Det kunne vore så mykje meir for Victor Wanyama

28-åringen leverte ein fantastisk debutsesong etter å ha kome frå Southampton til Tottenham i 2016, men ei kneskade gjorde at det etter kvart gjekk nedover for den kenyanske landslagskapteinen, og i mars melde han overgang til Montreal Impact.

Tottenham Hotspur fans react to Victor Wanyama joining Montreal Impact
Bilde: Ninety Minutes Online

I 2011 gjekk Wanyama frå belgiske Beerschot AC til skotske Celtic, og kenyanaren vart kjapt ein viktig del av «The Bhoys». Han imponerte stort i laget som vann ligaen dei to sesongane han oppheldt seg i Skottland, og høgdepunktet kom då Celtic klarte å slå giganten Barcelona i gruppespelet av Champions League i november 2012. Wanyama scora heimelagets første mål i ein historisk 2-1-siger, der Celtic hadde ballen 16,4 % av tida.

Wanyama leverte heile 13 mål og 9 målgivande pasningar på 91 kampar i Glasgow, og Southampton og trenar Mauricio Pochettino fekk opp auga for den defensive midtbanespelaren. Han fann fort sin plass i laget på sørkysten av England, og bidrog mykje til Southamptons sterke prestasjonar dei sesongane han spelte sin fotball på St. Mary’s Stadium. 8. plass i 2013/14, 7. plass i 2014/15 og 6. plass i 2015/16 er ufatteleg sterkt, og laget sleppte faktisk inn nest-minst mål i 2014/15 med 33 mål imot på 38 kampar. Dei to framtidige Tottenham-spelarane Toby Alderweireld og Victor Wanyama var blant dei viktigaste bidragsytarane.

Den eine sesongen Pochettino og Wanyama jobba ilag i Southampton (2013/14), i tillegg til kenyanarens prestasjonar i 2014/15 og 2015/16, gjorde at argentinaren ville hente han til hovudstaden. Daniel Levy forsøkte å hente han i forkant av 2015/16-sesongen etter ein sesong med den ubalanserte midtbaneduoen Ryan Mason og Nabil Bentaleb. Spurs lukkast ikkje med å hente midtbanespelaren til White Hart Lane den sommaren, men Pochettino klarte å omskolere Eric Dier til ein defensiv midtbanespelar, noko som fungerte svært bra.

Men i sommaren 2016 var det duka for eit klubbskifte for Victor Wanyama, og kenyanaren vart ein umiddelbar suksess i Nord-London. I heimedebuten scora han det avgjerande målet i ein 1-0-siger over Crystal Palace etter å ha styrt ballen i mål med pannebrasken. Wanyama heldt fram med å spele alt av ligakampar den hausten, og tilførte Tottenham-midtbana aggressivitet, duellstyrke og stabilitet, og danna ilag med Mousa Dembele Premier Leagues kraftigaste midtbaneduo. Han scora både på heime- og bortebane mot Hull, og sette inn den første scoringa i tidenes siste kamp på ærverdige White Hart Lane. Ben Davies slo eit strøkent innlegg frå venstresida og inne i feltet steig Wanyama til værs og stanga ballen kontant i nettet bak Manchester United-keeper David de Gea. Ein bortimot perfekt sesong!

«Eg hadde ein god første sesong der, og hadde det kjekt. Vi kom på 2. plass. Vi tapte berre fire kampar heile sesongen, og ingen slo oss på heimebane. Eg var veldig glad.», sa Wanyama nyleg i eit intervju med The Athletic.

Etter å ha starta 35 kampar i ligaen for Tottenham i 2016/17-sesongen, skulle Wanyama neste sesong møtte på motgang i form av skadetrøbbel. I sesongens første heimekamp, eit 2-1-tap for Chelsea på Wembley, pådrog midtbaneankeret seg ei kneskade, noko som skulle markere starten på slutten for han i Tottenham. Han gjekk glipp av heile 26 kampar mellom 21. august 2017 og 1. januar 2018, og han var ikkje den same spelaren etter at han kom tilbake frå skada. Men i februar 2018 leverte han det han skildrar som den beste scoringa i karrieren hans; nemleg susaren på Anfield i den heilsprøe 2-2-kampen mot Liverpool. Sjølv om det var ei fantastisk scoring, var det også bortimot det einaste lyspunktet for Wanyama denne sesongen, som berre spelte 8 kampar frå start i Premier League.

Wanyama hadde store håp etter ein fabelaktig 2016/17-sesong, men 2017/18-sesongen gjekk ikkje som planlagt, verken for han eller laget. «Vi trudde vi kunne vinne ligaen men det gjekk ikkje like bra for meg. Eg var skada. Det frustrerte meg mykje at vi ikkje vann noko som helst i Spurs.», konstaterte han i intervjuet med The Athletic.

Han var heller ikkje spesielt nøgd med trenarteamet si handtering av tida etter kneskaden. «Eg var frustrert og når eg kom tilbake frå skade fekk eg ikkje nok sjansar til å spele og nyte fotballen min. Klubben skulle ha stola meir på meg og gitt meg flere sjansar. Eg var speleklar og trente bra. Eg krangla aldri med (Mauricio) Pochettino men eg hadde lyst til å prate med han. Assistent Jesus (Perez) bedde meg om å vere tolmodig og at sjansen min ville kome, blah, blah, blah, blah. Eg forsøkte ikkje å prate med dei igjen. Det er grunnen til at eg forlot klubben. Eg er ein fotballspelar og ville spele fotball. Eg elskar Spurs, men eg elskar det å spele fotball endå meir.»

2018/19-sesongen vart nok ein tilbakegang for både Wanyama og Tottenham. Kenyanaren starta berre fire kampar i ligaen, og var ein ganske så perifer skikkelse i laget, heilt fram til det skulle spelast Champions League-kvartfinale mot Manchester City. 28-åringen spelte heile returoppgjeret på Etihad Stadium, som enda i avansement for Tottenham, og han skildrar kampen som den sprøaste han nokon gong har spelt. Han fekk også med seg ei scoring i 4-0-sigeren mot Huddersfield.

Noverande sesong har vore den verste for Wanyama i løpet av hans periode i klubben. I Premier League og Champions League har han til saman blitt bytta inn tre gongar, medan hans einaste start kom i det audmjukande tapet i ligacupen for Colchester, der Wanyama leverte ein svært svak kamp. I mars kom nyheita om at Wanyama hadde gått til Montreal Impact for ein slikk og ingenting. Han skal no spele under tidlegare Arsenal-spelar Thierry Henry si leiing, og Wanyama sin hovudprioritet blir sannsynlegvis å halde seg skadefri i tida framover. I debuten leverte han ein assist mot Olimpia i eit 2-1-tap i CONCACAF Champions League, og er dermed allereie godt i gang med kvardagen i Quebec-distriktet i Canada.

Victor Wanyama står att utan trofé å vise for etter tida i Tottenham, men han var ein essensiell del av det beste Tottenham-laget på svært lenge, og står med 97 kampar, 7 mål og 1 assist i den liljekvite trøya. 28-åringen hadde to skadefrie sesongar på rad frå 2015 til 2017, og hadde ikkje ein historikk for skadetrøbbel før det, noko som gjer situasjonen litt ekstra synd for Tottenham og ikkje minst han sjølv. I 2016/17 var han blant Europas beste defensive midtbanespelarar, og Tottenham hadde verkeleg trengt ein slik spelar dei siste sesongane, men han klarte aldri å nå det same nivået igjen. Det kunne vore så mykje meir for Victor Wanyama...

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?