. ikkje bra ut for Tottenham dersom ein skal dømme ut frå historikken mellom laga. 

Spelarprofil: Willian

Den brasilianske kanten var faktisk nære ved å signere for Tottenham i 2012 etter å ha tatt den medisinske testen, men vart snappa opp av Chelsea rett før han skulle signere for Nord-London-klubben. Willian har vore Chelsea sin mest stabilt gode spelar dei siste tre sesongane. Denne sesongen står han oppført med 13 mål og 8 assist for klubben. Ettersom Eden Hazard har hatt ein sesong som har bølgja opp og ned, og Alvaro Morata har vore elendig etter nyttår, så har Willian blitt ein bærebjelke og kontinuitetsbærar i dette laget. Willian er ein av dei mest undervurderte spelarane i fotball-Europa og har fått altfor lite speletid før den siste tida. Med eit lynraskt rykk og presis skotfot har han blitt ein frykta spelar for motstandarane. Sjå opp for Willian søndag 1. april kl. 17.00.

Tips

Tottenham er eit lag i form og "på veg opp", medan Chelsea har hatt ein sesong under pari og har opplevd tilbakegang. På dei siste 5 kampane har Chelsea 2 sigrar, 1 uavgjort kamp og 2 tap. Tottenham på si side har 3 sigrar, 1 uavgjort og 1 tap på dei 5 siste kampane, noko som viser at dei er i litt betre form. Harry Kane er nok ikkje med frå start, noko som naturlegvis svekker Tottenham sine sjansar for siger. I tillegg er det nærmast ein forbannelse over Stamford Bridge for Nord-London-laget. Med alt dette tatt i betrakting, så verkar det som om laga kjem til å "annullere" kvarandre ut av kampen. Mitt resultattips: 1-1.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Dele Alli bør få speletid – her er kvifor:

Kva er grunnen bak Højbjerg sin formdupp?

Analyse: Korleis kjem Pochettino sitt PSG til å sjå ut?