Dei 3 mest spennande talenta i fotballverda

Det er lite som er meir spennande og interessant enn unge og lovande fotballspelarar. Borussia Dortmund er for eksempel eit av dei artigaste laga å følgje med på i fotball-Europa, mykje på grunn av spelarar som Jadon Sancho og Erling Braut Håland. Dei er begge fødde i 2000, men i dette innlegget skal eg prøve å kåre dei tre mest spennande talenta i fotballverda som er fødde i 2002 eller seinare. Det er sjølvsagt svært vanskeleg, faktisk umogleg, å seie kven som kjem til å bli best til slutt, men desse tre spelarane er etter mi meining dei mest spennande. 

3. Jude Bellingham

Man Utd and Dortmund? Birmingham boss tells Bellingham to ignore ...
Bilde: Goal

Lag: Birmingham City
Fødselsdato: 29.06.2003
Posisjon: Sentral midtbane

Lista startar med ein spelar som faktisk er fødd seinare enn 2002, nemleg 16 år gamle Jude Bellingham. Før denne sesongen var det svært få som hadde hørt om han utanfor "The Midlands", men han er no, ni månadar etter a-lagsdebuten hans, å rekne som eit av fotballverdas aller største talent. Då han starta borte mot Portsmouth i ligacupen 6. august 2019, vart han Birminghams klart yngste debutant nokon gong. Nokre veker seinare skulle han markere seg i Championship. I heimekampen mot Stoke, kom han innpå etter 30 minutt og scora i det 76. minutt den avgjerande scoringa i ein 2-1-siger. I neste serierunde var 16-åringen frampå igjen, og scora det avgjerande målet borte mot Charlton i ein 1-0-siger.

Etter desse oppvisingane, har han så å seie vore eit fast innslag i Championship for Birmingham. Han står med 2083 minutt i ligaen hittil, og har starta 25 kampar, noko som er ekstraordinært for ein 16-åring. Engelskmannen er hovudsakleg ein sentral midtbanespelar, der han helst opptrer i ei boks-til-boks-rolle. Men han er svært anvendeleg og kan også spele på begge kantane, der han kuttar innover i bana for å opphalde seg i mellomromet ein 10ar vanlegvis ville operert i. Bellingham er farleg offensivt og står med 4 mål og 2 assists i Championship denne sesongen. Han er svært god til å time løpa sine inn i boks og likar å skyte frå 11-metersmerket, anten om han har teke med seg ballen framover eller om han får servert eit innlegg "45 grader ut". Birmingham-spelaren har god nærteknikk og førstetouch, og driblar 1,1 gongar per kamp. Bellingham er svært intelligent for alderen, og er god til å finne og utnytte rom, og opne opp rom for medspelarane sine.

I pasningsspelet er Bellingham svært direkte. Han snittar på 22,9 pasningar per kamp, noko som ikkje er spesielt mykje, og med ein treffprosent på 74,8 %, som er svært lågt - men dette er fordi han tek store sjansar med ballen. Han står med 0,7 nøkkelpasningar per kamp, noko som også kan forbetrast. Bellingham er modig nok til å prøve på vanskeleg pasningar som kan gi stor gevinst, men han har framleis mykje å gå på når det gjeld presisjonen på pasningane hans. Defensivt er Bellingham ein viktig skikkelse i dette Birmingham-laget. Han står med svært solide 2,3 taklingar per kamp, og er aggressiv i presset. Når han går inn for å vinne ballen, så går han inn med alt han har - ingenting blir gjort halvhjerta. Og til å vere 16 år, har Bellingham mykje av det fysiske aspektet av spelet på plass. Han er allereie 180 centimeter høg, og skjermar ballen bra mot vaksne motspelarar. Som skrive, er Bellingham ein intelligent spelar for alderen, og han er allereie no ganske god til å posisjonere seg medan motstandarlaget har ballen. 16-åringen veit kva rom han skal dekke og når han skal presse.

Jude Bellingham har blitt kraftig linka med ein overgang til Borussia Dortmund, noko som på sikt sannsynlegvis vil vere bra for engelskmannen. Der kan han linke opp med andre talent som landsmannen Jadon Sancho (2000), Erling Braut Håland (2000) og Giovanni Reyna (2002), som var svært nære ved å kome med på denne lista. Personleg trur eg Bellingham vil ha godt av nok ein sesong i Championship for Birmingham, for så å kanskje ta steget opp til eit høgare nivå. 16-åringen har allereie klart å skape store overskrifter, og er på radaren til dei fleste storklubbar. Difor vil nok ein overgang til ein klubb som for eksempel Ajax vere uaktuelt. Bellinghams neste overgang kjem til å vere til ein storklubb, så får ein berre håpe for hans eigen del at han vel rett klubb. Dortmund vil vere av dei betre alternativa!

2. Ansu Fati

Bakero was decisive so that Ansu Fati did not leave Barça
Bilde: Barcelona Noticias

Lag: FC Barcelona
Fødselsdato: 31.10.2002
Posisjon: Venstreving

Nestemann og 2. plassen på lista er Barcelona-ving Ansu Fati. 17-åringen fekk sin debut i 5-2-sigeren over Real Betis tidleg i noverande sesong, og vart dermed tidenes nest-yngste debutant for den katalanske storklubben. Det skulle ikkje gå lenge før han lukkast med å påverke kampar. Veka etter a-lagsdebuten, kom han inn i pausen på bortebane mot Osasuna, og etter fem minutt på bana sette han ballen i mål. To veker seinare skulle han skinne nok ein gong. I 5-2-sigeren over Valencia spelte han 60 minutt, og leverte både ei scoring og ei målgivande pasning. Då Barcelona slo Levante 2-1 på heimebane 2. februar, var Fati, saman med Lionel Messi, banens beste, og scora både Barcelonas første og andre mål. I det oppgjeret viste Fati at han er i stand til å levere praktkampar. Etter at sluttsignalet hadde gått, stod han att med 5 skot, 3 nøkkelpasningar, 3 driblingar, 4 taklingar og 1 avskjering - ein ellevill kamp av ein 17-åring! Høgdepunktet for Fati hittil må nok likevel vere då han kom inn i Champions League-oppgjeret på San Siro mot Inter, og sette inn den matchvinnande scoringa etter eitt minutt på bana.

Som skrive, er Fati i stand til å påverke kampar sjølv om han kanskje får avgrensa med moglegheiter/speleminutt. Denne sesongen har han spelt 684 minutt i La Liga, og har på den tida klart å levere 4 mål og 1 assist, noko som betyr at han har levert 1 målpoeng per 136 minutt - ekstremt imponerande for ein 17-åring! Fati skyt ganske mykje, og står med 1,4 skot per kamp, noko som er sjette mest i laget. Det er viktig å hugse at mange av desse kampane har vore innbytte. Han har faktisk blitt bytta inn fleire gongar (9), enn han har starta i La Liga (7). 0,8 nøkkelpasningar og 1,1 driblingar per kamp er greie tal, spesielt når ein hugsar spanjolens alder. Han bidreg også greitt defensivt med 0,8 taklingar og 0,3 avskjeringar per kamp.

Fati kan spele både på høgre- og venstresida, men likar seg klart best som venstreving. Han er allereie no svært god til å skape rom og separasjon frå motspelar før han tek imot ballen. 17-åringen held seg ofte breitt ute med krittet, og kan derfrå kome innover i bana i fart med ballen i beina mot motstandarlagets høgreback. Han kan vere vanskeleg å lese i 1-mot-1-situasjonar, ettersom han både kan kutte innover i bana eller gå ned mot dødlinja og slå eit innlegg. I tillegg til å ta imot ballen heilt ute langs sidelinja, har også Fati fart nok til å utfordre inn bak motstandarforsvaret. Fati har allereie vist teikn til ganske god fotballintelligens, og gjer ofte gode støtteløp for å opne opp rom for resten av lagkameratane sine.

Spanjolen har framleis litt å gå på i pasningsspelet, der vektinga og presisjonen av pasningane kan jobbast med. Av og til kan han også gjere litt for mykje når han har moglegheita til å løyse situasjonen på enklare vis. I tillegg bør han bli litt meir robust for å halde forsvarsspelarar vekke i nærduellar, men mykje av det ordnar seg naturleg etter kvart som han blir eldre. Barcelona er ein klubb med mykje støy i for tida, og ein klubb som alltid har ekstremt høge forventingar til spelarane sine. Likevel har Fati klart å vise kva han er god for, og får han halde fram med å utvikle seg og få speletid, kjem Barcelona til å ha ei verdsstjerne i rekkene!

1. Eduardo Camavinga

Barcelona want Eduardo Camavinga? – The Football Saga
Bilde: Football Saga

Lag: Stade Rennais
Fødselsdato: 10.11.2002
Posisjon: Defensiv midtbane

1. plassen på denne lista går til ingen andre enn den 17 år gamle Rennes-spelaren Eduardo Camavinga. Den angolskfødde franskmannen fekk a-lagsdebuten sin som 16-åring for Rennes, og har denne sesongen tatt ekstremt store steg. I sesongens første heimekamp styrte han midtbana og var banens beste spelar mot serievinnar PSG, der han møtte stjerner som Marco Verratti, Marquinhos og Julian Draxler. PSG-midtbana klarte ikkje å få has på han, og såg seg nøydde til å felle han heile seks gongar i løpet av kampen, mest av alle på bana. I tillegg til å "bosse" midtbana med 41 pasningar og ein treffprosent på elleville 97,6 %, leverte Camavinga også ei målgivande pasning til den matchvinnande scoringa. Ei stjerne var fødd!

Camavinga har heldt fram med å levere etter PSG-kampen. Det som er mest oppsiktsvekkande med Rennes-ankeret, er at han har flest taklingar i Ligue 1 med 4,2 per kamp, noko som er ekstremt imponerande. Han er svært aggressiv i spelestilen, er utruleg kontant i taklingar og duellar, og lagar flest frispark i laget med 1,9 per kamp. I tillegg til alle taklingane, les han også spelet bra og står med 1,4 avskjeringar per kamp, noko som er godkjend. Desse tala tyder på ein intens "destroyer" på midtbana, og sjølv om Camavinga har forbetringspotensiale når det gjeld posisjonering på bana, viser han ekstremt lovande tendensar. Måten han har skjerma og "tatt unna" for Rennes-forsvaret denne sesongen, har vore eksepsjonell. Denne karen skyr ikkje unna ein duell trass i hans unge alder!

Rennes-spelaren er også sikker med ballen i beina. Han snittar på 39 pasningar per kamp, noko som ikkje er spesielt mykje, men han har ein solid treffprosent på 87,7 %. Camavinga er svært god til å slå langpasningar. Han står med 2,5 langpasningar per kamp og ein treffprosent på 77 %, noko som er svært presist. Den defensive midtbanespelaren er heller ikkje ubrukeleg framover på bana. 17-åringen står med 1 mål, som forresten var ei matchavgjerande scoring i det 89. minutt på bortebane mot storklubben Lyon, og 2 målgivande pasningar. Han har under 1 dribling, 1 skot og 1 nøkkelpasning per kamp, men skaffar faktisk mest frispark i laget (2,4 per kamp). Dei 0,8 driblingane han bidreg med har ein suksessprosent på 68 %, noko som er svært gode tal. Camavinga veit når han skal nytte seg av dribleferdigheitene sine.

Eduardo Camavinga har fått spele 2112 minutt i Ligue 1 denne sesongen, i ein alder av 17 år, noko som er ufatteleg god erfaring å ha med seg. Og han har heller ikkje gjort seg bort i det som mange reknar som Europas femte beste liga. Han har blitt kåra til banens beste tre gongar av nettsida WhoScored, og har vist ein imponerande stabilitet i prestasjonane, noko som er uvanleg for ein så ung spelar. Camavinga har vore ei svært viktig brikke i eit fantastisk Rennes-lag, som enda på ein 3. plass, ettersom sesongen vart avlyst. Det er ikkje rart at omtrent kvar einaste storklubb siklar etter franskmannen, men det vil vere lurt av Camavinga å ta nok eit år i Frankrike. Dersom neste sesong blir nogenlunde normal, vil han også få erfaring i Champions League for Rennes. Det er berre å følgje med på Camavinga i tida framover - her har vi ei framtidig superstjerne!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?