Preview: Barcelona - Atletico Madrid

Preview: Barcelona - Atletico Madrid

Søndag 4. mars kl. 16.15 brakar det laust mellom nummer 1 og nummer 2 i La Liga. Dette kan fort bli tittelavgjerande.

Lagnyheiter - Barcelona

For Barcelona er det kun den portugisiske høgrebacken Nelson Semedo som er ute. Jordi Alba er tilbake etter å ha vore suspendert. Dette gjer at venstreback Lucas Digne går ut av laget etter å ha starta mot Las Palmas torsdag kveld. 

Lagoppstillinga blir mest sannsynleg:
Marc-Andre ter Stegen
Sergi Roberto - Gerard Pique - Samuel Umtiti - Jordi Alba
Philippe Coutinho - Ivan Rakitic - Sergio Busquets - Andres Iniesta
Lionel Messi - Luis Suarez

Mesteparten av dette laget er "spikra", den einaste plassen som er usikker er der eg har plassert Coutinho. Her kan både Paulinho og Andre Gomes, som har blitt føretrukke i storkampar før, kome inn, men vi satsar på at Barcelona stiller offensivt og går "all in". 

Lagnyheiter - Atletico Madrid

For Atletico Madrid er det kun midtstopparane Lucas Hernandez og Stefan Savic som er ute. Dette gjer at uruguayanarane Jose Gimenez og Diego Godin får fortsette i lag i midtforsvaret. 

Lagoppstillinga blir mest sannsynleg:
Jan Oblak
Sime Vrsaljko - Jose Gimenez - Diego Godin - Filipe Luis
Saul Niguez - Gabi - Thomas Partey - Koke
Antoine Griezmann - Diego Costa

Vi ser her at midtbana er svært defensivt orientert. Eg trur at Gabi spelar i staden for ein meir offensiv og kreativ spelar som Angel Correa, fordi Atletico naturlegvis vil ha endå meir defensiv tryggheit på bortebane mot eit av verdas beste lag. 

Tidlegare møter

Dei siste fem oppgjera mot kvarandre i ligaen har enda med tre sigrar til Barcelona og to uavgjorte kampar, noko som viser at Barcelona har eit innbyrdes overtak. Mellom desse ligakampane har dei møtt kvarandre i Champions League og i Copa Del Rey også. Atletico slo ut Barcelona frå Champions League, som dei også gjorde tilbake i 2014, medan Barcelona gjekk vidare frå Copa Del Rey-bataljen. Alle dei tre sigrane til Barcelona i ligaen har enda med 2-1, medan dei uavgjorte kampane har endt 1-1. Barcelona har faktisk ikkje tapt mot Atletico Madrid på heimebane (i alle turneringer) på 17 kampar. 

Spelarprofil: Antoine Griezmann

I ligaen har den franske angriparen spelt 23 kampar denne sesongen, og scora 15 mål og lagt opp til 7 mål. Berre på dei to siste kampane, borte mot Sevilla og heime mot Leganes, scora Griezmann 7 mål og assisterte 1. Han scora altså hat-trick i begge kampane. Prestasjonen hans mot Sevilla er ein av dei beste kampane ein spelar har levert hittil i Europa denne sesongen. Det første målet hans var ei perle der han limte ballen i krysset med feil fot. Assisten hans til Koke er også verdt å trekke fram. Der snappa han opp ein laus ball, chippa den leikent opp i lufta, og hæla den bort til spanjolen som kunne sette den i ope mål. Bortimot årets assist. Sjå opp for ein leiken franskmann i fyr og flammer. 

Tips

Denne kampen blir fantastisk å følgje med på. Ganske enkelt årets kamp hittil. Barcelona kjem til å vere seg sjølve og spele nydelig fotball, medan Atletico også kjem til å vere seg sjølve og forsvare seg med alt dei har. Sjølv om Atletico blir rekna som eit defensivt orientert lag av mange, så har dei verkeleg god kvalitet på topp. Diego Costa og Antoine Griezmann er i storform og kjem til å skape trøbbel for Barcelona-forsvaret. Eg trur at begge lag kjem til å score i denne kampen. På dei fem siste kampane har Barcelona spelt tre uavgjorte kampar og to sigrar, medan Atletico har vunne alle sine fem siste. Atletico er altså formlaget av dei to. Dette kan fort gjere at laga blir jamngode. Mitt resultattips: 1-1. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Dele Alli bør få speletid – her er kvifor:

Kva er grunnen bak Højbjerg sin formdupp?

Analyse: Korleis kjem Pochettino sitt PSG til å sjå ut?