Preview: Sevilla - Atletico Madrid

Preview: Sevilla - Atletico Madrid

Søndag-kveld 25. februar er det duka for storoppgjer mellom 5. plass-plasserte Sevilla og Atletico Madrid på ein sterk 2. plass. Etter at begge laga har spelt europeisk fotball i midtveka, så blir det spennande å sjå kva lag dei stiller og korleis kampen kjem til å utspele seg. 

Lagnyheiter - Sevilla

For Sevilla er den franske høgre-backen Sebastien Corchia ute. Den danske midtstopparen Simon Kjær er kanskje tilbake etter å ha vore ute med skade ei stund. Sevilla er kjende for å rotere mykje på spelarane dei brukar, noko som gjer lagoppstillinga utfordrande å tippe, men eg trur dei kjem til å stille ganske likt som det dei gjorde i Champions League mot Manchester United på onsdag.

Lagoppstillinga blir mest sannsynleg:
Sergio Rico
Jesus Navas - Clement Lenglet - Gabriel Mercado - Sergio Escudero
Steven N´Zonzi - Ever Banega
Pablo Sarabia - Franco Vazquez - Joaquin Correa
Luis Muriel

Jesus Navas på høgre-back er eit artig omskuleringsgrep Vincenzo Montella har gjort. Det fungerte openbart då Navas storspelte mot Manchester United onsdag kveld. 

Lagnyheiter - Atletico Madrid

For "Atleti" er midtstoppar Lucas Hernandez ute og Stefan Savic er tvilsam, noko som opnar døra for at uruguayanarane Jose Maria Gimenez og Diego Godin får spele saman i midtforsvaret. Diego Simeone kjem nok til å stille i sin vante 4-4-2-formasjon.

Lagoppstillinga blir mest sannsynleg:
Jan Oblak
Sime Vrsaljko - Jose M. Gimenez - Diego Godin - Filipe Luis
Angel Correa - Saul Niguez - Thomas - Koke
Antoine Griezmann - Diego Costa


Utanom midtstopparplassane, så er debatten om Gabi eller Thomas kjem til å spele det einaste nevneverdige dilemmaet Simeone må hanskast med. Personleg trur eg at Thomas kjem til å starte. Elles er både spelarane og formasjonen ganske satt.  

Tidlegare oppgjer

Dei siste fem oppgjera mellom dei to klubbane (både i liga og cup) har endt med to sigrar til Atletico Madrid og tre sigrar til Sevilla, altså ingen uavgjorte. Dei to siste oppgjera var i cupen der Sevilla vann begge kampane, både på heimebana si Ramon Sanchez Pizjuan og på Wanda Metropolitano, Ateltico Madrid sin nye stadion. Dette kan føre til eit psykologisk overtak for Sevilla, sjølv om Atletico vann oppgjeret mellom dei i ligaen tidlegare i sesongen.

Spelarprofil: Diego Costa

Spelaren eg har plukka ut, som ein bør følgje litt ekstra med på i denne kampen, er Diego Costa. Etter ein roleg haust utan å spele eit einaste minutt med fotball, der han og Chelsea-trenar Antonio Conte hamna i klinsj, så er Brasil-fødte Costa sugen på å spele fotball. I sine fem første og einaste ligakampar hittil i Atletico-comebacket, så har Costa scora to mål og assistert eitt, og ikkje minst fått eitt raudt kort. Eg trur at Costa kjem til å vere i fyr og flammer i dette oppgjeret. Sjå opp for "mannen alle elsker å hate". 

Tips

Sjølv om resultatet ikkje har blitt uavgjort i noken av dei siste fem oppgjera mellom dei, så trur eg at desse laga kjem til å utlikne kvarandre. Atletico har tapt ein av sine 23 siste bortekampar i ligaen, medan Sevilla har tapt kun ein av sine 24 siste heimekampar i ligaen. I tillegg slepp Atletico inn få mål på bortebane, med 7 reine bur på dei siste 8 bortekampane. Sevilla kjem også til å ta med seg sjølvtillit frå Champions League-oppgjeret mot Manchester United der dei dominerte banespelet. Mitt resultattips er: 1-1. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?

Kva lærte vi av Sheffield United 3-1 Tottenham?